nytt bygg
La ned digital grunnstein for nytt mediebygg
Det viktigaste enkeltprosjektet for Høgskulen i Volda på mange år, seier rektor Johann Roppen om mediebygget som no óg har fått ein digital grunnstein.

1.oktober fekk det nye mediebygget i Volda, som har fått namnet Sivert Aarflots hus, ein digital grunnstein.
Ifølgje Nærnett er dette den første digitale grunnsteinen til eit av Statsbygg sine prosjekt. For der ein grunnstein vanlegvis inneheld eit skrin der ein legg byggteikningar, aviser og liknand esom skal seia noko om tida bygget vart oppført, er dette for det nye mediebygget laga ein digital portal. Grunnsteinen vart difor eit klistremerke med ein QR-kode.
Frå rundkjøring til bygg
Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda, var naturleg nok nøgd etter seremonien. Han sa at bygget, som høgskulen fekk klarsignal til for vel eit år sidan, er det viktigaste enkeltprosjektet for høgskulen på mange år.

— Eg gler meg til å verta eitt med deg, Sivert Aarflot-bygget, sa dekan Kate Kartveit i si helsing.
I dei 4000 kvadratmetrane skal 500 mediestudentar og omlag 50 tilsette samlast, og det skal vera mange spesialrom. Studentane høyrer til fem ulike bachelorprogram og eitt masterprogram.
Simen Jester Langeland er masterstudent, og hadde tale på vegne av studentane. Sjølv er han ferdig med mastergrad i Volda berre månader før andre studentar kan ta i bruk det nyee bygget.
— Eg gler meg til å sjå korleis studentane inntek bygget. Og det er kjekt å sjå korleis høgskulen utviklar seg, sa Langeland, og fortalde at der nybygget no reiser seg, kunne ein tidlegare finna det han meiner må vera den minste rundkjøringa på Sunnmøre.
Håpar på pengar til innhald
Sivert Aarflot, som bygget har fått namn etter, var lensmann i Volda, og han skipa den første avisa, den første folkeboksamlinga og det første prenteverket på landsbygda i Noreg.
No skal mediestudentane flytta inn i dette bygget, og ut frå bygget som han namn etter sokneprest Hans Strøm. Men som Khrono har skrive, er det framleis ikkje sikkert om høgskulen får pengar til utstyr i nybygget. Rektor Roppen har tidlegare sagt at han håpar desse kjem med statsbudsjettet.
Nyeste artikler
Skal kartlegge kvanteteknologi i Norge
Professoren fekk Parkinson. Ein vert stempla som avvikar når ein brukar stokk, seier ho
Smekk, og deretter refinansiering?
Reagerer på at universitetene ikke får komme med høringsinnspill
Skal ikke undervise etter hets mot homofilt par
Mest lest
Professor advarer: — Kan skape hat mot kvinner
Allerede to uker før studiestart møter jeg et politisk akademia
Det tok oss noen minutter å plagiere Curt Rice og lure universitetets kontroll
Jenter har vært i klart flertall i høyere utdanning de siste 20 årene
Universitetenes utgifter til strøm har gått i taket