Styremøte
Nord universitet summerer opp året — og held Nesna varmt
Årsrapport og rekneskap ligg på bordet når Nord-styret møtes i Levanger.
Følg styremøtet ved Nord universitet direkte på Teams torsdag frå kl. 8.30.
Det er årsapport, rekneskap og årlege rapportar frå ulike instansar på universitetet styret har på bordet på sitt møte i mars. Blant dei er Klagenemdas, Studentombodets og Personvernombodets rapportar.
På dagsorden står også ei statusoppdatering om arbeidet med å reetablere barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanningane på Nesna. Nord universitet har fått innfridd sitt krav om 60 millionar kroner ekstra frå regjeringa for å dekke kostnader knytt til reetableringa. Pengane skal mellom anna dekke husleige, infrastruktur og personell.
I sakspapira til møtet i Levanger blir igjen innsatsen for å rekruttere studentar til Nesna understreka. Ei risikovurdering ved universitetet har tidlegare konkludert med at låg studentrekruttering er den største risikoen for Nesna-prosjektet.
Som følge av at Nord i 2022 lyser ut grunnskulelærerutdanning og barnehagelærerutdanning på Nesna er det sett i gang ein ekstra stor innsats på rekruttering i samarbeid med kommunar og regionråd på Helgeland, ifølge saksorienteringa til styret.