Kortnytt

Ni nye smitta ved UiB

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tal frå Universitetet i Bergen syner at det tysdag vart meldt om ni nye studentar som har testa positivt for korona, skriv Bergens Tidende.

Ifylgje bedriftslegen handlar det om eit etterslep i prøvesvara frå helga. Han seier også til avisa at dei smitta er spreidde på ulike fakultet.

Totalt er no 38 studentar ved universitetet smitta.

(Ragnhild Bjørge / Khrono)

Powered by Labrador CMS