
Studentval på NTNU Ålesund
Gjermund Kvernmo Langset blei attvald som studentleiar ved NTNU Ålesund.
Studentparlamentet ved NTNU Ålesund har valt nytt arbeidsutval, og det blei sjåande slik ut:
- Stadleg leiar: Gjermund Kvernmo Langset
- Nestleiar: Martin Breyholtz
- Fag- og læringsmiljøansvarleg: Jim Andre Gjerde
- Internasjonalt ansvarleg: Trygve Årsvold
- Kommunikasjonsansvarleg: Sunniva Lien Rekstad
Leiar Gjermund Kvernmo Langset seier i ei pressemelding at han er glad for at organisering av nytt studentdemokrati er over slik at dei kan bruke meir krefter og ressursar på å representere studentane i Ålesund.
— Ein kan forvente seg ein tydeligare og meir aktiv organisasjon det neste året, seier stadleg leiar Gjermund Kvernmo Langset
Studentparlamentet ved NTNU i Ålesund har lokalt ansvar for å representere studentane i Ålesund opp mot NTNU, kommunen og eksterne aktørar. Stadleg leiar i Studentparlamentet sit óg som ein av seks medlemmar i arbeidsutvalet i Studenttinget ved NTNU, som har det øverste ansvaret for alle dei 40 000 studentane ved NTNU.
I tillegg til Gjermund fortsett og Jim Andre Gjerde eit år til i arbeidsutvalet. Han går over frå internasjonalt ansvarleg til fag- og læringsmijøansvarleg.
(Bildet: Gjermund Kvernmo Langset. Foto: Siri Ødegård Blomvik)
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!