Studentane på kvoteprogrammet reiser til heimlandet etter endt utdanning i Noreg. Biletet er frå eit møte der ein drøfta eit felles, elektronisk læringsnettverk for afrikanske universitet. Foto: flickr.com/Tony Carr

Regjeringa vil endre på kvoteordninga

Fleire reagerar på at regjeringa vil endre kvoteordninga for utanlandsstudentar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Viserektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Anne Christine Johannessen, er uroa over kva konsekvensar ei nedlegging av kvoteprogrammet kan få, skriv På Høyden.

Kvelden før statsbudsjettet vart lagt fram fekk UiB-leiinga vita at kvoteprogrammet for utanlandske studentar vert føreslege endra.

Kvoteprogrammet slik ein kjenner det i dag vil verta endra, og erstatta av ei todeling: Ei satsing på BRIKS-landa (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika, journ.anm) og i tillegg Japan gjennom det såkalla Utforsk-programmet og eit partnarskapprogram med samarbeid med institusjonar i eit utval utviklingsland.

1.100 kvoteplassar

Kvoteordninga i dag omfattar studentar frå utviklingsland, land på Vest-Balkan, Aust-Europa og i Sentral-Asia, og har 1.100 studieplassar.

 Me ser for lite av effektane i kvoteordninga.

Bjørn Haugstad (H)

— Pengane forsvinn ikkje, og eg meiner at det er viktig at me no er aktive slik at me framleis kan halda fram med våre avtalar. Men samstundes er eg uroa for konsekvensane. Kva med dei utdanningsprogramma som er bygd opp rundt kvotestudentar?

Det sa viserektor Anne Christine Johannessen då ho informerte utdanningsutvalet ved Universitetet i Bergen onsdag.

Ifølgje statsbudsjettet vil ei gradvis avvikling av kvoteordninga frigjere 18 millionar kroner i 2016 som skal bli brukte på dei nye tiltaka.

Fasar gradvis ut

Analyseselskapet DAMVAD har gått gjennom kvoteordninga slik ho fungerer i dag. I evalueringsrapporten, som vart presentert i vår, er ein av hovudkonklusjonane at dei kunnskapspolitiske målsetjingane berre i lita grad vert oppfylte. Det heiter det i forslaget til statsbudsjett.

— Eg ser at høyringsuttalelsen vår er lytta til. Kvoteordninga vår vert fasa ut gradvis, slik at dei som er tekne opp no får fullføra. Men vanlegvis er 15. oktober ein søknadsfrist for kvoteordninga. Me vil ikkje kunne lysa ut noko no, før saka er handsama i Stortinget, sa Johannessen.

Det er Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) som får pengar og skal administrera dei nye ordningane.

UiO-professor kritisk

Klassekampen skriv om saka onsdag. Johanne Sundby, professor i samfunnsmedisin ved Universitet i Oslo (UiO), seier til avisa at kvotestudentane er viktige for universitetet. Ho er kritisk til regjeringa sitt forslag.

— Kvoteordninga gir oss moglegheit til å plukka flinke kandidatar frå sør. Me har allereie færre kvotestipend og finansieringsordningar enn tidlegare. Det gjer at me får fleire studentar som betalar sjølve og som har ein rikare bakgrunn, men kanskje ikkje same motivasjon eller interesse for å vidareutdanna seg, seier ho.

Ho seier òg at gjennom kvoteordninga får norske utdanningsinstitusjonar gjort feltarbeid i sør på ein mykje betre måte enn ein klarar sjølve, og at dei som forskar i Noreg kan ta med viktige tema til helsediskusjonen i heimlandet.

Kvote fungerer ikke

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet seier til Klassekampen at kvoteordninga ikkje fungerer etter intensjonen. Han seier òg at fleire av BRIKS-landa har ein stor del fattige, og at det ikkje er noko som hindrar norske utdanningsinstitusjonar i å inngå samarbeid som treff underprioriterte grupper.

Statssekretæren meiner at dagens kvoteordning har ein avgrensa utdanningspolitisk verknad.

— Det å ha studentar frå land i sør på campus gjer norsk høgare utdanning meir relevant og spanande. Men me ser for lite av effektane i kvoteordninga. Utlendingane er ikkje veldig integrerte i norsk studiekvardag, seier Haugstad til Klassekampen.

Pressemelding dagen før statsbudsjettet

På ettermiddagen før statsbudsjettet blei lagt fram sende Kunnskapsdepartementet ut ei pressemelding der dei informerer om det nye samarbeidsprosjektet Panorama, som er ein strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør Afrika (2016-2020), dei såkalla BRIKS-landa, pluss Japan. 

I pressemeldinga seier statsråd Torbjørn Røe Isaksen mellom anna: 

– Land som Kina, India og Brasil investerer tungt i utdanning og forsking som ledd i sine nasjonale vekststrategiar. Kina bruker snart meir middel til forsking enn USA, og indiske styresmakter planlegg å meir enn dobla andelen av ungdomskulla som studerer innan 2025. I tillegg er fleire av strategilanda viktige marknader for norsk næringsliv. Derfor må vi få på plass eit tettare samarbeid, seier Røe Isaksen.

I ein kommentar til Khrono den dagen statsbudsjettet blei lagt fram sa statssekretær Bjørn Haugstad (biletet over) at dei ville foreta ei omlegging av kvoteordninga. 

— Evaluering er tydelig på at ordninga ikkje har hatt nokon utdanningspolitisk verknad, sa Haugstad og at departementet no vil legge opp til eit partnerskap i sør på likeverdig basis. 

Frigjer 18 millionar kroner

I ei pressemelding frå SIU om statsbudsjettet kjem det fram at Gro Tjore, konstituert direktør i Senter for internasjonaliseing av utdanning (SIU) er nøgd med dei nye tiltaka der regjeringa vil starte avvikling av kvoteordninga frå studieåret 2016-2017, noko som vil frigjere nærmare 18 millionar kroner i 2016.

Ni av desse millionane foreslår Kunnskapsdepartementet å bruke på det nye partnarskapsprogrammet, som skal støtte institusjonelt samarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i sør. Studentmobilitet skal vere eit viktig element i programmet, som skal forvaltast av SIU, heiter det i meldinga.

– Vi trur et slikt program vil vere eit godt virkemiddel for å styrke samarbeidet med utdanningsinstitusjonar i utviklingsland. SIU ser fram til dialog med styresmakter og sektoren om utviklinga av det nye partnarskapsprogrammet, seier Gro Tjore, konstituert direktør i SIU i pressemeldinga.

Dei resterande ni millionane frå kvoteordninga, blir foreslått brukt til Panorama, ein ny strategi for forskings- og høgre utdanningssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika, som vil gjelde for perioden 2016–20.

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS