Kortnytt

Millionpris til Fagskolen i Hordaland

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fagskolen i Hordaland fekk onsdag Utdanningskvalitetsprisen for høgare yrkesfagleg utdanning for 2020.

Det skriv Diku i ei pressemelding.

-- Dette er stort, jublar rektor Torbørn Mjelstad.

Fagskulen vann prisen for sitt arbeid med å utvikle dei pedagogiske tilsette sin kompetanse innan nettpedagogikk, gjennom prosjektet «Eg e-lærer», som vart oppretta i 2017.

I si grunngjeving skriv juryen at prosjektet har funne vinnaroppskrifta for auka kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning.

– Fagskolen i Hordaland er en verdig vinnar med sitt prosjekt «Eg e-lærer». Dei har jobba målretta for å auke kvaliteten i nettbasert undervisning – tida vi er inne i no viser kor viktig dette er. Dette er velfortent. Gratulerer så mykje, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Prisen er på ein million kroner og formålet med den er å påskjøna framifrå arbeid med utdanningskvalitet i norsk fagskoleutdanning, skriv Diku på sine nettsider.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS