Jeanette Thorkildsen er ein av fleire studentar som endeleg kan få fullføre allmennlærarutdanninga. Foto: Cicilie S. Andersen
Jeanette Thorkildsen er ein av fleire studentar som endeleg kan få fullføre allmennlærarutdanninga. Foto: Cicilie S. Andersen

2015 er siste sjanse til å bli allmennlærar

— Det blir nydeleg å endeleg kunne seie at eg er utdanna lærar, smiler Jeanette Thorkildsen. Ho gjekk ut frå høgskolen i 2011, og kan no endeleg ta dei siste eksamenane ho manglar.

Publisert   Sist oppdatert

Jeanette Thorkildsen starta på allmennlærarutdanninga på Høgskolen i Oslo i 2007. I 2010 blei heile utdanninga endra og bytta namn, frå allmennlærar til grunnskolelærar. Då Thorkildsen blei ferdig året etter mangla ho to deleksamenar, fordi ho hadde vore sjuk og fått barn i studietida.

Frå høgskolen fekk ho vite at siste høve til å ta eksamenane var i 2012. Då det ikkje gjekk viste det seg tilnærma umogleg å få tatt desse siste eksamenane. Men no har høgskolen snudd, og Thorkildsen og alle andre dette gjeld kan få tatt eksamen i løpet av 2015.

Eksamen i 2015

Denne teksten står framleis på heimesida til lærarfakultetet ved HiOA: 

«Ved HiOA har vi arrangert alle de eksamensmulighetene vi er lovpålagt. I tillegg flere ekstra muligheter. Sist nå i 2013 hvor vi etter dialog med Studentrådet innvilga enda en ekstra mulighet for å bistå de av studentene som ikke har fullført de obligatoriske delene av sin utdanning og fortsatt har eksamensforsøk igjen. De fleste av eksamenene er nå gjennomført, og mange har fått sitt vitnemål.

Dette gjeld alle institusjonane som har hatt allmenn-lærarutdanning, og vi har hatt fleire liknande saker, som no må bli ordna på same måte som på HiOA.

Marie Furulund
Leiar, Pedagogstudentane

Det betyr at hvis det er noen studenter som fortsatt mangler obligatoriske deler, må de selv finne ut om det er noe tilbud i Norge som kan innpasses i sin allmennlærerutdanning. Ved HiOA vil det ikke være mulig å kun gå opp til en eksamen, men det er for eksempel mulighet for å søke opptak på videreutdanningstilbudet i matematikk 1 nett». 

Men etter påtrykk frå Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet har høgskolen no snudd:

«Instituttet jobber nå med et opplegg for å kunne legge til rette for ALU-studenter (studentar med allmennlærarutdanning red.mrk) kan få ta eksamen i enkelte fag i 2015. Mer informasjon vil komme i februar», skriv Hilde Harnæs, instituttleiar for grunnskole- og faglærarutdanninga i ein epost til Khrono.

Så no kjem dette som ei gladmelding til alle dei som starta på allmennlærarutdanning og ikkje vann å gjere seg ferdige. Det finst ingen oversikt over kor mange dette gjeld. 

Ny ordning frå 2010

Allmennlærarutdanninga blei erstatta av to ulike grunnskolelærarutdanningar i 2010. Etter kvart slutta høgskolane å undervise i dei gamle faga, og så ga dei heller ikkje eksamen i dei gamle faga.

Thorkildsen og andre som enno ikkje var heilt ferdig fekk dermed ikkje fullføre utdanninga si på høgskolen.

«Ved HiOA har vi arrangert alle de eksamensmulighetene vi er lovpålagt … Ved HiOA vil det ikke være mulig å kun gå opp til en eksamen», står det på nettsidene til høgskolen.

Men ifølgje forskrifta skulle dei hatt høve til å gjere det. «Studenter som følger tidligere rammeplaner har rett til å avlegge eksamen etter disse inntil 31. desember 2015».

Fekk ikkje ta eksamen

Jeanette Thorkildsen (bildet over) har vore i kontakt med høgskolen med jamne mellomrom sidan 2012. Til sist kontakta ho Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet, og dei sette advokaten sin på saken. I eit brev frå Kunnskapsdepartementet til Utdanningsforbundet står det at «Institusjonene må da innrette seg slik at studentenes rettigheter kan bli oppfylt».

I mellomtida har Thorkildsen jobba litt som lærar, men fordi ho mangla to eksamenar, så har ho vore rekna som ufaglært og hatt lågare lønn.

— Eg klarar ikkje heilt å tru på det, det er nesten uverkeleg at eg no skal bli ferdig, for dette har tatt så lang tid, seier ho. 

Gjeld ikkje berre HiOA

— Dette gjeld alle institusjonane som har hatt allmennlærarutdanning, og vi har hatt fleire liknande saker, som no må bli ordna på same måte som på HiOA, seier Marie Furulund, leiar for Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet.

I dag er det 18 universitet og høgskoler som har grunnskolelærarutdanning, og fleire av dei har nettsider der det står at det er for seint å ta eksamen i allmennlærarfaga. Furulund meiner at det ikkje stemmer, og at dei no må tilby eksamen om ein student krev det, sjølv om det er praksis ved fleire av høgskolane at dei ikkje vil tilby eksamen meir enn to år etter at dei har slutta å undervise i eit emne.

— No kan det same problemet dukke opp for førskolelærarane òg, meiner Furulund. Hausten 2013 blei førskolelærarutdanninga erstatta av barnehagelærarutdanninga.