korona

No vert det likevel kappe og feiring i Bergen

Universitetet i Bergen snur, og arrangerer likevel fysisk doktorpromosjon i haust.

Slik plar det sjå ut i aulaen når det er doktorpromosjon. No vert det ikkje publikum, men dei som nyleg har disputert kjem inn i kappe og vert gjort stas på.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Bergen hadde bestemt seg for at ein ikkje kunne ha doktorpromosjon i universitetet sin aula denne hausten. I staden vart dei som disputerte i vår invitert til å sjå ei digital sending som skulle heidra dei.

Dette reagerte Ragnhild Iveranna Hogstad Jordahl på.

— Eg synest ikkje dette reflekterer kor stort det er å ha oppnådd ei doktorgrad, sa ho til Khrono tidleg i august.

No har UiB snudd. Det vert to promosjonar i aulaen, med alle dei nydisputerte som ønskjer det. Det vert ei mottaking etterpå, men dei kan ikkje ha med seg gjester. Sendinga vil verta overført digitalt, slik at familie og venner kan ta del heimefrå.

To seremoniar

— Me har fått fleire tilbakemeldingar om at dette var veldig leitt. Eg veit at promosjon betyr mykje. Samstundes er me i ein krevjande situasjon, som ikkje har vorte mindre krevjande, seier rektor Dag Rune Olsen.

Det vert to promosjonar, fordelt over to ulike dagar. Universitetsleiinga og dekanar kjem til å vera med, og musikarar kjem til å spela, som under ein vanleg promosjon. Men det vil altså ikkje vera publikum i salen.

— Me håpar det vert ei hyggeleg oppleving, seier Olsen, og viser til at UiB har rutinar for arrangement i aulaen. Mellom anna var det publikum i salen under semesteropningssendinga.

— Då Khrono snakka med deg om den digitale promosjonen, sa du at du var usikker på om det var eit godt vedtak. Det var altså ikkje det?

Ragnhild Iveranna Hogstad Jordahl tok doktorgrad i filosofi i vår.

— Nei, det var ikkje det. Men framleis er det smittevern som er i fokus, og det er nokre ting me må løysa. Eg kjem ikkje til å stå med kappe og blå plasthanskar for å kunne dela ut diplom.

— God avgjerdsle

Ragnhild Iveranna Hogstad Jordahl er glad for at det vert ein fysisk seremoni.

— Heilt topp, skriv ho i ein epost til Khrono, og utdjupar:

— Sett i forhold til omstenda synest eg denne avgjerdsla er god, og godt balansert mellom smittevernomsyn og at det likevel synest å verta ein verdig og fin seremoni.

Tal frå UiB viser at det er 133 personar som disputerte i vår. 49 av dei har ein annan nasjonalitet enn norsk. Det var flest kandidatar frå Det medisinske fakultetet, som hadde 65.

Powered by Labrador CMS