Olav og Ola reddar det som reddast kan og bør, før det siste instituttbiblioteket på UiB blir tømt for alltid. Her flankerer dei eit uttrykksfullt funn i gips, meteorologiens far, Vilhelm Bjerknes. Foto: Tor Farstad

Når universite­tet pussar opp, står sjølve historia på spel.

Fotografi, forskingsdata, brev, bøker og gjenstandar: Historia om universitetet ligg gøymt på morkne loft og i mørke kjellarar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Duren frå ei varmepumpe. Temperaturen er 29 grader Celsius.

— Altfor varmt, konstaterer Ola Søndenå.

Han kan kle seg etter forholda, men det er verre med papiret. Bøkene, artiklane, tidsskrifta står tett i tett i tusental. Isforholdene ved de norske indsjøer, 1901. Scwedischen Südpolar-expedition, 1901-1903. Oscillations of Shorelines, 1905. Så lenge har dei stått her at ingen lenger forstår systemet, arkivnøklane er utdaterte.

Vi sleit med å finne nøklane.

Ola Søndenå

— Vi sleit med å finne nøklane til døra også, fortel Søndenå. Men no står han her, saman med kollega Olav Aas, i eit trongt rom i ein sjeldan besøkt universitetskjellar.

Søndenå arbeider ved Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket og har i årevis stått sentralt i arbeidet med å sikre faghistorisk materiale. Aas, eigentleg botanikar med doktorgrad på sopp, arbeider 60 prosent med faghistorie. Han står på terskelen til pensjon, men håper det blir plass til ein frilansar, det verkar ikkje til å vere mangel på arbeidsoppgåver.

Korleis vart vêret? Ola Søndenå med bunke på bunke med gamle vêrobservasjonar. Søndenå har arbeidd med faghistora på universitetet i 15 år. Foto: Tor Farstad.

Dei to er ein slags universitetets «ghostbusters». Når nokon har verdiar dei vil gi frå seg, når noko skal rivast, ryddast eller byggast om, er dei klare til å rykke ut for å redde det som reddast kan. Så lenge nokon hugsar å tilkalle dei, så lenge det er tid, før entreprenørane tar over.

Den hemmelege skandalen

Det var ein halv katastrofe som i si tid fekk universitetet til å tenke alvorleg på korleis det eigentleg tok vare på si eiga fortid.

Fakta

UiBs historie

Universitetet i Bergen (UiB) vart vedtatt oppretta i 1946 og offisielt opna i 1948.

Forløparen til universitetet, Bergen Museum, vart stifta i 1825. Fridtjof Nansen tok i 1888 doktorgraden her.

Geofysisk institutt vart stifta i 1917 med havforskaren Bjørn Helland-Hansen (1877-1957) i spissen. Instituttet var basen til Vilhelm Bjerknes (1862-1951), som blir rekna som grunnleggaren av moderne vêrvarsling.

Bergen museum vart seinare opphavet til fleire andre spesialiserte museum i Bergen, men det finst enno ikkje noko eige museum for UiBs eiga faglege historie.

Faghistorisk materiale er for eksempel professorarkiv, prosjektmateriale, korrespondansearkiv, manuskript, bildesamlingar, lydopptak, teikningar, utstyr og gjenstandar. Faghistorisk materiale er viktig for å dokumentere både forskinga og institusjonen si historie.

Den berømte grunnleggaren av «bergensskolen» og moderne meteorologi, fleire gonger nominert til Nobelprisen i fysikk, Vilhelm Bjerknes, etterlet seg ikkje så reint lite materiale. Ein del av det hadde naturlegvis stor vitskapeleg og etter kvart historisk verdi. Det skulle ha vore sirleg sortert, plassert, arkivert og gjerne stilt ut for publikum å sjå.

I staden vart store delar av det liggande i eit ulåst, vått og trekkfult skur på Marineholmen.

I 1976 kom Ralph Jewell, den gong ung universitetslektor ved UiB, over materialet. Det var i dårleg forfatning, men det som kunne bergast vart berga. Før Bergens Tidende fortalte om den nær tapte skatten for ti år sidan, kjente svært få til historia. Den hemmelege skandalen førte til den første kartlegginga av faghistorisk materiale på universitetet.

Deretter gjekk det nesten 20 år til neste gong universitetsleiinga sette av ressursar til å kartlegge sine eigne faghistoriske verdiar. Ola Søndenå fekk jobben.

Hansen og Nansen

«Fjernmagasin bibliotek» står det på den solide ståldøra. I utkantane, på loft og i kjellarar, ligg spora, spora som ikkje er hamna på museum, eller gått tapt. På innsida av ståldøra har nokon ein eller annan gong skribla ei påminning om å hugse å skru av gassen.

