Universitet må spare 250 mill
Over 300 tilsette må gå da Århus universitet skal spare pengar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det største universitetet i Danmark skal spare pengar. Det betyr at 94 vitskapleg tilsette og 214 teknisk-administrativt tilsette mistar jobben, skriv På Høyden.
Høgare utgifter og lågare inntekter er ifølgje Aarhus Universitet grunnen til at leiinga valde å starte ein omfattande kuttrunde.
Løyvingane til universitetssektoren har gått ned, dette er grunnen til sparekravet som leiinga kjem med. Institusjonen har gått med store underskot dei siste åra. Innan år 2016 skal universitetet ha gjort innsparingar på i alt 250 millionar norske kroner.
Før jul blei dei tilsette informerte om at innsparingane også ville føre til at kutt i talet på stillingar ved universitetet.
– Den økonomiske situasjonen er meir alvorleg enn forventa, og vi må difor gjennomføre innsparingar i år som kjem. Utgiftene har auka meir enn inntektene, og det kan ikkje halde fram, sa rektor Brian Bech Nielsen under eit allmøte før jul, melder Jyllandsposten.
Eit overslag danske Forskerforum har gjort, syner at 162 tilsette går etter frivilleg avtale, mens om lag 196 tilsette vert oppsagte. Av desse er 214 tilsette i teknisk-administrative stillingar, mens 94 arbeider i vitskaplege stillingar. Planen er at alle serviceytingar ved universitetet skal bli meir effektive.
Universitetet i Aarhus er det største i Danmark. Institusjonen har 40 000 studentar og 11 000 tilsette.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!