Til vanleg forskar han på brystkreft. Men onsdag kveld er det oboen som er i fokus.

Studentar, tilsette ved universitet og høgskular og andre amatørar spelar saman kvar onsdag kveld.

Lyden av universitetet

— Me byrjar på Harald!

Det er onsdag kveld, staden er Griegakademiet sine lokale ved Universitetet i Bergen (UiB). I prøvesalen står Eirik Gjerdevik framfor det som heiter Universitetets Symfoniorkester i Bergen (USO). Musikarane blar seg fram til staden i Rossinis Wilhelm Tell Overture som er merka med ein stor «H».

Ifølgje Norsk symfoniorkesters landsforbund finst det mange store og små symfoniorkester i det ganske land. Fire av dei er knytt til studentar eller universitet og høgskular, i Oslo, Tromsø, Volda og altså Bergen.

— Det finst fleire slike orkester enn ein trur, smiler Gjerdevik i ein pause.

— Og Bergen er i særklasse når det gjeld amatørmusikk.

I Bergen har det vore studentorkester attende til 1966. I 1985 vart det slege saman med Bergen Operaorkester, og vart altså då Universitetets Symfoniorkester.

Kva brukar ein dei til?

Elisabeth Fallon er amerikanar, men har budd mange år i Noreg no. Frå heimlandet er ho van med både det som vert kalla «youth orchestra» og universitetsorkester. Cellisten vart naturleg nok glad då ho oppdaga eit amatørorkester i Bergen, og vipps var ho leiar i styret.

— Me får noko økonomisk støtte frå universitetet, og har både studentar og tilsette med, i tillegg til andre amatørar. Kvart år plar det vera med ein del utvekslingsstudentar, seier Fallon.

— Men universitetet kunne brukt dykk meir. De kunne jo til dømes spelt i mindre grupper på ulike arrangement, seier dirigent Gjerdevik.

Eirik Gjerdevik deler dirigentjobben for orkesteret med Bjørn Breistein. Den første konserten dette studieåret er det Gjerdevik som leier.

Straks konsert

Mellom 30 og 35 musikarar sit konsentrert ytst på stolane, både strykarar, treblåsarar og messingblåsarar. Ein fiolinist blar hurtig om.

13. november er det klart for den første konserten denne sesongen. Det plar vera tre i året. Solist på eit av stykka er Rushana Brandanger, som er profesjonell musikar i Bergen Filharmoniske orkester.

Men først: Wilhelm Tell må vera på stell.

— Treblås først, seier Gjerdevik før fagotten og klarinettane byrjar.

— Det kjem seg! Men når me spelar svakt går tempoet litt ned, merkar de det?

Medisinsk forskar spelar obo

Manuel Carrasco forskar eigentleg på brystkreft, han er tilsett som forskar ved Klinisk institutt 1 ved Det medisinske fakultetet. Men i dag er det oboen som er i fokus.

Forskar og oboist Manuel Carrasco spelar i eit orkester, eit korps - og forskar på brystkreft.

— Eg er med her på grunn av repertoaret. Det er kjekt å spela orkestermusikk, seier Carrasco, som òg spelar i janitsjarkorpset Strusshamn Musikkforening.

Carrasco er spansk, og seier det same som amerikanske Fallo: Han er van med universitets-orkester.

— Eg har spelt både i Sevilla og Bologna, seier han.

Eirik Pedersen er no einaste musikant i slagverksseksjonen. Men han spelar òg i korps, med Gjerdevik som dirigent: Lungegardens Musikkorps.

— Me er fleire som er med begge stader, seier han.

Pedersen studerer kunstig intelligens ved UiB, og spelar altså helst klassisk slagverk. Det vil seia melodisk slagverk, som vibrafon, marimba, klokkespel, xylofon og pauke.

Ein plar seia at det er slagverkarane som får best betalt per slag

Eirik Pedersen, slagverkar

— Me har eigentleg stemmer til tre slagverkarar. Men i ein del orkesterstykke har slagverk rett og slett ingenting å gjera. Ein plar seia at det er slagverkarane som får best betalt per slag, humrar han.

Med felles dirigent følgjer nokre frynsegode, som at symfoniorkesteret tidvis kan nytta Lungegaarden sine lokale. For slagverkaren er det eit gode at utstyret står montert opp der.

— Det er eit hyggeleg orkester å vera med i. Både i orkester og korps er det mange som kan mykje ulikt. Der møter ein gjerne tannlegen sin, og der har ein mange vaksne ein kan spørja om råd, seier Pedersen.

Reiste til Tsjekkia for å læra

— Ausa på!

Dirigenten har slått av på nytt, og vil gjerne høyra dei mørkaste stemmene: Cello og kontrabass.

— Ver rå! Eg synest de er frykteleg vennlege!

Fiolinistane løftar bogane. Notane er svarte.

Så er det pause.

— Er det kjeks, vert det spurd frå fremste rad.

Og ja, det er kjeks. Og kaffi.

Dirigent Gjerdevik sit seg ned, og fortel at i ungdommen, som han seier, reiste han til Tsjekkia for å læra om orkester. Sjølv er han korpsmenneske, og profesjonell tubaist i Forsvarets musikkorps Vestlandet.

— Eg sa at eg ikkje kan noko om strykarar. Du treng ikkje kunne det, fekk eg til svar, dei ser deg. Og eg ser at det stemmer, dei spelar på ein mykje meir fysisk måte enn eg er van med.

Gjerdevik skal dirigera denne eine konserten i denne omgang. Allereie neste veke er ny dirigent med notar på plass.

— Eg byrja 12. mars 2020. Då skulle me berre ha ei halv øving fordi korpset skulle ha årsmøte …

Men no vert det konsert. Og framleis er det litt å øva på.

— Daga - da, syng dirigenten, før han slår av på nytt.

Det vert tidvis mykje venting når ein er slagverkar, sjølv om Eirik Pedersen er einaste slagverkar i symfoniorkesteret.
Powered by Labrador CMS