Kritikk mot 90 ubrukte millionar
Dei nasjonale sentera som skal bidra til gjennomføring av nasjonal utdanningspolitikk har 90 millionar kroner på bok. Departementet får kritikk frå Riksrevisjonen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Riksrevisjonen la torsdag fram sin årlege rapport. Der kjem det fram at Riksrevisjonen ser alvorleg på at Kunnskapsdepartementet har vurdert at dei nasjonale sentera i høg grad har nådd måla sine. Rapporteringa tar i stor grad utgangspunkt i tiltak- og oppgåver, og seier derfor ikkje noko om kva slags mål som skal bli nådd, meiner revisjonen.
90 ubrukte millionar
Riksrevisjonen finn det vidare kritikkverdig at pengar som er gitt i tilleggsoppdrag, ikkje er tilpassa sentera sin gjennomføringskapasitet. Ifølge tal frå Utdanningsdirektoratet, som er presenterte i revisjonsrapporten, fekk sentera samla tildelt 280 millionar kroner i tilleggsoppdrag for perioden 2011-2013, mens 90 millionar kroner altså sto ubrukte ved utgangen av 2013.
Departementet opplyser at det vil bli vurdert fleire tiltak for å bygge ned dei oppsamla midla, blant anna kan det være aktuelt å finansiere nye tilleggsoppdrag med pengane som ikkje er brukte.
Uklar styring
Riksrevisjonen har også merka seg at at det er utfordringar med delt ansvar for styring mellom Utdanningsdirektoratet og sentera sine vertsinstitusjonar, noko som gjer det vanskeleg med heilskapleg styring. Utdanningsdirektoratet har berre ansvar og myndigheit til å følge opp den faglege styringa, mens den administrative styringa ligg hos vertsinstitusjonane. Det er høgskolar og universitet som har ansvaret for dei nasjonale sentera. Ved Høgskolen i Oslo og Akershus ligg mellom anna Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring. NTNU i Trondheim har ansvaret for Matematikksenteret og Universitetet i Oslo for Naturfagsenteret.
Det er først gongen Riksrevisjonen tar for seg dei nasjonale sentera.
Lett å gjere noko med
— Vi kritiserer dei for dårleg styring av sentera, og det skulle det vere veldig enkelt å gjere noko med, raskt, seier ekspedisjonssjef Per Anders Engeseth (i miidten biletet over) i Riksrevisjonen til Khrono.
Stortinget sin kontrollkomitè, der riksrevisor Per Kristian Foss, sjølv har vore medlem i åtte år, fekk tidlegare på dagen presentert revisjonsrapporten og det var særleg to saker frå Kunnskapsdepartementet dei merka seg.
Private fag- og høgskolar
I tillegg til dei nasjonale sentera kritiserer også Riksrevisjonen departementet for mangelfull oppfølging av tilskott til private fag- og høgskolar. Løyving over statsbudsjettet var 1.1 milliard kroner til dei private høgskolane og 71 millionar kroner til dei private fagskolane. Kunnskapsdepartementet har ikkje evaluert tilskotta på dei 10 siste åra.
40 prosent fråfall
Riksrevisjonen merker seg også at ved einskilde private høgskolar avslutter 40 prosent av studentane bachelor-utdanninga si utan ei dokumentert utdanning. Departementet har ikkje analysert årsaka til det høge fråfallet av studentar hos dei private høgskolane. Og dei peiker på at høgt fråfall gir auka risiko for at måla med tilskottsordninga ikkje blir nådd og at dei ikkje får ønska effekt av statlege middel.
Revisjonen viser også til at departementet ikkje har følgd opp høgskolar med høg eigenkapital og store overskott. Departementet har ikkje så langt vurdert å redusere tilskott, og har heller ikkje tatt stilling til korleis eigenkapitalen blie behandla ved ei eventuell avvikling av skolane.
Fleire private høg- og fagskolar har også svak økonomi. Ved ei eventuell endlegging av skolane er det risiko for at studentane sine rettar ikkje blir oppfylte og at statstilskottet går tapt.
Kva med studentane?
Riksrevisjonen er også bekymra over at ulovleg uttak av verdiar hos private skolar. Dette kan resultere i at tilskott ikkje kjem studentane til gode.
— Spørsmål om kva som skal skje med studentane viss private høgskolar går konkurs er uavklart. Og kven eig eigenkapitalen der det er store middel på bok, er også viktige spørsmål å avklare, seier Engeseth, som legg til at kontrollkomiteen i Stortinget var oppteken av desse spørsmåla, og dei var overraska over stoda, både når det var snakk om dei nasjonale sentera og dei private fag- og høgskolane.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!