Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skal i 2018 legge fram forslag i statsråd om å gjere Høgskulen i Oslo og Akershus til universitet. Foto: Øystein Fimland

Ei unik moglegheit for norsk i akademia

Språk. Rektoratet ved HiOA må oppmode sine tilsette og framtidige forskarar om å publisere og skrive på norsk, enten det er fagartiklar eller fagbøker, skriv Karl Peder Mork, leiar i Studentmållaget i Oslo.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tysdag kom meldinga om at NOKUT har godkjent søknaden til Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) om å bli eit universitet. Å ha status som universitet er både spennande og utfordrande. Men samstundes med dette privilegiet må ein minne seg sjølv på det franske ordtaket «noblesse oblige»: Det forpliktar å vera mellom dei store.

Eit av mange skilje mellom det å vera høgskole og det å vera eit universitet, er krava til å publisere. Undervisninga skal vera forskingsbasert, og ein endå større del av arbeidet ved høgskolen skal gå til forsking. Denne relevante forskinga skal bli spreidd til eit forskarmiljø, til studentane og til befolkninga elles.

Ny forsking er viktig for samfunnet, ogso fordi denne forskinga vil vera med på å utvikle norsk fagspråk. Med status som universitet får det framtidige Storbyuniversitetet ei unik moglegheit til å fremje norsk språk i akademia.

No har han sjansen til å gi norskspråkleg forsking og publisering eit stort miljø som kan hauste både nasjonal og internasjonal merksemd.

Karl Peder Mork

Norsk språk har ein solid posisjon, og norsk er ikkje eit so lite språk i verdssamanheng som ein kanskje kan tru. Likevel er det andre språk som er dei leiande språka innanfor akademia, og norske studentar les i stadig større grad engelskspråkleg pensum gjennom heile utdanningsløpet sitt. Dette kan ein ogso sjå på kva språk masterstudentar vel å skrive masterarbeida sine på.

I 1986 skreiv ni prosent masteroppgåve på engelsk. I 2011 hadde talet auka til 37 prosent, ifølge Språkfakta 2015.

Publiseringspresset vil auke på dei tilsette ved det nye universitetet, og presset vil komma frå engelsk. Viss ein skriv ein forskingsartikkel på engelsk, er det større sjanse for at den blir tatt opp og lesen av fleire. I akademia er dette ein realitet ein må leva med, men det må ikkje stoppe arbeidet med å utvikle gode norske fagomgrep og eit relevant og oppdatert norsk fagspråk.

Rektoratet og einingsleiingane ved HiOA må oppmode sine tilsette og framtidige forskarar om å publisere og skrive på norsk, enten det er fagartiklar eller fagbøker. Dermed tar ein ansvar for å vidareutvikle norsk fagspråk.

Publiseringar på norsk, enten det er artiklar eller fagbøker, bidrar til den faglege forståinga, og til demokratiseringa av kunnskap. Fleire publikasjonar på norsk vil ogso auke statusen til norsk som forskingsspråk, og fleire norskspråklege fagbøker og artiklar på pensumlistene til studentane vil hjelpe dei å velja å skrive på norsk når dei sjølve skal skrive akademiske tekstar.

Rektor Curt Rice ønskjer å utvikle eit universitet som held høg kvalitet både nasjonalt og internasjonalt. No har han sjansen til å gi norskspråkleg forsking og publisering eit stort miljø som kan hauste både nasjonal og internasjonal merksemd.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS