Er Spotify ein trussel mot vitskapen? Ja, meiner 270 forskarar. Og Neil Young

Keep on rockin' in the free world, og andre Neil Young-låtar forsvinn frå Spotify etter at rockestjerna Neil Young protesterte mot uvitskapeleg desinformasjon på straumetenesta.

Konspirasjonar, vaksinemotstand, klimafornekting. No også på
Spotify

Publisert Oppdatert

Beskjeden til den svenske straumegiganten Spotify frå den canadisk-amerikanske rockeartisten var klar.

«They can have Rogan or Young. Not both».

Neil Young ville ikkje lenger ha musikken sin på Spotify. Ikkje så lenge podkastaren Joe Rogan var i same hus. Ikkje så lenge dei heldt fram med å pumpe ut desinformasjon og konspirasjonar.

Joe Rogan? Spotify? Neil Young? What's going on?

Neil Young har forklart at han blei inspirert av 270 medisinske forskarar, legar og sjukepleiarar som nyleg signerte eit opprop mot Spotify. Dei meiner Spotify er blitt ein av verdas største formidlarar av falsk og skadeleg informasjon. Det var intervjuet med den diskrediterte forskaren og virologen Robert Malone, kjent for sin konspiratoriske formidlingskunst og motstand mot covidvaksiner som fekk begeret til å flyte over for forskarane bak oppropet.

I intervjuet samanliknar Dr. Malone amerikanske helsestyresmakter med nazi-leiarane i Tyskland på 1930-talet.

Joe Rogan? Det var han som gjorde intervjuet.

Rogan er verdas største podkastar, mellom anna kjent for ufiltrerte intervju med høgst kontroversielle figurar. «The Joe Rogan Experience», som har gått sidan 2003, er i dag Spotifys største, og verdas største, podkast, med 11 millionar faste lyttarar.

Ifølgje den svenske avisa Dagens Nyheter har tilsette i Spotify protestert mot å ha Rogan på laget, men til inga nytte. Podkastaren signerte i 2020 ein avtale som sikra Rogan 100 millionar dollar, cirka 900 millionar kroner. Og altså, Spotify mange millionar fleire lyttarar. Dagen etter avtalen blei kjent gjekk aksjekursen til Spotify opp 7 prosent.

Neil Young? Denne veka begynte musikken hans å forsvinne frå straumetenesta.

Spotify valde Rogan.

— Diffuse grenser

— Podkastane har gått litt under radaren når det gjeld det vi tenker på som desinformasjon, seier professor i medieinnovasjon ved Universitetet i Oslo, Petter Bae Brandtzæg.

Merksemda har vore retta mot andre typar plattformer. Facebook. YouTube.

— Men dersom fleire og fleire ser at Spotify blir eit frirom for denne typen podkastar, vil presset auke, seier han.

Podkastane har gått litt under radaren når det gjeld det vi tenker på som desinformasjon

Petter Bae Brandtzæg

Mange av aktørane avviser kritikk med at dei ikkje er redigerte medium, dei er berre platformer for innhald produsert av andre. Men denne forklaringa er i ferd med å bli frynsete i kantane.

— Grenseovergangane er diffuse. Algoritmane styrer veldig mykje av innhaldet også på Spotify. Men det er gode grunnar til å spørje om dei inndirekte er ein innhaldsprodusent, og dermed bør avkrevjast større ansvar for kva som blir formidla på denne plattforma. Facebook og YouTube er blitt pressa ved mange anledningar. Når algoritmane i så stor grad styrer kva du og eg ser på plattforma, får dei også eit større ansvar for korleis algoritmane fungerer.

Men er verkeleg Spotify, trass sine 380 millionar aktive brukarar, ein generator for falske nyhende, kvasivitskap og konspirasjonsteoriar? Trass den veksande skogen av podkastar, og milliardavtalen med Rogan, det er musikken som strøymer til flest øyrer. Frå Rage Against the Machine til Henning Sommerro.

Dei 270 forskarane og legane som sendte oppropet mot Spotify og Rogan, meiner dei har ei sak. I deira argumentasjon er det svært kort veg frå podkast til sjukehusinnleggingar, død og eit korroderande helsevesen.

«Mistillit til forsking »

Snittalderen på Rogans lyttarar er 24 år, peikar dei på. Uvaksinerte mellom 12 og 34 år er i 12 gongar så stor fare som å andre på sjukehus på grunn av covid som dei som er fullvaksinerte, ifølgje forskarane.

Då blir intervjuet med antivaksaren, Dr. Malone, meir enn ein kuriositet.

«Masse-desinformasjon i denne skalen har ekstremt farlege ringverknader. Som vitskapsfolk møter vi ein backlash i takt veksande mistillit til forsking og kunnskap. Som undervisarar og forskingskommunikatorar hamnar oppgåva med å reparere dei øydelagde førestillingane om vitskap og medisin», skriv dei i oppropet til Spotify.

Skadeeffekten av at Spotify bidrar til denne situasjonen er enorm, meiner ifølgje underskrivarane, som krev at Spotify må etablere «klare retningslinjer for å moderere desinformajon».

Heilt uredigert er Spotify likevel ikkje.

Ifølgje Dagens Nyheter har Spotify tidlegare tatt bort 42 avsnitt frå Rogans podkast, mellom anna der han har intervjua høgreekstremistar som Alex Jones og Milo Yiannopoulos. Spotify har også reglar mot desinformasjon om vaksiner og pandemien. I løpet av dei siste to åra skal Spotify ha tatt bort 20 000 avsnitt frå andre podkastar for å ha brote med dette regeleverket.

Men Joe Rogans verk har fått stå urørt.

Infodemien

Kan Neil Young flytte på Spotify? Neppe. Kan for den del popartisten, og Neil Young-fan, Sigrid, om ho skulle finne på det? Neppe. Også ho er langt mindre og mindre viktig, målt i straumetal, i dollar og kamp om podkastmarknaden enn Rogans podkast.

— Faktaproduksjonen - «fakta i hermeteikn» er blitt demokratisert. Alle produserer sine fakta og spreier dei via nettet. Dette skjer også i forskingsmiljø, påpeikar Petter Brandtzæg.

Professor Petter Bae Brandtzæg meiner det blir stadig vanskelegare å orientere seg i informasjonslandskapet. - Når du først dukkar ned i dette, blir du svimmel, seier han.

— Det finst luretidsskrift, såkalla predatory journals, det finst falske konferansar. Det ligg både økonomiske og ideologiske motivasjonar bak. Når du først dukkar ned i dette, blir du svimmel. Der er veldig mange, det er veldig stort. Det er dette Verdas helseorganisasjon har kalla ein infodemi. Det blir meir og meir komplisert å orientere seg i dette landskapet fordi det kontinuerleg blir produsert enorme mengder innhald. Ingen var i nærleiken av å sjå dette komme 15 år tilbake i tid. Det var ei anna verd, seier han.

Rogan kjem til å halde fram med å ta imot kontroversielle gjestar, også frå vitskapsverda. Denne veka dukka den canadiske psykologiprofessoren Jordan Peterson opp i programmet. Peterson som er mest kjent for sine læresetningar til unge, retningslause menn, kom denne gongen med utsegner om klimaforskinga: Klimamodellane forskarane brukar er feilaktige, sa han, til sterke reaksjonar frå klimaforskarar og andre.

Ifølgje New York Times, erklærte YouTube (som er eigd av Google) i fjor at dei ville fjerne all feilinformasjon og gale påstandar om vaksiner. Det same skal Twitter og Facebook ha gjort i forvegen, og dei skal også ha retningslinjer for å avgrense spreiinga av desinformasjon på sine plattformer.

— Eg er ein jævla tosk

I tidlegare podkastar i 2021 har Rogan uttalt at vaksinering er unødvendig for unge og friske menneske. I ein seinare episode har han sagt at ikkje er antivaksar, ifølgje Reuters.

I eín samanheng har Rogan forsvart stilen sin på denne måten.

— Eg er ikkje nokon dokter, eg er ein jævla tosk (fucking moron), og eg er ein kommentator som slåst i bur, som ein skiten standup-komikar ... Eg er ikkje ei respektert kjelde til informasjon - ikkje ein gong for meg sjølv.

Ei gransking som tankesmia Brookings Institution i Washington gjennomførte nyleg peikte dei på Spotify som ei plattform som spreier store mengder villeiande informasjon, ifølgje Dagens Nyheter.

— Joe Rogan er langt frå åleine, konkluderer ein dataanalytikar i Brookings.

Parallelt med at Spotify seglar opp som eit medium for den store straumen av uredigert propaganda med farleg politisk og polariserande kraft, haglar andre plattformer inn på marknaden i høg fart. Som pratetenestene Discord og Telegram.

— Der ligg ei ny kjempeutfordring, seier medieprofessor Brandtzæg, som også er sjefforskar ved Sintef.

Djupt, falskt, komplekst

— Lenge har mange tenkt på korleis ein kan oppdage falsk informasjon i tekst, lyd og video. Men med stadig fleire plattformer og format, i tillegg til auka manipulasjon av lyd og levande bilde gjennom deep fake, blir det fleire og fleire lag å trenge gjennom. Dette blir berre meir og meir komplekst.

Brandtzæg trur dermed spørsmåla om grensene for ytringsfridom, om skiljet mellom informasjon og desinformasjon, om potensialet for utnytting av nettet til polariserande og kanskje farlege kampanjar frå ulike aktørar, vil bli tilsvarande meir påtrengande.

Neil Young seier det på sin måte, i karakteristikken av Spotify: Det er ein «heim for livsfarleg desinformasjon om covid». Oppsummeringa hans kling som ein tittel på ei låt som aldri kjem på Spotify:

«Lies being sold for money»

***

(Fredag kveld informerte Joni Mitchell på nettsida si om at også ho vil trekke musikken sin frå Spotify av same grunnar som Young).

***

Retting, 01.02.2022, kl. 13.15: I artikkelen stod det tidlegare at «Dr. Malone «skal mellom anna ha samanlikna covidrestriksjonar med nazistanes konsentrasjonsleirar». Det er ikkje rett. Malone nemner ikkje konsentrasjonsleiarane. I artikkelen er dette retta til «Malone samanliknar amerikanske helsestyresmakter med nazi-leiarane i Tyskland på 1930-talet».

Powered by Labrador CMS