Geofysisk institutt, UiBs eldste, skal byggast om. Ola og Olav har eit par veker på seg til å rydde og sortere for harde livet.

Atmosfæredata/vodka på Geofysens loft. Foto: Tor Farstad

— Dette er det siste instituttbiblioteket på universitetet. Det burde nesten blitt tatt vare på berre av den grunn. Men plass til slike arkiv blir ikkje prioritert. Mesteparten hamnar i ein container, seier Søndenå.

I det staselege bygget på Nygårdshøyden held meteorologar, oseanografar og klimaforskarar til. Bygget er saman med Bergen Museum det historiske hjartet til Universitetet i Bergen (UiB): Hovudfløyen vart oppført i 1928, men instituttet oppstod alt i 1917 etter initiativ frå professor Bjørn Helland-Hansen, ein av pådrivarane for opprettinga av eit universitet i Bergen, som vart realisert i 1946. Vilhelm Bjerknes var blant dei som hadde basen sin her.

Ein del av materialet er alt sikra i parallelle eksemplar i Spesialsamlingane. Ein del kjem Søndenå og Aas til å pakke i pappkasser og få sendt til eit annan og meir forsvarleg lagringsplass. Dei aller mest eksklusive funna kan når fram til utstillingar og publikum. Kassene er tusja på stikkord for å lette lossinga og utpakkinga. «Dagbog», står det på ei. «Armauer H.», på ein anna.

Mesteparten hamnar i ein container.

Ola Søndenå

Bøker og mapper med handskrivne dedikasjonar på, som «Til B. Helland-Hansen frå Fridtjof Nansen», blir tatt vare på.

Resten og mesteparten hamnar i ein container og går ut av tida og dei aller fjernaste lager.

I naborommet slår varmepumpa seg på, sender luftstraumar oppover i etasjane.

— Det er i det minste tørt her, seier Søndenå, minst like tørt.

I andre enden, på loftet, er situasjonen ein annan.

«Tilfeldig og lite tilfredsstillende»

Då Søndenå starta arbeidet i 2004 fann han ut at mykje av det eldste arkivmaterialet som vart registrert i 1976 hadde blitt liggande på institutta. Noko hadde blitt avlevert til arkiv, og noko var kassert eller tapt. Nok ein gong var det varselet om ein uforsvarleg arkivsituasjon som skulle til for å utløyse handling. I 2008 vart Søndenå og dåverande bibliotekdirektør Kari Garnes engasjert til eit kartleggingsarbeid som munna ut i ein omfattande rapport året etter.

I utkanten av ein kjellar på Geofysisk institutt finst eit rom fylt med faghistorie. Olav Aas tar vare på dei mange publikasjonane med signaturar og dedikasjonar, denne frå Fridtjof Nansen til Bjørn Helland-Hansen. Foto: Tor Farstad

Rapporten teikna eit bilde av ein institusjon som i liten grad interesserte seg for si eiga historie.

Med få unntak var mangelen på system påfallande, både for bevaring av forskingsmateriale, forskararkiv, fotografi og gjenstandar av historisk verdi. «Tilfeldig og lite tilfredsstillende», «ingen retningslinjer eller ordninger», var konklusjonar som gjekk igjen.

Flytting og omorganiseringar vart trekt fram som typiske situasjonar der materiale gjerne gjekk tapt.

Samstundes gjorde kartlegginga at viktig materiale, både av historisk og vitskapeleg verdi, vart bevart. Botanikaren Knut Fægris enorme samling som strekte seg over 75 år – han begynte på Bergen Museum som 17-åring – er for eksempel tilgjengeleg i UiBs digitale arkiv marcus.no. Statsgeolog John B. Rekstads målingar av isbrear på Vestlandet frå tidleg 1900-tal er gjort tilgjengeleg for dagens klimaforskarar.

Denne gongen førte prosjektet også til noko meir permanent. Sidan 2009 har Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket hatt i oppgåve å ta i mot, systematisere og bevare verdifullt materiale. Det er berre å ringe. Så kjem dei, Ola og Olav, «Ghostbusters».

— Eit funn!

— Dette er eit funn, ein verkeleg godbit!

Medan kjellaren er tett og tørr, er loftet på Geofysen ein smule trekkfullt og fuktig. Malinga flassar av veggene, rustne og sprokne røyr heng på halv åtte. I taket er flekkar og sår etter gamle lekkasjar. Her er temperaturen meir papirvennleg, i alle fall på denne årstida. Men det vil vere ei overdriving å seie at det liknar på eit arkiv, eller fjernlager for den del.

Haugar med gamle forskingsdata mellom rusta røyr og smuldrande tak og vegger. Noko er ubrukeleg og verdilaust - men innimellom kan det ligge gull som kan ha både faghistorisk verdi og vere viktig for vitskapen i dag. Foto: Tor Farstad

Søndenå står og blar i støvete mapper med historiske vêrkart, årgang etter årgang, frå den nordlege hemisfære, då Aas kjem inn frå naborommet med litt ville auge. I ein skuff i eit ståltungt arkivskap frå Garmann Garmann Clausen Aktieselskap har han funne ei spesiell «dagbog»: loggen frå det første forskingsskipet til universitetet, ja, frå før universitetet var universitet.

Dette er eit funn, ein verkeleg godbit!

Olav Aas

I 1913 drog motorgaleasen «Armauer Hansen» på sitt aller første tokt langs norskekysten og vidare ut i Atlanterhavet. Om bord var mellom andre Fridtjof Nansen. Dagboka, funnet som gjer den gamle botanikaren litt vill i blikket, er ei ny og unik kjelde til historia om dette toktet, og andre turar heilt fram til 1920. Kanskje kan det også finnast informasjon her som er interessant for dagens forskarar.

Dei blir ståande ei stund å bla fascinert med dei kvite hanskane under hovudlyktene sine.

— Ein verkeleg godbit, gjentek Aas. – Kanskje eg kan få halde fram etter eg blir pensjonist no.

Syklondata og heimebrygg

Loftet ser ut til å ha vore styrt etter prinsippet kvar mann si tilfeldige bod, eventuelt kott eller roterom. Her står rustne arkivskap stappa med atmosfæreobservasjonar. Bunkar med fotografi frå konferansar før krigen. Dekksdagbøker. Rustne skap stappa med forskingsmateriale. Smalfilm. Syklondata. Heimebrygg. Feltnotatar frå tjuetalet. Regnemaskiner frå femtitalet. Kart. Negativar. Tjuvgods frå Theatercafeen og holkort frå IBM.

Olav Aas fann den første dagboka frå det første forskingsskipet i ein skuff på loftet. Foto: Tor Farstad

Ikkje alt er noko å samle på, men gøymt i rotet ligg oppdagingane og venter, som dagboka frå «Armauer Hansen».

— Det er litt spesiell denne jobben her, det er jo det eldste instituttet, seier Søndenå. Også i 2011 vart det rydda her, det gav stoff til ikkje mindre enn to jubileumsbøker. Men sidan den tid har loftet fått påfyll av mykje meir arkivmateriale, foto og film av eldre og nyare dato.

I redningsaksjonen på Geofysisk er også utsendingar frå Dokumentsenteret med. Dokumentsenteret har ansvaret for saksarkivet ved universitetet. På loftet på Geofysen er det ikkje så reint lite sakspapir som skal sorterast. Eit lite fjell av pappkasser held på å bygge seg opp. Skilja mellom saksarkiv og andre arkiv var ikkje så skarpt i tidlegare tider. Det kan derfor ligge mange skattar saksmappene.

Det er jo ikkje berre UiBs arv som ligg her, det er også nasjonens.

Monica Amundsen

Dokumentsenteret er også med på ryddejobben. Monica Amundsen (t.v.) og Jane Hauso. Foto: Tor Farstad

– Det er jo ikkje berre UiBs arv som ligg her, det er også nasjonens. Mykje av det vi har henta ut skulle ha vore levert til Riksarkivet for lenge sidan, seier Monica Amundsen, som er utsendt frå Dokument-senteret.

— Bortskjemt med eldsjeler

Det kjem ikkje til å minke på oppdrag for spesialsamlarane. Oppussing er eit evig prosjekt. Kontorveggar skal bankast ned, opne landskap byggast ut. På ei lang liste av store og små planar har eigedomsavdelinga, i tillegg til Geofysisk institutt, notert opp Stein Rokkans hus (gamle BT-bygget). Her skal alt ut, og etter at 300 millionar kroner er investert, skal nesten heile administrasjonen ved universitetet inn.

Folk flyttar ut, folk flyttar inn, folk døyr.

Dokumentsenteret er også med på ryddejobben. Monica Amundsen (t.v.) og Jane Hauso. Foto: Tor Farstad

Universitetet har gått gjennom eit generasjonsskifte siste ti åra, og dette er ikkje slutt. Men sjeldnare enn før går verdiar etter forskarane tapt fordi fleire har høyrt om det Ola og Olav driv med. Rekke over alt kan dei likevel ikkje, og fortsatt manglar eit overordna, koordinert system for å ta vare på kunnskapshistoria.

— UiB er bortskjemt med rivande dyktige eldsjeler som har tatt vare på mykje. Utan dei hadde universitetet mista mykje av si eiga historie, seier Magnus Vollset, forskar ved UiB og ekspert på vitskapshistorie og helse- og medisinsk historie.

UiB har Universitetsmuseet, men manglar eit museum om seg sjølv. Både Universitetet i Oslo og NTNU har oppretta eigne museum for universitets- og vitskapshistorie. Vollset, som mellom anna har skrive bok om meteorologiens historie, skulle gjerne sett noko liknande i Noreg. I ein kjellar på Haukeland Universitetssjukehus, for eksempel, står gjenstandar nok til eit medisinsk museum i seg sjølv.

Livsverk på loftet? Eit gammalt skrivebord med like gammalt forskingsmateriale stabla på har ein gong blitt bore litt nærare himmelen. Foto: Tor Farstad

— Kanskje er det blitt ei sovepute, at eldsjelene tar jobben. Det er eit klart behov for å samle trådane og i ei eller anna form institusjonalisere arbeidet med å ta vare på forskingshistorisk materiale, seier Vollset.

Tilbodet om innlevering av faghistorisk materiale som vart etablert etter den faghistoriske kartlegginga og rapporten i 2009 er langt på veg ein suksess. Pensjonerte professorar og institutt ringer inn. «Ghostbusters» rykker ut, samlar inn, systematiserer og digitaliserer. Bit for bit blir universitetet si historie, og dermed ein bit av Noreg si historie, meir komplett.

På sett og vis kan renovasjon og oppussing nokon gonger vere redninga. Der det før fullstendig mangla rutinar og alt var opp til eventuelle eldsjeler, blir ekspertisen tilkalla og kjellar og loft sondert.

Bjerknes på boks

Ola Søndenå har gjort eit hopp der inne på fjernlageret. Innimellom alt papiret låg ei kasse. «Ilgods», står det på kassa, frå Johs. Tvedt i Pilestredet. Under lokket låg han, i stort format, sjølvaste Wilhelm Bjerknes. Rett nok i gips, men livaktig nok.

Kanskje er det blitt ei sovepute, at eldsjelene tar jobben.

Magnis Vollset

Olav Aas er eigentleg botanikar, men ivrig faghistorikar på si. Her studererer han ei vassprøve frå eit hav frå ei tid knapt nokon levande har opplevd. Foto: Tor Farstad.

Dei har eit par veker på seg til å gå gjennom dei siste hundre åra. Når loftet er tømt, må kjellaren fullførast. Dei har berre så vidt begynt på biblioteklageret med den altfor høge temperaturen. Men kva med utstyrslageret? På andre sida av gangen, i rom K18, skal det finnast saker og ting. Litt overraska finn dei ut at nøkkelen passar, døra går opp.

— Oj, seier Søndenå, og det har samanheng med ei sterk fotointeresse.

Han plukkar fram ei upletta bruksrettleiing, «Anleitung zur Farbenfotographie mit Autochrom Platten», står det. Autokrom var den første metoden for fargefotografi som kom i bruk frå 1907.

— Tenk å kunne lage ei utstillinga av dette ein gong, seier Søndenå.

Han snur seg, og oppdagar eit lytefritt, nesten ubrukt kamera av merket Leica frå 1950-talet, og han tar i bruk noko sterkare uttrykk enn «oj».

Olav Aas er eigentleg botanikar, men ivrig faghistorikar på si. Her studererer han ei vassprøve frå eit hav frå ei tid knapt nokon levande har opplevd. Foto: Tor Farstad.

Men dei må tilbake til arbeidet med å tøme biblioteket. Når alt er pakka ned, rykker pensjonistane inn, eldsjelene på instituttet, for å filtrere og finsortere alt det andre som blir samla i første runde.

Inne før tida er ute

— Denne ryddeaksjonen skjer i grevens tid, konstaterer Aas.

Rommet er fullt av utstyr, målarar, sendarar, mottakarar, fotoapparat, kompass, røyr og flasker, ting som Nansen kan ha halde i hendene, ting som nesten ingen lenger veit kva er.

Varmepumpa durar i naborommet.

Den snart pensjonerte botanikaren og arkivjegeren klyv over eit par gamle kasser med eit tikkande instrument i hendene. Korfor det eigentleg tikkar, og kor lenge det har tikka her inne for seg sjølv er ikkje godt å seie på ein tysdag i 2019. Det må eldrerådet finne ut, pensjonistane og eldsjelene. Når alt er rydda, rykker dei inn for å finsortere, og kanskje forklare korfor ting tikkar.

Ting som no blir tatt vare på fordi universitetet endeleg har nokon som er inne før tida er ute.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS