Framtidas studier
Meiner koronakrisa gjer NTNUs studiedugnad meir aktuell
Slik vil dei ruste framtidas NTNU-kandidatar for liknande kriser.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Trondheim, (Khrono): — Jens Stoltenberg sa i ein festtale i 2010 då universitetet feira sitt 100 års jubileum, at NTNU var universitetet som bygde det moderne Noreg. Som det største universitetet i landet, skal vi også bygge framtidas Noreg. Difor bør folk bry seg om dette.
— Vi har stor påverkingskraft til å forme dei kandidatane vi utdannar, som igjen skal bygge dette landet.
Det sa professor Geir Øien og dekan Marit Reitan til Khrono førre gongen vi prata om dette i midten av februar. Då såg ting annleis ut, for koronaviruset har no endevendt heile samfunnet.
Store ambisjonar
Dei to leier likevel to sentrale prosjekt som framleis går føre seg ved NTNU om dagen. Dei har fått i oppdrag å gjere ein større gjennomgang av studieporteføljen til universitetet.
— Dette er ein unik sjanse til å sjå på alle aspekt ved studieporteføljen. Ikkje minst identifisere alt det gode vi allereie gjer og setje det i system, seier Reitan.
— Eg meiner dette dreier seg om å få mest mogleg relevans og kvalitet ut av dei kronene vi brukar, supplerer Øien. Og Reitan skyt vidare inn:
— Men det er ikkje noko effektiviseringsprosjekt dette. Vi gjer ikkje dette for å spare pengar, men for å auke kvaliteten på det vi gjer.
Prosjekta har fått namna Framtidas HUMSAM-studier og Framtidas teknologistudier. Heile 200 studieprogram på alle nivå skal under lupen.
Og dei har store ambisjonar for prosjekta.
Med utgangspunkt i FN sine berekraftsmål, tek prosjekta mål av seg å tileigne seg ei så god forståing av sektoren og arbeidslivet at NTNU i framtida skal kunne tilby samfunnet kandidatar det ikkje ein gong visste at det trong, opplyser prosjektleiarane.
Auka tverrfaglegheit, systemtenking og berekraft i studia er stikkord for det som til slutt vil kome ut i andre enden av arbeidet.
— Ein auka kompleksitet i verda, krev auka tverrfaglegheit, sa dei to prosjektleiarane i februar.
Meiner koronapandemien aktualiserer arbeidet
Verda ser svært annleis ut sidan den februardagen i Trondheim då vi prata om dette sist.
Måten koronaviruset no påverkar samfunnet på, pregar ikkje berre framgangen i prosjekta reint praktisk, men det gir eit tydeleg innblikk i kva slags situasjonar og utfordringar ein kandidat uteksaminert frå NTNU i framtida må vere rusta for, ifølgje dei to prosjektleiarane.
— Dette er eit slåande eksempel på ein type utfordringsbilete som framtidas kandidatar frå NTNU i aukande grad må setjast godt i stand til å kunne handtere, seier Øien til Khrono på telefon. Han legg til:
— Difor treng kandidatane eit sett samansette kompetansar. Dei må sjølvsagt vere veldig gode i sitt fag og ha fagleg djupne, men det må kombinerast med andre viktige ferdigheiter som god samarbeidsevne, kreativitet, innovasjonsevne, kritisk tenking, strategisk tenking, kommunikasjon og det å kunne ta val under usikre føresetnader som vi ser utspele seg i desse dagar, seier Øien.
Sjølv om prosjektleiarane har sett seg nøydde til å skyve på både ein del planlagte seminar, workshops og rapportleveransar som følgje av koronavirusutbrotet, så er det ikkje stillstand i arbeidet.
Nødvendig reformasjon
Ein reformasjon av studieprogramma er på sin plass av fleire grunnar, meiner dei to prosjektleiarane. Førre gongen ein hadde ein så heiltheitleg gjennomgang av studieporteføljen var i 1993 ved gamle NTH (Noregs tekniske høgskule).
Sidan den gong har NTNU vore gjennom ein omfattande fusjonsprosess og omfattar no fleire studieprogram enn dei tekniske faga. I tillegg er dei i ferd med å utvikle ein ny campus i Trondheim som også krev at ein ser på samhandlinga mellom dei tekniske og humanistisk-samfunnsvitskaplege faga.
Med utgangspunkt i nokre spesifikke kompetansar eller fellestrekk uteksaminerte kandidatar bør ha, skal ein skreddersy studieprogramma.
— Samfunnsoppdraget vårt er å utvikle dei rette kompetansane, og så produserer dei rette kandidatane. Og det legg på eit vis føringane for resten. Ein av universitetet sine oppgåver er å vere i forkant med å finne ut kva som er robuste kompetansar, seier Øien.
