Sjefredaktør Anne Marit Godal i Store norske leksikon fryktar konkurs i løpet av kort tid viss ikkje universiteta blir med på ein redningsaksjon.

Universiteta reddar Store norske leksikon

Universiteta skal gå inn som medlemar i Foreininga Store norske leksikon og dermed kanskje hindra konkurs.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Både UiO, NTNU og universiteta i Tromsø, Stavanger og Agder har meldt seg inn, medan Universitetet i Bergen enno ikkje har bestemt seg.

– I år har me fått halvdelen av kostnadene våre dekt gjennom støtte frå Kulturdepartementet. Resten har me så langt dekt gjennom eit lån i Fritt Ord på sju millionar kroner som me må betala tilbake. Difor håpar me at alle universiteta blir med i Foreininga Store norske leksikon. Om dei ikkje blir det, kan me risikera å gå konkurs i løpet av kort tid, åtvarar Anne Marit Godal, som både er sjefredaktør og dagleg leiar for leksikonet.

Me møter henne i redaksjonslokala i sidebygningen til Vitskapsakademiet i Drammensveien. Vitskapsakademiet er saman med Fritt Ord Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining (NFF) og Sparebankstiftelsen/DnB dei som har investert nye friske pengar i Store norske leksikon etter havariet i 2010 og dei første medlemane i den nye Foreininga Store norske leksikon.  Fram til 2010 var det Kunnskapsforlaget som stod bak leksikonet.

– Unik formidlingsarena

For to veker sidan sa Universitetet i Oslo ja til frieriet frå sjefredaktør Anne Marit Godal. Først ut var derimot Noregs arktiske universitet i Tromsø. Seinare har både NTNU i Trondheim og universiteta i Stavanger og Agder takka ja til tilbodet om å bli med i foreininga.

– Dette blir ein unik formidlingsarena for universiteta, seier Anne Marit Godal. Tidlegare var Store norske leksikon eit suksessprosjekt i papirutgåve, men dei siste åra med Kunnskapsforlaget som eigar, tapte leksikonet masse pengar. Den siste utgåva av papirleksikonet blei seld i 7000 eksemplar.

– Det er lite samanlikna med den responsen Store norske leksikon får på nett i dag. På dei beste dagane har me 145 000 lesarar. I år handla den mest lesne artikkelen om buddhismen, fortel Anne Marit Godal.

 – Då Gunhild Stordalen, kona til Petter Stordalen fekk ein sjeldan sjukdom, gjekk treffa på fagartikkelen om akkurat den sjukdommen rett til vers. Det viser kor viktig Store norske leksikon er, og kor stor etterspurnaden etter vitskapleg basert faktainformasjon er hos det norske publikummet, legg ho til.

Brukte forskning.no som modell

Heile dette året har ho vore oppteken med å få på plass ei ordning som involverte universiteta.  Etter å ha vurdert fleire ulike modellar, hamna ho og styret for Store norske leksikon på den same modellen som forskingsformidlingsavisa forskning.no brukar.

– Det vil seia at medlemsorganisasjonane betalar inn ein sum for å bli medlem, og så har dei høve til å melda seg ut, om dei ikkje skulle bli nøgde, forklarar ho. Summen blir bestemt etter talet på årsverk ved institusjonen som speglar kor mange potensielle fagansvarlege dei kan ha i Store norske leksikon.

Håpar alle universiteta seier ja

Det var først 9. oktober i år det blei klart at leksikonet skulle ha ein slik organisasjonsmodell. I sakspapira frå sjefredaktør Anne Marit Godal til Universitetsstyret ved UiO, går det fram at Universitetet i Oslo ei stund også vurderte å gå inn som eigar.

Universitetsleiinga fann ut at det ville utgjera ein for stor risiko for langsiktige forpliktingar, og difor skrinla dei den modellen, står det i underlagsmaterialet til Universitetsstyret.

Når dei til slutt kom fram til foreiningsmodellen, sa fem universitet ja til å stilla opp som støttespelarar for Store norske Leksikon. Universitetet i Bergen har enno ikkje bestemt seg, opplyser kommunikasjonsdirektør Ingar Myking til Uniforum.

– Eg trur me skal klara å landa dette prosjektet trygt med den modellen. No håpar eg at alle universiteta seier ja til å bli med på denne kunnskapsdugnaden.  Då kan me konsentrera oss om å laga eit best mogleg leksikon på nett, som er gratis tilgjengeleg for alle, understrekar ho.

Alle fagleg vurdert

Anne Marit Godal forklarar korleis Store norske leksikon skil seg frå nettleksikonet Wikipedia.

– Me har eigne fagansvarlege som er vitskapleg tilsette ved universiteta. Innanfor sitt fagområde går dei gjennom alle artiklar og går god for det som står der. Samtidig kan dei som er ueinige med dei, gå inn og kommentera artikkelen. Men det må gjerast under fullt namn, slår ho fast.

Både nynorsk og bokmål kan brukast i artiklane.

– Ja, det er heilt sjølvsagt for oss. Det står også i vedtektene våre at Store norske leksikon skal kunna ha artiklar på alle  offisielle norske språk. Eg hugsar det var ein kvinneleg botanikar som publiserte ein artikkel på bokmål. Så sjekka eg profilsida hennar, og oppdaga at hovudmålet hennar var nynorsk.

– Då kontakta me henne og bad om å få artiklar på nynorsk. Då blei ho positivt overraska, fortel Godal.

No ventar ho spent på om dei andre universiteta også svarar ja på invitasjonen hennar om å bli med i Foreininga Store norske leksikon.

Glad UiO-rektor

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er svært nøgd med at det no er kome ei god løysing for Store norske leksikon.

– UiO har lenge arbeidd for å få dette prosjektet i hamn, og når me no har ein organisasjonsstruktur på plass, er det sjølvsagt at me skal vera medlem, seier Ottersen til Uniforum.

– Kva fordelar vil det ha for UiO?

– Dette er eit formidlingsprosjekt som universiteta er felles om. Det vil styrkja det nasjonale samarbeidet innanfor universiteta sitt formidlingsoppdrag.

– Forskarane vil gjennom Store norske leksikon få ein kanal til å formidla oppdatert kunnskap innanfor felta sine til eit stort publikum, og dette vil informera den offentlege

samtalen om aktuelle problemstillingar på ei rekkje område. Mange av forskarane våre bidrar allereie på ein svært god måte til dette prosjektet.

– Er du ikkje redd for at det kan bli for dyrt i lengda?

– Formidling er eitt av universiteta sine samfunnsoppdrag. I ei verd med stadig større og meir komplekse utfordringar, er det ein viktig del av ansvaret vårt  å gjera forskinga vår og oppdatert kunnskap tilgjengelig for samfunnet. Så det er ei fornuftig investering, det vi her gjer.

Etter UiO-rektorens meining er det svært viktig at alle universiteta blir med på denne kunnskapsdugnaden.

 – Den digitale revolusjonen opnar for eit tett samarbeid mellom dei norske universiteta på ei rekkje område, inklusive formidling.

– Ved at alle universiteta er med, kan me få til ei god arbeidsdeling. Ikkje noko universitet kan dekkja alle kunnskapsområde, men saman kan dei norske universiteta gi eit sterkt bidrag til kunnskapsallmenningen, trur UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

 

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS