Universitetet i Bergen

Mange interne vil verta direktør i Bergen

Fakultetsdirektør Benedicte Løseth ved Universitetet i Bergen har fått jobb i Forskingsrådet. Mange interne søkjarar ønskjer å ta over jobben hennar i forskings- og innovasjons­avdelinga.

Alette Gilhus Mykkeltvedt er i dag fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet. No ønskjer ho å verta leiar for forskings- og innovasjonsavdelinga.
Birgit Falch er seksjonsleiar hos FIA.

Benedicte Løseth har leia forskings- og innovasjonsavdelinga (FIA) ved Universitetet i Bergen sidan 2019. I vinter vart det kjent at ho går over til ei stilling i leiinga i Forskingsrådet, nærare bestemt som områdedirektør for forskingssystemet og internasjonalisering.

To frå FIA har søkt

Løseth byrja i stillinga i Forskingsrådet 1. april. No er lista over dei som ønskjer å overta som leiarar for FIA klar. På lista finn ein fleire interne søkjarar:

Alette Gilhus Mykkeltvedt er i dag fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet. Ho står på lista saman med Are Straume og Birgit Falch, som begge er i leiinga ved FIA i dag. Knut Børve er instituttleiar ved Kjemisk institutt, og Nina Grytten Torkildsen er førsteamanuensis ved Det medisinske fakultetet.

Knut Børve er instituttleiar ved Kjemisk institutt.

Lyste ut fleire gongar

Då Løseth vart tilsett tidleg i 2019 var det fjerde gong sidan 2013 at stillinga som direktør for FIA hadde vorte lyst ut. I 2019 var det ti søkjarar, meir enn dåverande universitetsdirektør Kjell Bernstrøm hadde rekna med.

— Det har vist seg at det ikkje er så lett å finna kandidatar til denne stillinga, sa Bernstrøm til På Høyden i 2018.

FIA skriv om seg sjølve at dei mellom anna yter sørvis, rådgiving og støtte til fakultet, institutt, enkeltforskarar og leiinga ved UiB. Avdelinga har om lag 40 årsverk.

Desse har søkt

Avdelingsdirektør for Forskings- og innovasjonsavdelinga
Izak TaitResearch Operations Manager, Auckland
Marwa JalalArbeidssøkar, OSlo
Prodromos ZachariadisManager, Bærum
Michael GausaDirector of research and development, Andøy
Lars BrandénInnovationsrådvigare, Borgholm
André ArnestadRådgiver, Bergen
Birgit FalchSeksjonssjef, Bergen
Nina Grytten TorkildsenSpesialrådgiver/føresteamanuensis, Bergen
Juliane TiemannFaglig leder (førstebibliotekar), Årland
Edelinn GjerdeAdministrativ leder, Bergen
Alette Gilhus MykkeltvedtFakultetsdirektør, Bergen
Svein Harald SønderlandRadiosondeleiar ved Jan Mayen meteorologiske stasjon, Nissedal
Rasmus Sandnes HaukedalPh.d.-kandidat, Bergen
Are StraumeSeksjonssjef, Bergen
Yonas Zewdu AyeleFørsteamanuensis/forskningsgruppeleder, Halden
Bjarte HåvikProsjektleder, Bergen
Bjarte Gees Bokn SolheimLeder for forskning og analyse, Bergen
Søkjar unnteke offentlegheitMann
Knut BørveInstituttleiar, Bergen
Sashidkaran KomandurForskningsleder, Hamar

Powered by Labrador CMS