Ein dugnad
Dei to prosjektleiarane opplever at prosjekta er ein slags dugnad. Dette fordi fleire aktuelle partar er inviterte til å kome med sine innspel og refleksjonar til prosjektet.
I tillegg til å sjølve vere på studieturar til andre universitet og høgskular, så har dei invitert alle fagmiljøa ved NTNU, studentane, næringslivet og det breie arbeidslivet til workshops og innspelsrunder.
— Vi er opptekne av at vi har ei «bottom-up» tilnærming til dette, og for oss er det viktig at fagmiljøa må eige endringsprosessane sjølve. Det er spesielt viktig dersom ein i framtida skal ha det slik at emne går på tvers av fagmiljøa, seier dei to.
Dekan Reitan ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap er oppteken av å roe dei som er skeptiske til prosjektet, kanskje spesielt dei som er opptekne og bryr seg om disiplinfaga.
— Prosjektet skal ta vare på disiplinane og dei skal vere med å setje premissar for framtidsutviklinga. Samstundes er vi opptekne av å ta dei ulike faga på eigne premissar. Likevel vil eg seie at dette er ei moglegheit for å evaluere seg sjølve i eit framtidsperspektiv, det er viktig at vi klarer å skape relevante studieprogram også for framtida, seier Reitan.
— Dette er ein dugnad og den skaper diskusjon om utdanningskvaltitet, og det er bra, seier Reitan, som sidan vi snakka i februar har søkt jobben som prorektor for utdanning og kan kome til å få det overordna ansvaret for heile studieporteføljen dersom ho skulle få jobben.
Om det er snakk om at nokre studieprogram vert lagde ned eller oppretta som følgje av arbeidet er framleis ikkje klart, men det er ikkje eit mål i seg sjølv, opplyser dei to prosjektleiarane.
— Studentperspektivet essensielt
Student i Europastudier, Sondre Rekdal, er ein av tre studentar som er med i prosjektgruppa Framtidas HumSam-studier. Han opplever at studentane sine innspel og meiningar i arbeidet vert tekne på alvor.
— I dette arbeidet er jo studentperspektivet essensielt, og eg oppfattar at det er ei tydeleg bevisstheit rundt dette. Vi blir behandla som likeverdige medlemmar, og våre meiningar er etterspurte. I tillegg blir vi oppfordra til å drøfte relevante spørsmål med våre medstudentar. Dermed herskar det liten tvil om at vi som studentar blir tatt på alvor, skriv Rekdal i ein e-post til Khrono.
Innspela prosjektgruppene har fått så langt i prosessen, både frå fagmiljøa, næringslivet og studentane, er svært nyttige, meiner dei to prosjektleiarane.
Då Geir Øien og resten av prosjektgruppa i Framtidas teknologistudier arrangerte workshop med næringslivet i januar kom blant andre desse innspela:
«En svakhet ved nyutdannede kandidater er at de tror at alle spørsmål har ett riktig svar med to streker under – i virkeligheten er avveining og trade-offs det vanlige. Fremtidens kandidater må lære å håndtere usikkerhet – fokus må dreies fra «hva er riktig svar?» til «hva er riktig spørsmål?»
«Det er viktig å skape nysgjerrighet og respekt for andre fag – «tekno-arroganse» må unngås»
Då studentrepresentantane i prosjektgruppa til Framtidas teknologistudier arrangerte ein liknande workshop i slutten av januar, kom blant anna desse innspela inn til kva dei om lag 20 studenttillitsvalte på seminaret ønskte seg i framtida:
«Utvikle ikke-teknologiske ferdigheter («soft skills») bl.a. evne til refleksjon om etiske problemstillinger.»
«Styrk kontakten mellom forelesere og studenter.»
«Mer vektlegging av bærekraft.»
Europastudier-student Rekdal håper at prosjekta vil resultere i tverrfaglege og samfunnsrelaterte studietilbod som gjer at den neste generasjonen studentar som vert uteksaminerte frå NTNU vert ettertrakta på jobbmarknaden.
Han har likevel ei viktig melding til det vidare prosjektarbeidet:
— Eg håper at vi klarer å ta vare på faga sin eigenart i dette arbeidet. Det er ein balansegang, men realistisk å gjennomføre ved hjelp av gode medverknandsprosessar blant studentar og dei tilsette i fagmiljøa.
Nyeste artikler
Har varslet behov for å kutte opp imot 100 årsverk. Kun åtte får tilbud om sluttpakke
Tilbake til penn og papir?
Hva vil vi med barnevernspedagogutdanningen?
Risikofylt forskning, pandemier og biovåpen
Åpen forskning muliggjør forskningsnær utdanning
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Juss-nestor mener Kjerkols fuskesak må behandles på nytt
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024