Kunstig intelligens
No blir KI-milliarden lyst ut
Forsknings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel oppmodar til samarbeid.

Forskningsrådet lyser ut inntil 850 millioner kroner til fire til seks KI-senter. Kvart senter vil kunne få mellom 75 og 200 millionar kroner.
I første omgang skal søkjarane sende inn ei skisse, og deretter kjem det ei hovudutlysing med planlagd søknadsfrist i januar 2025.
Statsråd Oddmund Hoel oppmodar til samarbeid mellom akademia, næringsliv og offentleg sektor.
Berre godkjende, norske forskingsorganisasjonar i forpliktande samarbeid med partnarar frå andre forskingsorganisasjonar, næringsliv og/eller offentleg sektor kan søkje.
– Skal vi bruke teknologien til noko positivt og handtere dei uheldige konsekvensane klokt, då treng vi samarbeid mellom akademia, næringsliv og det offentlege. Det gleder meg at Forskingsrådet no lyser ut KI-milliarden, seier Hoel i ei pressemelding.
– Det er ikkje tvil om at kunstig intelligens skaper både store moglegheiter og utfordringar. Eg er opptatt av at vi må bli meir konkrete når vi snakkar om KI. Kva betyr det til dømes for helse og samferdsel? Vi må få det ned på jorda, og med dei nye sentera som vi no lyser ut skal vi både utvikle ny kunnskap og ta han i bruk, held statsråden fram.
KI-sentera får ei ramme på 850 millionar kroner. Resten av KI-milliarden skal brukast til mellom anna forskarskular, internasjonalt samarbeid og koordinering for å støtte opp om og knyte saman sentera, opplyser Kunnskapsdepartementet.
Obligatorisk skisse
Det er Forskingsrådet som skal ta stilling til kven som får tilslag og blir dei fire-seks offisielle norske KI-sentera.
Det blir lagt opp til ein omfattande søknadsprosess: 9. april inviterer Forskingsrådet til eit informasjonsmøte om utlysinga, og seinare i april skal det etablerast møteplassar for aktuelle partnarar i KI-sentra.
I første omgang må søkjarane lage ei skisse, og fristen for å sende inn denne er 7. juni. Etter det lovar Forskingsrådet å gi tilbakemelding så snart som mogleg og seinast i midten av august.
Oppstart i august 2025
Hovudutlysinga har frist 15. januar neste år.
Først i juni 2025 kan søkjarane vente svar på søknaden. Sentera vil kunne starte opp mellom august og desember 2025. Dei skal halde på i minst fem år.
– Sentera skal flytte forskingsfronten innanfor KI og bygge KI-kapasitet i forskings- og innovasjonssystemet. Samla skal sentera sette eit stort fotavtrykk for norsk KI-forsking ved å ta tak i problemstillingar som krev ei tverrfagleg tilnærming og som koplar forsking på samfunnskonsekvensar, teknologiutvikling og innovasjon, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.
Nyeste artikler
Det han såg som lektor vart utgangspunkt for doktorgraden
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Ny studie: Gollum lever — i akademia
Trump fjerner Harvards skattefritak. — De fortjener det
Aanund Hylland (1949—2025)
Mest lest
Fransk kjendisfilosof om Trumps utdanningspolitikk: — Rent ut latterlig
Mener Langeland bør få jobbe i akademia. — Han fortjener en ny sjanse
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Medisin, sykepleie og juss blant de mest populære
Etikkutvalg: «Stipendiaten er berettiget en unnskyldning fra veileder»