eksamenstid

Mjuke potar roa stressa studentar

Opal Mariell Solrunnsdatter tok med seg seks veker gamle kvalpar for å roa eksamensnervane til studentar i Volda. Også andre stader i landet er det ekstra tilbod til studentane i desse dagar.

Dei seks veker gamle huskey-kvalpane var med matmor Opal Mariell Solrunnsdatter (til venstre) til Høgskulen i Volda. — God sosialisering for hundane, og mykje leik og kos. Men me måtte gi oss litt før me hadde tenkt for at det ikkje skulle verta for kaldt for de, seier teaterstudent Solrunnsdatter.

Føyke er ein av teaterstudent Opal Mariell Solrunnsdatter sine ti huskey-hundar. I Austefjorden utanfor Volda bur både eigar og hundar saman med fire andre studentar. Og ja, Føyke sine seks veker gamle kvalpar bur der òg.

Det er med andre ord mykje liv i leiren, i det som elles er ei hektisk tid for studentane. Då fekk Solrunnsdatter ein idé.

— Eg ser jo korleis me som bur her roar oss med kvalpane. Då eg såg at Høgskulen i Volda har laga opplegg for «førstehjelp i eksamenstida», tok eg kontakt og spurde om dei ville ha besøk av kvalpane, seier Solrunnsdatter.

Takksame studentar

Føyke er fersk mamma til seks kvalpar. På instagramkontoen «potefarerne» viser matmor Opal Mariell Solrunnsdatter fram livet med huskey.

Slik vart det. Tidlegare denne veka kunne Volda-studentane kosa med dei mjuke hundekroppane.

— Eg såg kor takksame studentane vart. Og for hundane var det fint; dei fekk mykje kos, leika ute og øva seg på sosialisering. Og hundemor var med, seier Solrunnsdatter.

Som teaterstudent sit ho ikkje i timevis på lesesalen og les pensum. I staden er eksamensoppgåva hennar å setja opp eit teaterstykke.

— Det er hektisk, seier studenten, som òg driv med hundrekøyring.

Ho er frå Troms, men har òg funne eit miljø i og rundt Volda.

Sender foodtruck ut

For mange andre studentar er det lange dagar på lesesalen som er regelen i mai. Men fleire av studentsamskipnadane har laga eigne opplegg som skal gjera det som er den første normale eksamensvåren på nokre år litt lettare.

I tillegg til å klappa kvalpar kan studentane i Volda mellom anna få kurs i kjeldesortering. Denne gongen handlar det ikkje om bos, men om skriftlege kjelder og oppgåveskriving. I tillegg tilbyr samskipnaden mellom anna gratis frukost og kveldsmat i kantina.

Samskipnaden i Søraust-Noreg (SNN) sender ein såkalla foodtruck rundt til alle sine åtte campus. I tillegg til mat, drikke og moglegheit til å vinna premiar kjem tilsette frå SSN Helse til å vera med for å dela råd som kan få ned stressa eksamensskuldrar.

— Me skal òg rundt med den såkalla trivselstralla. Då riggar me til ei tralle på kvar campus med gratis kaffi, annan drikke, energibarar og ioknande og så trillar me denne rundt og deler ut til studentar som sit og les, skriv SNN sin kommunikasjonsdirektør Heidi Pettersen i ein epost til Khrono.

Den gule foodtrucken frå Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg har allereie vore på Notodden, og kjem snart til dei andre sju campusane til Universitetet i Søraust-Noreg.

Tilbod i Bergen og Oslo

Trivselstralle er eit anna tiltak det er tilbod om i eksamenstida. Dette biletet er frå hausten 2021, men tralla kjem att denne våren òg.

Sammen, som er studentsamskipnaden på Vestlandet, skal ha eksamenstipsdag på alle campus: Bergen, Sogndal, Førde, Haugesund og Stord, der dei reiser rundt med goodiebags og eksamenstips. I tillegg har Sammen hatt kurs i korleis takla eksamensangst.

Også i Oslo er det tiltak for studentane. Studentsamskipnaden SiO tilbyr noko dei kallar eksamensboost. Då er det rimelege matpakkar i kantinene, gratis kaffi, frukost og bollar på ulike studiestadar. Også i Oslo vert det tilbod frå foodtrucks, og det er også mogleg for studentane å melda seg på ymse kurs.

Powered by Labrador CMS