forsking

— Konkurrentane ligg framom oss. Om vi sluttar å samarbeide, skyt vi oss sjølve i foten

Europa må bruke mykje meir pengar på grunnforsking for å henge med Kina og USA, seier Maria Leptin, president i Det europeiske forskingsrådet ERC.

— Det er mange mørke skyer på horisonten. Men som forskar kan du ikkje gi etter for dei, seier president i Det europeiske forskingsrådet, Maria Leptin.

— Herregud! Har det gått snart tre år allereie?

President i Det europeiske forskingsrådet, ERC (European Research Council), Maria Leptin, har akkurat fått sjekka inn på hotellet i Bergen, der ho er for å delta på eit arrangement «dedikert til fremragende forskning», som det heiter i presentasjonen frå Universitetet i Bergen.

I 2021, for to og eit halvt år sidan, for å vere presis, tok Leptin over posten som toppsjef for EUs store honningkrukke for eliteforskarar.

Fakta

European Research Council (ERC)

  • Det europeiske forskingsrådet (ERC) blei oppretta i 2007, og er del av EUs forskingsprogram, Horisont Europa.
  • ERC finansierer banebrytande forskingsprosjekt, uavhengig av nasjonalitet, fagfelt og alder og har fire hovudstipend: Starting Grants, Consolidator Grants, Advanced Grants og Synergy Grants.
  • ERC blir leia av eit uavhenig organ, Det vitskapelege rådet (Scientific Council). Maria Leptin har vore president, ERCs øvste leiar, sidan 2021. Eystein Jansen, professor ved Universitetet i Bergen, blei i 2022 valt til visepresident.
  • Budsjettet er på over 16 milliardar euro for perioden 2021-2027.

Kjelde: UiB/ERC

Eit grant, eller stipend, frå ERC er blant dei mest lukrative og prestisjefulle forskarar kan få. I eit intervju med Khrono den gongen, i 2021, gjekk ho friskt ut og erklærte at «målet er å legge grunnlaget» for ei dobling av budsjettet.

Budsjettet i perioden 2021—2027 er på drygt 16 milliardar euro, som i dag svarer til godt og vel 180 milliardar norske kroner.

— Då eg snakka om doble budsjettet … tja, det var vel ein slags vill idé. Det er sjølvsagt politikarane som bestemmer budsjettet. På den andre sida, det er fleire stemmer som no har tatt til orde for ein slik auke, seier Leptin til Khrono.

Ho peikar blant anna på den tidlegare italienske statsministeren Enrico Letta, som i april la fram ein rapport der han tok til orde for å legge eit femte punkt til lista av EUs såkalla fire fridomar, den frie flyten av varer, tenester og kapital og personar i unionen: Letta vil ha forsking og utdanning med som ein femte fridom — med ei dobling av forskingsbudsjettet på kjøpet.

— Så kjem det an på kven som lyttar og kva andre krav som når fram på det europeiske budsjettet. Eg trur mange har begynt å forstå at Europa ikkje vil vere konkurransedyktig utan pengar til forsking. Derfor er eg optimist.

Sjå opptak frå møtet med ERC og Leptin i Bergen 26. juni her (saka held fram under videoen):

Forstår satsing på militære

Leptin tok roret i kjølvatnet av pandemien og ein turbulent fase i ERC. Forgjengaren, Mauro Ferrari, gjekk ikkje stille i dørene då han trekte seg våren 2020, etter einstemmig mistillit mot han i ERCs vitskapelege råd.

Pandemien er historie, men krisene tar ikkje fri, med krig i Europa, geopolitiske dragkampar — og gamle kjende, som klima-, natur- og migrasjonsutfordringar.

På toppen av dette er det politiske landskapet i Europa i endring, med til dels høgreekstreme, og ikkje nødvendigvis forskingsvennlege, parti på frammarsj. Leptin trur, og håper, at heile det politiske spekteret forstår behovet for å finansiere dei «ville» ideane.

— Vi kan ikkje finne opp radioen på nytt. Kunstig intelligens (KI), for eksempel, spring ut av grunnforsking som ingen brydde seg om. Det var obskurt, ja, til og med i dag er det vanskeleg å forstå KI. Du treng alltid nye idear, ny kunnskap.

— Det finst ei uro innanfor akademia for at den auka satsinga på forsvar, militære og våpen i Europa no kan kome til å fortrenge anna viktig forsking. Kva tenker du om dette?

