valg23

— Nokre prosessar i  akademia kan vere utmattande

— Det er ei tid for drøfting og debatt, og ei tid for å skjere gjennom og konkludere, seier universitetslektor Unni Synnøve Fuglestad (V). 

Unni Fuglestad stiller til val for Venstre
Unni Fuglestad er universitetslektor og Venstre-politikar.
Publisert Sist oppdatert

— Kvifor valde du å engasjere deg partipolitisk?

FAKTA

Valintervjuet

  • Før kommune- og fylkestingsvalet 11. september intervjuar vi folk med tilknyting til akademia om det politiske engasjementet deira og kvifor dei stiller til val.
  • I dag: Universitetslektor Unni Synnøve  Fuglestad ved Universitetet i Stavanger. 
  • Fuglestad er andrekandidat til fylkestingsvalet i Rogaland for Venstre.

— Eg trur det enkle svaret her er rett og slett at eg kjenner meg veldig heime i Venstre sin liberale ideologi, eg ønsker at Venstre skal få meir gjennomslag både lokalt og nasjonalt, og då kan eg ikkje berre sitje stille og håpe nokon andre gjer jobben for meg. Fridom til den enkelte og ansvar for fellesskapen, internasjonalt samarbeid, å stanse klimaendringane og ta vare på naturen, dette er verdiar eg har hatt med meg gjennom livet, og som gjer det meiningsfullt å bruke fritida si på politikk. 

— Kva for akademisk sak brenn du for?

— I mitt politiske virke har eg nok vore mest oppteken av grunnskule og vidaregåande opplæring, men eg kjenner at eg vart mektig provosert av innføringa av studieavgift for utanlandske studentar. At Ap/Sp-regjeringa valde å bryte Hurdalsplattforma på dette punktet var i utgangspunktet sjokkerande, og at dei i tillegg faktisk fekk med seg SV på vedtaket synest eg var oppsiktsvekkande. Å forlate prinsippet om at høgare utdanning skal vere gratis og tilgjengeleg for alle, er nok det som har fått opp pulsen min mest det siste året, når det kjem til vår sektor. Det er berre så usosialt og feil.

— Kva for utdanningspolitiske saker bør vere eit tema i lokalpolitikken?

— Å leggje best mogleg til rette for studentar er også eit lokalpolitisk ansvar. Det handlar både om å sikre areal til fleire studentbustadar, om tilgang på helsehjelp, god og billeg kollektivtilbod og ikkje minst at det skal finnast attraktive studenttilbod og sosiale møteplassar.

— Kva for parti har den beste utdannings- og forskingspolitikken? Kvifor?

— Der er sjølvsagt svaret mitt Venstre. Partiet mitt har ein grunnleggjande respekt for kunnskap og fri forsking, og arbeider for størst mogleg fridom og autonomi til forskarar og utdanningsinstitusjonane. Eg meiner at nasjonale politikarar først og fremst bør sikre gode økonomiske rammevilkår for sektoren, og elles halde seg på ein armlengds avstand. Ein god utdanningspolitikk må også vere oppteken av vilkåra for studentane, og der trengst det fortsett meir innsats i åra som kjem. Venstre har ein tydeleg og ambisiøs politikk for både forsking, utdanning og studentar.

— Er det ei sak du er ueinig med partiet ditt om?

— Eg kjem ikkje på nokre store og viktige saker der eg er på kollisjonskurs med eige parti nasjonalt. Og som lokalpolitikar får ein jo vere tett på politikkutforminga når det skal lagast lokale valprogram, så eg står definitivt inne for politikken me går til val på i min eigen kommune og i Rogaland fylke.

— Kva likar du best ved å vera politisk aktiv?

— Eg får innsikt i og lærer masse om andre problemstillingar enn dei eg arbeider med til dagleg, og det synest eg er enormt interessant og meiningsfullt. Som medlem av regional, kultur- og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune har eg fått engasjert meg i viktige saker eg brenn for, som gode vilkår for kulturlivet og frivilligheita, klima og miljøspørsmål og å leggje til rette for grøn omstilling av næringslivet. Og så får eg møte ei rekkje dyktige og engasjerte menneske som minner meg om at det er mange viktige oppgåver som skal løysast i samfunnet vårt.

— Snakkar du som ein politikar eller akademikar når du møter veljarane?

— Målet mitt er eigentleg å unngå begge delar. Både politikken og akademia kan vere full av forkortingar, fagterminologi og passivkonstruksjonar som kan skape avstand til mottakaren. Men det er fort gjort å gløyme seg av, og når eg høyrer meg sjølv rote meg inn i lange, upresise resonnement med standard «politikarsvar» kan eg bli irritert på meg sjølv. Eg har tidlegare arbeidd som lærar i ungdomsskule, og det er truleg den erfaringa eg har mest nytte av når det kjem til bruk av klart språk. Og så skriv eg alle innlegga mine på nynorsk, det bidreg også til meir presis, direkte og aktiv språkføring.

— Kva er forskjellen på akademikar- og politikarspråk?

— I politikken må du ofte gå rett på konklusjonen, medan det i akademia gjerne er prosessen og vegen fram mot eit svar ein bruker mest tid på å greie ut. Når ein skal framføre ein bodskap innafor ei tidsramme på eit minutt eller to er det lite rom til nyansar og dilemma. At rammene ofte gjer at me framstår som meir skråsikre og bombastiske enn me kanskje er synest eg er synd, eg skulle gjerne sett at det var rom for å signalisere større grad av usikkerheit i politikken. Der kan politikken gjerne lære frå akademia, at det sjeldan er rett fram og to strekar under svaret.

— Kva kan akademia lære av politikken?

— At det er ei tid for drøfting og debatt og ei tid for å skjere gjennom og konkludere, kanskje? Nokre interne prosessar i universitets- og høgskulesektoren kan av og til vere nokså utmattande langdryge, og då kan eg kjenne på utolmodet og tenke «kan me ikkje berre fatte eit vedtak nå og gå vidare»?

Powered by Labrador CMS