etter- og vidareutdanning

No kan det kosta mykje å ta etter- og vidareutdanning

Både universitet og høgskular er positive til at dei i større grad enn i dag vil kunne ta betalt for etter- og vidareutdanning. Men dei er negative til at ordninga berre skal gjelda studentar med minst to års røynsle frå arbeidslivet.

Ferske og røynde studentar skal kunne samlast til førelesing dersom utdanningsinstitusjonane får bruka same innhald til både ordinær undervisning og til etter- og vidareutdanning. Biletet er frå OsloMet - frå før pandemien.

Den såkalla eigenbetalingsforskrifta har vore på høyring. Essensen der er at dei offentlege utdanningsinstitusjonane kan ta betalt for etter- og vidareutdanning i langt større grad enn i dag.

I dag kostar nokre eksisterande etter- og vidareutdanningstilbod opp til 26.000 kroner i kursutgifter ved OsloMet, 23.200 ved Høgskolen i Østfold og 17.000 ved Universitetet i Bergen.

I framtida kan fleire måtte betala for denne typen utdanning.

I forslaget frå Kunnskapsdepartementet, som nyleg har vore ute på høyring, heiter det at statlege universitet og høgskular skal kunne ta betalt for vidareutdanningstilbod som gir studiepoeng for personar som har minst to års røynsle frå arbeidslivet.

I dag er regelen at institusjonane berre kan ta betalt for kurs, for fag og emne som ikkje normalt er ein del av studieprogram som fører fram til grad eller yrkesutdanning eller for masterstudium som er basert på arbeidsrøynsle. Ein kan òg ta betalt for at studentar fyller opp plassar på studieprogram, fag eller emne som er oppdragsfinansierte.

Private høgskular kan sjølvsagt ta betalt for sine tilbod allereie i dag. Norges Handelshøyskole (NHH) har òg ein stor del med kurs retta mot etter- og vidareutdanning. Desse er organisert i ei eiga eining; NHH Executive.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Kan måtte betala alt

Attendemeldingane frå institusjonane er at dei synest det er fornuftig med ei endring. Kva som er best av dei tre betalingsalternativa; at institusjonane sjølve bestemmer kor stor del av betalinga deltakarane sjølve må stå føre, om det skal vera 25 prosent eigenbetaling eller om deltakarane sjølve må betala alt, er dei ikkje heilt samde om.

Høgskolen i Innlandet skriv at dei konkluderer med at alternativ tre er det beste.

— Det etablerer eit klart skilje mellom gratistilbod og eigenbetalingstilbod. Det er dette alternativet som i størst grad skjermar gratistilboda og sikrar lik praksis i sektoren, skriv høgskulen.

Også fleire andre meiner alternativ tre er det beste, som Universitetet i Søraust-Noreg og Universitetet i Stavanger.

Universitetet i Agder meiner ein må få på plass ein metode som viser kva kostnadane ved eit kurs faktisk er.

— Anten kan ein bruka satsane i det nasjonale finanseringssystement med kategoriane A-F, eller ein kan bruka institusjonane sine eigne malar for å rekna ut kostnadane.

Fleksibilitet

I pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet i april, vart det lagt vekt på at utdanningsinstitusjonane skal få moglegheit til å bruka ein del av innhaldet frå ordinær undervisning òg til etter- og vidareutdanningstilbod.

— Me ønskjer innspel på korleis me kan gjera dette på best måte. På den eine sida må me gjera utdanning meir tilgjengeleg og fleksibel òg for arbeidstakaren, samstundes som me tek vare på dei ordinære studieløpa, skreiv forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i pressemeldinga.

Vidare sa han at det for mange arbeidstakarar kan vera interessant å ta eit emne innanfor ei bachelorgrad.

— I staden for at institusjonane då må utvikla heilt nye undervisningsopplegg, penusmlister og oppgåver, skal dei kunne bruka det dei allereie har i dei ordinære utdanningane, men tilpassa det slik at det kan verta teke i samband med jobb.

Positive til gjenbruk, men...

Institusjonane er samde om at gjenbruk er ein god idé. Å ha ulike studentgrupper saman, kan òg vera svært postivt, peikar nokre på.

— Dei unge studentane kan dra nytte av den arbeidserfaringa eldre medstudentar har, medan dei meir røynde studentane vil ha nytte av og verta utfordra av yngre medstudentar, som kan ha nyare perspektiv, skriv NTNU.

Det er likevel eit «men» her, understrekar Noregs største universitet: Studentar som tek ordinær høgare utdanning og studentar som tek etter- eller vidareutdanning er ikkje like studentgrupper.

— Krav om at innhaldet i tilbodet er særleg utvikla for personar med røynsle frå arbeidslivet vil betyr at felles aktivitet eller gjenbruk av det ordinære tilbodet er avgrensa, heiter det.

Vidare skriv NTNU at studentgruppa som deltek på erfaringsbarserte tilbod vil vera meir heterogen og krevja meir individuell rettleiing. Der faglærar i ordinære tilbod må bruka ein stor del av tida på å utvikla case som er felles for studentane, vil ein for dei som tek etter- og vidareutdanning måtte bruka meir tid på setja seg inn i studentane sine individuelle saker.

Meiner krav om røynsle bør fjernast

I forslaget frå regjeringa heiter det at dei som skal betala for etter- og vidareutdanningstilbod må ha minst to års røynsle frå arbeidslivet. I tillegg er det krav om at betalingstilboda skal vera anten praktisk tilrettelagt for personar i arbeid eller ha eit innhald som er utvikla for studentar med arbeidserfaring.

Svært mange av universiteta og høgskulane peikar på at det er problematisk å setja eit absolutt krav om røynsle frå arbeidslivet.

— Høgskulen meiner at opptakskrava som utdanningsinstitusjonane sjølv har til sine studium vil avgjera kva grupper som får opptak. Dersom innhaldet i eit studietilbod er basert på at studentene må ha relevant arbeidserfaring for å kunne vera i stand til å gjennomføra studiet, vil opptakskrava verta sett i tråd med dette, skriv Høgskolen i Østfold.

— Krav om arbeidserfaring vil kunne ekskludera søkjarar som til dømes nyutdanna som ikkje får jobb, eller som har deltidjobb. Det vil òg vera unødig tidsbruk å handsama toårskrav til arbeidserfaring der dette ikkje er eit fagleg krav, skriv Høgskulen på Vestlandet.

— Dei fleste nyutdanna startar i ein jobb der utdanninga deira ikkje passar hundre prosent med arbeidet som skal verta utført. Kanskje ønskjer arbeidsgivar å betala for vidareutdanningskurs, slik at dei nytilsette får ønska kompetansepåfyll, skriv Noregs miljø- og biovitskapelege universitet.

Powered by Labrador CMS