— Eg forstår og respekterer at Europa ikkje kan sakke akterut på dette feltet. Og det kostar. Men dette dreier seg i stor grad om den anvende forskinga. Å prioritere ned grunnforskinga i dette bildet, vil vere galskap. All anvend forsking kviler på grunnforskinga. Vi veit ikkje kva slags oppdagingar vi vil ha bruk for om fem, ti og tjue år, enten det gjeld forsvar, klima eller kva det måtte vere.

Vil halde på samarbeid

— Du er opptatt av at Europa ikkje skal tape i den globale konkurransen. Korleis ser du på balansen mellom konkurranse og samarbeid i lys av den globale, geopolitiske situasjonen?

— Konkurranse er ein integrert del og veldig viktig del av forskinga, ikkje minst på toppnivå. Så vi er alle vande med konkurranse. Samstundes veit vi, som forskarar, at det kan vere folk der ute som gjerne vil stele ideane våre. Likevel held vi fram med å samarbeide. Og vi held fram med å formidle og snakke offentleg om ideane våre. Slik kan vi få idear tilbake, til og med frå dei som er interesserte i å stele våre. 

— Sjølvsagt utleverer du ikkje resultata dine til din verste konkurrent, som du veit vil ta rotta på deg, for å seie det litt direkte. Men du kan ikkje stenge av samarbeid fordi du risikerer å tape. Det er litt det same med konkurransen mellom land: Dersom vi stenger av, sluttar vi å lære. Vi må dessutan innsjå at dei fremste konkurrentane ligg framom oss. Om vi sluttar å samarbeide med konkurrentane våre, skyt vi oss sjølve i foten.

— Og desse landa som er framom oss — det er?

— Kina og USA. Vi treng ikkje bli politiske, dette er objektive fakta, om du ser på siteringar, patent og så vidare.

— Industrileiarar forstår

Som forskar har Leptin ein formidabel CV å vise til. Ho tok doktorgraden i molekylærbiologi ved Basel Institute for Immunology i Sveits, før ho flytta til Cambridge i Storbritannia. Deretter gjekk turen til stilling som forskingsleiar ved Max Planck-instituttet i Tyskland.

Innimellom har ho forska ved andre kjende universitet i mellom anna Frankrike og USA. Ho er dessutan medlem i dei nasjonale vitskapsakademia i både USA, Tyskland og Storbritannia.

Men å gå tilbake til å forske, er blitt uaktuelt for biologiprofessoren.

Maria Leptin på besøk i Noreg,og for første gong i Bergen denne veka. — Europa må auke investeringane i forsking dersom vi ikkje skal tape i den globale konkurransen, seier ho.

— Då treng du ein lab, du treng ekspertise … det er slikt du bygger opp gjennom mange år, og det er veldig vanskeleg å re-etablere dette.

— Så om du skulle få ein «vill ide», er det likevel ikkje mogleg?

— Eg er redd det ville vere vanskeleg å implementere den ideen. Det kjem ei tid då ein kanskje skal tenke i andre retningar. Uansett ville eg ha trengt finansiering. Kanskje eg hadde trengt eit ERC-stipend!

Den andre «ville ideen», om å doble forskingsbudsjettet i EU og ERC, er kanskje heller ikkje realisert om Khrono får intervjue Leptin om nye tre år. Då rundar unionen av sitt 9. rammeprogram og skal avløyse det med eit nytt, med nye budsjett.

— Men eg vil halde fram med å forklare, og håpe, at folk ser dei rasjonelle argumenta for å satse på forsking. Interessant nok ser mange av dei leiande industrileiarane behovet for å støtte forsking med høg risiko — forsking dei sjølv ikkje kan utføre, men som dei kan dra nytte av. Så kanskje finst det støtte frå uventa hald, seier Leptin.

— Ikkje gi opp!

— I ei vanskeleg tid, med kutt i universitetssektoren, også i Noreg: Kva vil du seie til ein ung, ambisiøs forskar som håper å gå inn i ein vitskapeleg karriere i denne situasjonen?

— For det første må eg seie at det er deprimerande at universiteta, også i Noreg, må kutte og til og med seie opp folk. Men dei som går inn i forsking, gjer det fordi dei er nysgjerrige, og det er denne motivasjonen ein må følgje. Om du vil bli ein toppforskar, er det dessutan ekstremt viktig å ikkje gi opp.

— Og kanskje få eit ERC-stipend?

— Ja! Og dersom du ikkje når opp, ja då høyrer du til 90 prosent av søkarane. Det kan godt hende du er ein fantastisk idrettsutøvar, sjølv om du ikkje vinn gullmedalje i OL. Eg høyrde akkurat om nokon som klarte å få stipend på sjuande forsøk. Så om du ikkje når opp, prøv igjen. Dette er det som er konkurranse, seier Leptin.

Powered by Labrador CMS