Henta professor frå Helsinki for å sikra lærarutdanninga

Fem nye professor II-stillingar måtte til for at Volda skulle få godkjent den nye grunnskulelærarutdanninga.

Publisert Oppdatert

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er fornøgd med å ha fått professor Markku Hannula (bildet) frå Universitetet i Helsinki til Volda.

— Det er stor mangel på professorkompetanse i matematikkdidaktikk i heile Norden, så me er spesielt fornøgde med at me har fått inn Hannula. Han er anerkjent i miljøet, og me er glade for at han sa ja, seier Roppen til På Høyden.

Volda ventar på vedtak

I november blei det klart at Høgskolen i Østfold og NLA Høgskolen fekk endeleg godkjenning av masterutdanningane for grunnskulelærar (GLU).

Høgskulen i Volda fekk tilsegn om akkreditering, men måtte levera dokumentasjon på tilsetting av professor II og dosent II i matematikkdidaktikk før dei kunne få endeleg godkjenning.

Det er stor mangel på professor-kompetanse i matematikk-didaktikk i heile Norden.

Johann Roppen

Denne dokumentasjonen er sendt inn, og eit endeleg vedtak er venta frå NOKUT innan kort tid.

Les også: Fornøyde med lærermaster-ja

Har henta 5 professor II

Til saman har Høgskulen i Volda tilsett fem personar i professor II-stillingar i samband med den nye femårige grunnskulelærarutdanninga. 

Tre av dei er henta frå Universitetet i Bergen, to ifrå Universitetet i Stavanger, éin er frå universitetet i Helsinki, og ein er dosent frå Høgskolen i Oslo og Akershus.

— Korleis har de finansiert dei nye stillingane?

— Det er teke av den ordinære løyvinga. Det er muligens noko avsetningar også, men vi har førebels ikkje fått ekstra pengar frå Kunnskapsdepartementet eller prosjektmiddel til dette.

Roppen seier heile prosessen med å få akkrediteringa har vore svært omfattande.

— Det har vore ein enormt arbeidskrevjande og overraskande detaljert prosess. Me er sjølvsagt glade for at me har fått tilsegn og at det har gått bra. Og me har nok også lært ein del av det, men eg er veldig usikker på om dette er ein prosess kor det er opplagt at kvalitetsheving står i stil med arbeidet som krevst for å gjennomføra det. Eg håpar at NOKUT tek ei eiga evaluering av det heile for å prøva å finna ut om det er verdt å legga ned alt dette arbeidet, seier Roppen. 

Volda har mellom anna måtta sendt inn 92 pensumlister som del av dokumentasjonen. 

— Ikkje meir dokumentasjon enn normalt

Rådgjevar i NOKUT, Ingunn Dørve, seier at dette er ei standard akkrediteringssak.

— Det er ikkje meir krav til dokumentasjon for lærarutdanninga enn andre utdanningar, seier Døvre til På Høyden.

Les også: Byråkrati i praksis: 522 sider for å søke om ny master for lærere

— Men det som er spesielt er at det er ei integrert masterutdanning på fem år, så det blir meir å skriva om i søknadane. Men NOKUT sine krav til dokumentasjon er det same for alle søknadane, seier ho, og legg til:

— Me kjem til å ha ei intern evaluering på prosess, i likskap med andre saker. Men vurdering av kvalitetsaspektet ligg i det varsla tilsynet med alle grunnskulelærar-masterane.

Dei andre lærarutdanningane i Noreg finn ein på institusjonar som er sjølvakkrediterande, som altså har relevante doktorgradsprogram innan lærarutdanninga.

— Dei som er sjølvakkrediterande må levera dokumentasjon på oppretting av studiane. Og så er det tilsyn som vil kome seinare i 2019, for alle institusjonane. Både av dei som er akkrediterte av oss og av seg sjølve, seier Dørve.

Krevjande seier NLA Høgskolen

Programansvarleg for grunnskulelærarutdanninga ved NLA Høgskolen Bergen, Anne Karin Unneland, reagerer på den korte fristen som blei sett for godkjenninga. 

Det var eit stort arbeid, og eit kostbart arbeid for institusjonen.

— Det var ein usedvanleg krevjande prosess, fordi retningslinjer og rammeplanar som ein skulle utforma utdanningane frå, dei var gjevne så seint. Me fekk rammeplanen like før ferien, retningslinjene 1. september og så skulle me levera søknaden 15. september. Ingen sit arbeidsledige og venter på ei slik oppgåve. Eg synest det var eit dårleg forslag å ha oppstarten i 2017 med dei vilkåra som var, seier Unneland.

Det vart brukt mykje ressursar for å få det heile i hamn, fortel ho.

— Det var eit stort arbeid, og eit kostbart arbeid for institusjonen. Eg har berre sett på fagpersonar, og det er meir enn eitt årsverk som er brukt for å senda søknadane. Det er ei nøktern utrekning.

Også ved NLA måtte dei henta inn ekstra professorkompetanse.

– Me måtte gjera tilsettingar på kort tid for å få det til, både innan norsk og naturfag. Me hadde nok professorkompetanse innan søknadsfristen, men det var akkurat som det heldt. Me la opp masterfaga etter vår kompetanse. Me kunne ikkje hatt master i til dømes kroppsøving og kunst og handtverk, som er fag kor det finst endå færre professorar. 

— Lærerik prosess

Ved Høgskolen i Østfold hadde dei akkreditering av eit anna masterprogram i fjor, som letta prosessen. 

— Arbeidsmengda har vore enorm. Det er to store søknader, og me har aldri søkt akkreditering på masternivå på 300 studiepoeng hjå oss før. Men me kjørte eit pilotprosjekt i fjor, og søkte akkreditering på masterprogrammet norsk i skulen. Det var ein veldig fin gjennomgang for oss for å sjå kva som krevst innan dei ulike emna på ein master, seier dekan ved avdeling for lærarutdanning, Unni Hagen (bildet).

(Foto: Henriette Dæhli)

Ho meiner høgskulen fekk mykje ut av arbeidet med akkrediteringa.

— Sjølv om jobbinga har vore veldig intens, og utan klarlagde rammer frå departementet og NOKUT, så har me fått gode faglege diskusjonar og delingskulturen har blomstra. Me har også fått pengar frå høgskulen sentralt, og har frikjøpt folk til å driva med dette.

I Østfold fall også den siste biten i puslespelet på plass berre dagar før fristen gjekk ut.

— Me hadde søkt etter ein professor i mattematikkdidaktikk lenge, og fekk dette heldigvis inn tidsnok. Det er mangel på denne type kompetanse, og vanskeleg å få tak i. Det blir forsterka no fordi ein får lærarutdanninga inn på masternivå. Me jobbar med å få opp kompetansen i mattematikkdidaktikk. Dette med overgangen til master har sett fingeren på ein akilleshæl i lærarutdanninga, seier Hagen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS