nord universitet
Kreativt bygg ikkje klart før i 2024
Styret ved Nord universitet har allereie sagt at dei ønskjer eit bygg for teaterfaga i Levanger. Men no kan bygget verta forseinka. Sjå styremøtet direkte her.

I fjor sommar vedtok styret ved Nord universitet at teatermiljøet skal få nytt bygg i Levanger. Då valde styret det mest omfattande alternativet, med teatersal og tre øvingssalar. Nybygget skal byggja saman to eksisterande bygg.
I fjor var vedtaket at styret skal få ei sak med endelege kostander før byggestart ved vedteke. Det skjer på det siste møtet før sommaren, som er 22. juni. Møtet kan du sjå direkte frå klokka 8.15 her.
Får ikkje tak i materiale
I forslaget til vedtak heiter det at styret seier ja, med mindre husleiga vert meir enn åtte millionar kroner i året. I saksframstillinga er denne sagt å skulle vera mellom 6,9 og 7,2 millionar kroner.
Men byggestart vert forseinka. På grunn av tilgang på byggemateriale vert det ikkje ferdig før tidleg i 2024 - ikkje hausten 2023, slik planen var.
Informasjonstryggleik
Andre saker på sakskartet er mellom anna arbeid med informasjonstryggleik, tilstandsrapport for høgare utdanning og revidering av ex.phil-forskrifta. Heile sakskartet finn du her.
Nyeste artikler
Forskerne fikk navnene sine på falsk artikkel: — Helt forferdelig
Navnet mitt på en artikkel jeg aldri skrev — med data som aldri fantes
Columbia utviser studentar etter pro-palestinsk demonstrasjon
Nerdenes hevn: Ble landets raskeste akademikere
Aasland vil ikke reversere kutt i scenekunst
Mest lest
Slår knallhardt tilbake: — Verre enn under den mørkeste middelalderens inkvisisjon
Gransking: Norges mest publiserende forsker opptrådte vitenskapelig uredelig
Mange hundre ansatte melder om uakseptabel oppførsel på universiteter
Frykter utpressing: Må utlevere navn på ansatte til alle som spør
NTNU-professor felt for plagiat etter gransking