universitetet i bergen

Kreftforskar og tidlegare rektor Ole Didrik Lærum er død

Då Ole Didrik Lærum fylte 70, fekk han seg ny jobb i Danmark. No er den tidlegare kreftforskaren død, 82 år gamal.

Ole Didrik Lærum hadde eit langt liv i akademia. Vossingen studerte i Oslo, vart etterkvart tilsett i Bergen, men var sterkt knytt til Voss. Det var her han døydde 24. januar 2023.
Publisert Oppdatert

24. januar døydde Ole Didrik Lærum, 82 år gamal.

Ole Didrik Lærum vart fødd på Voss i 1940. I 1965 var han utdanna lege ved Universitetet i Oslo. Fire år seinare hadde han teke doktorgrad. Lærum spesialiserte seg innan patologi, først ved Rikshospitalet, og frå 1974 ved Gades Institutt ved Universitetet i Bergen (UiB). Han vart professor ved UiB i 1980 var deretter rektor frå 1990-95.

– Han jobba aktivt med kreftforsking og ville stå på sjølv om han hadde livstrugande sjukdom, fortel Birger Norderud Lærum, den eldste sonen hans, til Bergens Tidende.

Ole Didrik Lærum vart alvorleg sjuk i våren 2022.

— Akademisk bauta

— Ein markant universitetsleiar har gått ut av tida, skriv tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen, no ved UiT Noregs arktiske universitet, Dag Rune Olsen, på Twitter.

Den same plattforma nyttar òg Tore Furevik, direktør ved Nansensenteret, til å hylla Lærum:

— Ein strålande forskar, formidlar, samfunnsdebattant og ei stor inspirasjonskjelde er gått bort. Tidlegare rektor ved UiB, vossingen Ole Didrik Lærum, var ein akademisk bauta til siste stund.

Noverande UiB-rektor la ut si helsing på Facebook fredag føremiddag. Igjen står ikkje berre eitt livsverk, men fleire, skriv ho.

— Ole Didrik Lærum var både professor, kreftforskar, kulturmenneske, forfattar og historieforteljar. Me er mange som hugsar han med takksemd. Han var ein engasjerande formidlar, ein generøs rettleiar og ein framifrå forskar - beundringsverdig aktiv og oppdatert heilt til det siste.

— Eit strålande menneske

Også preses i Det Norske Vitenskaps-Akademiet, Lise Øvreås, har ei siste helsing.

— Ole Didrik Lærum var eit viktig og høgt respektert medlem i akademiet vårt. Han var eit strålande menneske og engasjerte seg sterkt i vår verksemd, skriv Øvreås i ein e-post til Khrono.

— Me er svært takksame for den innsatsen han la ned, og han vil verta djupt sakna, seier ho.

Lærum var preses og visepreses i Det Norske Videnskaps-Akademi frå 2005-2008. Han var Akademiet sin representant for European Academies Science Advisory Council (EASAC) i fleire år, og i tillegg svært aktiv like til det siste som medlem i Forskningsetisk utvalg i Akademiet.

— Ole Didrik Lærum var ein framifrå vitskapsmann, ein inspirerande lærar og rettleiar, ein engasjert formidlar, ein stor kulturperson og ein markant universitetsleiar. For UiB var han ein svært god rektor, skriv tidlegare UiB-rektor Sigmund Grønmo på si Facebook-side, og minnast Lærum som ein god samtalepartnar og venn.

Flytta til Danmark

Då Lærum fylte 70, kunne han ikkje lenger jobba i Noreg. Då søkte han seg til Danmark, som ikkje kan seia opp arbeidstakarar på grunn av aldersgrense. Då Bergens Tidende møtte Lærum i København i 2019, var han 78 år, og med i eit stort forskingsprosjekt om hjernekreft.

Lærum fekk fleire prisar, mellom anna Forskingsrådet sin formidlingspris, og han var Kommandør av St. Olavs Orden. Han var òg æresdoktor ved fleire universitet.

— Han har betydd så utruleg mykje for så mange. Me har reist mykje i familien, men Voss har alltid vore sentrum. Det var ei meining med at han fekk enda sitt liv her, seier sonen Birger Lærum til BT.

Han fortel at faren sin helsetilstand vart verre etter jul.

Lærum etterlet seg fem barn, fjorten barnebarn og eit oldebarn.

Oppdatert 27.01 kl 10.04 med kommentar frå Margareth Hagen, 13.18 med kommentar frå Lise Øvreås og 15.53 med kommentar frå Sigmund Grønmo

Powered by Labrador CMS