
Opnar for kjønnspoeng
Kjønn. Regjeringa opnar no for å gi tilleggspoeng til menn som søker på kvinnedominerte studier.
Kjønnsfordeling på studier
Fem studier med færrest mannlige søkere i 2016:
- HSN, studier i Telemark, Faglærer i formgiving, kunst og håndverk, 5%
- Nord universitet, Dyrepleie, 7 %
- NMBU, Dyrepleie, 7 %
- HSN, studier i Telemark, Tekstil - kunst og design, 9%
- UiT, Likestilling og kjønn, 9%
Fem studier med færrest kvinnelige søkere i 2016:
- NTNU, Ingeniør, data, Gjøvik, 5%
- HiØ, Ingeniør, elektro, 5%
- NTNU, Ingeniør, elektro, Gjøvik, 5%
- HiOA, Yrkesfaglærerutdanning i elektrofag, 6%
- UiT, Elektroteknikk, 6%
Torsdag blei det gjort ei rekke endringar i forskrifta om opptak til høgare utdanning. Ei av dei var at det blir opna for å gi inntil to tilleggspoeng på studium med svært skeiv kjønnsfordeling.
— Studentmassen innan dei ulike studia bør spegle samfunnet. Kjønn er ei side ved mangfald, og derfor bør det vere jamnare kjønnsbalanse i student- og tilsettgruppa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.
Les også: Får ikkje lov å kvotere inn gutter på veterinær
Gjeld fire utdanningar i år
I forskrifta heiter det no at det ved enkelte studium kan tildeles inntil to tilleggspoeng i ein begrensa periode, viss meir enn 80 prosent av studentane er av same kjønn.
I første omgang er det fire utdanningar dette gjeld. Det er veterinærutdanning og dyrepleiarutdanning ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og sjukepleiarutdanning ved Universitetet i Agder og Lovisenberg diakonale høgskole.
Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen hadde også søkt om å få ta del i ordninga, men det får dei ikkje, ettersom dei ikkje har skeiv nok fordeling.
NMBU er fornøgd
På Veterinærhøgskulen på NMBU er dei svært nøgde med resultatet.
— Desse tilleggspoenga er viktige for å få fleire mannlege studentar, særleg gir det effekt på veterinærstudiet. Det er ønskeleg at begge kjønn skal vere representerte både i vårt studiemiljø og blant norske veterinærar, seier dekan ved NMBU Veterinærhøgskolen, Anne Storset, i ei pressemelding.
— Når vi har tilleggspoeng for menn har vi stort sett hatt 10 til 20 prosent menn, noko som er eit minimum av kva vi burde ha, seier ho.