Elisabeth Maråk Støle er administrerande direktør i Norce. Ho bur i Ålesund, har hovudkontor i Bergen, men er mykje på farten. Foto: Njord V. Svendsen

Norce: 900 tilsette får same arbeidsgivar

Forskingsinstitutt. Frå og med i dag er forskingsgiganten Norce eit offisielt faktum. — Sintef er både ein viktig samarbeidspartnar og ein stor konkurrent, seier direktør Elisabeth Maråk Støle.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

900 tilsette langs kysten av Sør- og Vestlandet. Fem eksisterande selskap, med dotterselskap, som har vorte eitt: Dette er Norce. Sjølv skriv selskapet på nettsidene sine at dei er eit av Noregs største, uavhengige forskingsinstitutt, med ei årleg omsetjing på over ein milliard kroner, 500 vitskapelege publikasjonar i året og rundt 1500 prosjekt, skriv På Høyden.

Fakta

Norce

  • Selskapet vart stifta i juli 2017.
  • Agderforskning AS, Christian Michelsen Research AS, International Research Institutte of Stavanger AS (Iris), Teknova AS og Uni Research AS vert frå 1.10 formelt ein del av det nye selskapet
  • Dotterselskap er Gexcon, Polytec, Prototech, IRISforskningsinvest, Tecom
  • NORCE Norwegian Research Centre AS er selskapet sitt juridiske namn
  • Norce forskar innan felta energi, helse, klima, miljø, samfunn og teknologi
  • Eigarar er UiB (51 %), Stavanger Research Holding, Agder Research Holding AS, Stiftelsen Unifob

Kilde: Norce

Administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle har hovudkontor i Bergen, men har ikkje tenkt å vera der heile tida.

— Det er nye byar nesten kvar dag no, seier ho på telefon frå Stavanger.

— Det er viktig i den fasen me er i no.

Måndag var ho i Bergen, der skal selskapet tok eit offisielt avspark med bollar og brus.

Internasjonal konkurranse

Før heitte det Agderforskning, CMR, IRIS, Teknova og Uni Research. No vert dei tilsette eitt, og 1. oktober var det opningsarrangement på hovudkontoret i Nygårdsgaten. Men sjølv om det no vert eitt selskap, skal det vera kontor både i Kristiansand, Grimstad, Stavanger, Haugesund og Oslo i tillegg til i Bergen.

Det er enklare å få til avtalar og samarbeid med internasjonale aktørar når me er så store som me no vert.

Elisabeth Maråk Støle

Me kjem til å ville samlokalisera i byane, slik at det som var Teknova til dømes kan sitja saman med Agderforskning. Nokre har allereie flytta saman – Iris og Uni i Bergen, seier Maråk Støle.

Hovudkontoret vert altså i Bergen. Men Maråk Støle seier at det ikkje vert slik at alle administrative ressursar må vera i ein by.

— Me lever i ei digital verd, seier ho.

Kvifor må de vera så store?

— Konkurransen i vår sektor er global og internasjonal. Det er viktig at me som forskingsmiljø er med kundar og partnarar ut, og det er enklare å få til avtalar og samarbeid med internasjonale aktørar når me er så store som me no vert. Mykje grunnforsking er òg internasjonal og skal løysa globale utfordringar.

Det er oppdragsforsking som er det største området for Norce. Maråk Støle seier at selskapet jobbar med forsking og innovasjon innan mange fagområde og bransjar, og dei tilsette jobbar med å utvikla, og finna svaret på spørsmål nokon anten stiller seg eller burde ha stilt seg.

— Men i tillegg til oppdragsforsking har me ein del grunnforsking. Dette er noko me meiner me må gjera, òg for å sikra at me vert gode på internasjonal oppdragsforsking, seier Maråk Støle.

Samarbeid med BTO

På denne tida på året er det mange Norce-forskarar som sit djupt konsentrerte over ein eller fleire søknadar. Selskapet får nokre basismidlar frå Forskingsrådet via Kunnskapsdepartementet, men størstedelen av inntektene kjem frå eksterne kjelder.

— Dersom det er ein spisskompetanse våre tilsette har, så er det søknadsskriving. Dei jobbar saman i tverrfaglege team og lagar søknader, oftast saman med samfunnsaktørar, næringsliv eller offentleg sektor, som er så gode at dei skal kunne nå opp internasjonalt, seier Maråk Støle, og trekkjer fram prosjektstyring som eit anna felt ho meiner Norce peikar seg ut på.

I tillegg til forsking, jobbar det ferske selskapet mykje med innovasjon og utvikling, og nokre av dotterselskapa produserer både software og meir fysiske produkt.

— Me har halde på med kommersialisering i mange år, og kjem til å halda fram med det, både saman med partnarar og kundar, seier Maråk Støle.

Ho peikar på at samarbeid med BTO, Bergen teknologioverføring, òg vert viktig.

— Handlar samanslåinga om at de vil konkurrera med Sintef?

Sintef er både ein viktig samarbeidspartnar og ein stor konkurrent.

Elisabeth Maråk Støle

— Sintef er både ein viktig samarbeidspartnar og ein stor konkurrent. No vert me så store at me i større grad både kan meina noko i ulike samanhengar, og me kan påverka. Samstundes kan me no synleggjera sørvestlandet. Me er i sluttforhandlingar med Norut i Tromsø, og dersom det går i boks, vil me få fire universitet med på laget. Det er unikt, seier Maråk Støle.

Kritikk frå tilsette

Norce får i dag ei ny leiargruppe og vert delt i seks avdelingar. Dei ulike direktørane er tilsett, men mellomleiarane skal på plass etter nyttår. Mange av desse stillingane skal lysast ut internt.

Forskerforum skriv om tillitsvalte som fryktar dårlegare vilkår for tilsette, fordi dei ulike selskapa som no vert eitt har hatt ulike ordningar.

Korleis tek de vare på dei tilsette i ein samanslåingsprosess?

— Me har jobba tett med dei tillitsvalte, og hatt møte annakvar veke. Leiinga er opptekne av å ha mest mogleg like ordningar for alle tilsette. Det betyr at ein både må gi og ta. Men eg opplever at me er komne langt, no er det meste ferdigforhandla, seier Maråk Støle.

Ho seier at det er administrativt tilsette som kan oppleva dei største endringane i forhold til nye system, avdelingar og oppgåver.

— Men samanslåinga er ei stor endring for alle i Norce. Ein ny identitet, nye avdelingar på tvers av geografi og nye moglegheiter.

Symboleffekt

Privat bur Elisabeth Maråk Støle i Ålesund. Ho kom frå stillinga som direktør for Møreforskning AS, er utdanna økonom og har røynsle frå mellom anna Telenor og Jotun.

— Kva gler du deg mest til i Norce?

— Eg gler meg til at me ser at samarbeidet på tvers byrjar å fungera, når prosjekta blomstrar og ein ikkje lenger tenkjer over kor me er – me er alle Norce, seier Maråk Støle.

Og legg til:

— Det gler meg at mange tilsette ikkje har venta på ein felles logo, men allereie har starta felles prosjekt. Det er sjølvsagt ikkje logoen i seg sjølv som er viktig, men det er òg noko med den symboleffekten ein slik felles logo kan ha.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS