Høgskulane som kvalitetsideal?

Mange høgskulefolk vil nikke gjenkjennande til statsråd Isaksens fem punkt om kvalitet, skriv rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda.

Publisert Oppdatert

På kontaktkonferansen mellom Kunnskaspsdepartementet og høgskular og universitet har kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen reflektert vidare omkring den komande kvalitetsmeldinga.

Han la blant anna fram ei fempunktsliste, som eg oppfattar som viktige kvalitetstrekk ved høgare utdanning. Med vekt på utdanning.

Dei fem punkta Isaksen drøfta trur eg mange høgskulefolk vil nikke gjenkjennande til. Så kanskje dette er litt «velkomen etter»? Er det høgskulanes innarbeidde arbeidsmåtar som no har vorte også statsrådens ideal. I så fall – veldig kjekt!

Isaksen fem punkt:

  1. Høgskulane må ha høge ambisjonar på vegner av studentane. Institusjonane må vise at dei forventar mykje av studentane.
  2. Aktiviserande og varierte læringsformer. Ta i bruk ny teknologi, gi gode tilbakemeldingar og bruk varierte formidlingsformer.
  3. Dyrk fram ein kvalitetskultur, også på undervisning. Det bør vere like fint å drive undervisning som forsking. Og det er bra å ta ein del av utdanninga i utlandet
  4. Inkluder studentane meir i det kademiske fellesskapet, også i forskinga.
  5. Styrk samspelet med arbeidslivet. Her er i grunnen akademia vorte gode.

Dei fem punkta Isaksen drøfta trur eg mange høgskulefolk vil nikke gjenkjennande til. Så kanskje dette er litt «velkomen etter»?

Johann Roppen

Det er litt uklart for meg korleis desse fem nye punkta skal forståast i høve til dei tidlegare listene over kvalitetskriterier.

Men Isaksen varsla også at sektoren no vil bli invitert til å kome med innspel til den komande stortingsmeldinga som blir lagt fram i 2017.

(Innlegget er først publisert på Rektors blogg, hivolda.no under kontaktkonferansen 2016).

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS