Nord har størst auke i ph.d.-studentar som gjennomfører på seks år
Raskast i klassen. Doktorgradsstudentane på Nord universitet er blant dei raskaste i landet og aukar gjennomføringstakten meir enn nokon andre.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Delen av doktorgradsstudentar som gjennomførte innan 6 år var på 78 prosent ved Nord universitet i 2019. Med det er dei blant dei flinkaste blant dei høgare utdanningsinstitusjonane i Noreg, målt etter gjennomføringstakten.
Det handlar om at dei kjem raskt i gang, og det handlar om rettleiing.
Reid Hole
Det er tal frå Norsk senter for forskingsdata (NSD) sin database DBH som viser dette.
I 2019 åleine har Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) den høgaste prosentdelen doktorgradsstudentar som gjennomfører innan seks år med 80 prosent.
Nord på topp
Sett over perioden 2011-2019 er det ingen andre universitet som matchar Nords stigande gjennomføringskurve på ph.d.-nivået (tal frå institusjonar som vart samla til Nord universitet i 2016 er tatt med): I perioden er der ein auka prosentdel som gjennomfører på seks år på 37.
Blant høgskulane, og alle institusjonar under eitt, har Norges musikkhøgskole ei endå større positiv endring i den same perioden med ein auka prosentdel på 67. Talet på doktorgradskandidatar er likevel for lågt til at det er statistisk samanliknbart med dei større universiteta og høgskulane.
I perioden frå 2011-2019 som Khrono har sett på har også NHH ein sterk auke i prosentdelen som gjennomfører på seks år, med nær 30 prosent. Deretter følgjer Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU). Også Handelshøyskolen BI kjem godt med ein auka prosentdel på 21 prosent – men her manglar tal frå 2011.
Treigare eldre
Blant dei store, eldre forskingsuniversiteta er utviklinga dei siste åra negativ: Universitetet i Oslo (- 6), Noregs arktiske universitet – UiT (- 4) og Universitetet i Bergen (- 2,5).
Ved alle tre gjennomførte drygt seks av ti doktorgraden innan seks år i 2019.
Unntaket er NTNU der prosentdelen har auka med 8 frå 2011 til 2019. I 2019 hadde 75 prosent gjennomført doktorgraden innan seks år, ifølgje NSDs tal.
Prorektor for forsking og utvikling ved Nord universitet, Reid Hole, seier det er to ting som har ført til at doktorgradsstudentane har fått fart på seg.
— Det handlar om at dei kjem raskt i gang, og det handlar om rettleiing, seier han.
Han seier Nord har fokusert på å få studentane ut av startblokka tidleg.
— Vi legg vekt på å arbeide med studentane med ein gong dei kjem inn, slik at dei raskt får godkjent prosjektet og kan starte løpet. I tillegg har universitetet over lengre tid tilbydd krus for rettleiarane knytt til ph.d.-programma, noko som har sikra god kvalitet i rettleiinga av ph.d.-kandidatane. Her har vi har samarbeidd med Universitetet i Agder. Dette har også vore eit viktig bidrag til at vi har fått opp gjennomføringstakten, særleg siste tre åra.
Nyeste artikler
Grande mener NTNU i for stor grad har tatt hensyn til politiske forventninger
Landet som visste for lite
MF og VID konkurrerer om å bli det første private universitetet i Norge
Hoel mener «sjokk-digitaliseringen» undergraver campusstudiene
Overambisiøse ledere må forstå mer av sektorens tradisjoner
Mest lest
Leder fikk grovt krenkende julekort i posten. — Ble oppfattet som truende
Forskeren ble sagt opp etter 20 år: — Universitetsverden er veldig forstokket
Hoel fikk spørsmål om kjønn på Stortinget. Svarte bare «nei»
Fikk bli med i prøveordning for unge forskere og ble professor etter fire år
Meiner rektorane bør slutte å sutre. — Problemet er innavl, nepotisme og svak styring