— Vil ein drukna? Det var eitt av spørsmåla tidlegare rektor Nina Malterud stilte under seminaret førre veke. <span class="caps">KH</span>iB er i dag ein sjølvstendig organisasjon. Kva skjer når dei eventuelt vert ein del av eit fakultet og eit universitet? Foto: Hilde Kristin Strand Foto: Hilde Kristin Strand
— Vil ein drukna? Det var eitt av spørsmåla tidlegare rektor Nina Malterud stilte under seminaret førre veke. KHiB er i dag ein sjølvstendig organisasjon. Kva skjer når dei eventuelt vert ein del av eit fakultet og eit universitet? Foto: Hilde Kristin Strand Foto: Hilde Kristin Strand

Legg planar for nytt kunstfakultet i vest

— Det skal mykje til for at dette vert stoppa. Det seier tidlegare KHiB-rektor Nina Malterud om planane om eit nytt kunstfakultet.

Publisert   Sist oppdatert

— Me skjønte etterkvart at fusjonstrykket var alvorleg, dette var ikkje i kategorien «me legg oss ned, så går det over». Men me har god røynsle med å nytta endringar til vår fordel.

Det sa seniorrådgivar Nina Malterud ifølgje På Høyden då tilsette ved Kunst- og designhøgskolen (KHiB) og Griegakademiet (GA) var samla til felles seminar sist fredag. Tema: Den eventuelle samanslåinga av dei til institusjonane til eit felles kunstfakultet, plassert under UiB.

(Kunsthøgskolen i Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand)

Fase to

Toget har eigentleg forlate stasjonen. Det skal mykje til for at dette vert stoppa no.

Nina Malterud
Rektor på Kunsthøgskolen i Bergen

Styra ved dei to institusjonane har gitt klarsignal til at prosessen skal gå inn i fase to. Det vil seia ei konkretisering av kva ei eventuell samanslåing vil få å seia. Innan 15. april skal prosjektgruppa levera ein rapport, og i juni skal styra seia endeleg ja eller nei.

— Toget har eigentleg forlate stasjonen. Det skal mykje til for at dette vert stoppa no, sa Malterud, som er tidlegare rektor ved KHiB. No er ho sekretær for prosjektgruppa, som elles er sett saman av representatar frå både KHiB og UiB.

Spørsmåla er mange. Korleis skal eit kunstfakultet organiserast? Skal ein ha institutt? Og i så fall kor mange? Og kven skal vera med frå Griegakademiet? Alle fagmiljø som er der i dag? Eller skal teorifaget musikkvitskap verta att på HF. Og kva med musikkterapi?

— Dersom ein får eit fakultet for både kunst og vitskap, slik eg ønskjer, må ein ha likeverd mellom dei to disiplinane. Ser ein på organiseringa slik ho er i dag, er både Griegakademiet og KHiB delt i to, sa Frode Thorsen, som er instituttleiar på Griegakademiet.

På lista over det styringsgruppa har fått mandat til å sjå på, står mellom anna organisasjosmodell, grenseoppgang mellom HF og eit nytt fakultet, samlokalisering og organisering av adminsitrative ressursar.

Eigen doktorgrad

Malterud trekte fram både kunstnarisk utviklingsarbeid og ein eigen kunstnarisk ph.d-grad som to viktige element i det vidare arbeidet. Kunstnarisk utviklingsarbeid har vore likestilt med forsking sidan 1995, og i 2003 vart Program for kunstnarisk utviklingsarbeid oppretta, som eit slags doktorgradsprogram. Men ein eigen kunst-ph.d. finst førebels ikkje.

— Det vert kjempeviktig. Det er slik at alle insitusjonar skal ha eigne ph.d.-program. Me såg dette i kvitauga. Me har ikkje budsjett til eit program med 15 stipendiatar (som er det som er kravet for å kunne verta universitet, journ.anm), i dag har Griegakademiet og KHiB totalt åtte. Det betyr at me vil trenga UiB som ein garantist, sa Malterud.

Men ho understreka at eit kunstfakultet vil trenga eit eige program med si eiga forskrift – og eit språk dei kjenner seg att i.