Sveinung Skule blir ny direktør i Kompetanse Norge
Ny stilling. Sveinung Skule skiftar jobb og tiltrer som ny direktør i Kompetanse Norge frå februar 2020.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Skule kjem frå stillinga som administrerende direktør i Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU), skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Eg er veldig motivert til å bidra til å løyse viktige samfunnsutfordringar.
Sveinung Skule
Han har tidlegare vore forskingsdirektør ved Høgskulen i Oslo (no OsloMet), avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet og forskingsleiar i Fafo. Skule har doktorgrad i industriell økonomi.
Kompetanse Norge er eit direktorat under Kunnskapsdepartementet. Direktoratet skal arbeide for at alle skal få moglegheit til å tileigne seg naudsynt kompetanse og lære heile livet.
Direktoratet har hatt ein betydeleg vekst i både oppgåver og tilsette dei siste åra, og har fått ei tydelegare og meir omfattande rolle i kompetansepolitikken, står det vidare i pressemeldinga.
Skule gler seg til å ta til i den nye jobben.
— Eg har vore utruleg glad i jobben min her ved NIFU i 10 år. Men eg er på eit åremål som løper ut om to år og så styrer ein ikkje sjølv når dei spennande jobbane dukkar opp. Dette var så spennande at dette måtte eg hoppe på, seier påtroppande direktør Skule til Khrono. Han legg til:
— Kompetansepolitikken er på toppen av regjeringa sin agenda. Eg er veldig motivert til å bidra til å løyse viktige samfunnsutfordringar.
— Universitet- og høgskular viktige samarbeidspartnerar i ny reform
— På kva måte vil du ta med deg ditt arbeid i NIFU med forsking og høgare utdanning inn i den nye jobben i Kompetanse Norge?
— På fleire måtar. For det første er det veldig viktig at kompetansepolitikken er kunnskapsbasert. Difor vil eg halde fram med å ha kontakt med forskingsmiljø som jobbar på det feltet. Det er viktig å ha gode og kompetente forskingsmiljø som kan bidra med analysar og kunnskapsgrunnlag for kompetansepolitikken, på same måte som andre politikkområde, seier Skule. Han legg til:
— Det andre er at universiteta og høgskulane blir ein veldig viktig samarbeidspartner i å gjennomføre den komande kompetansereforma. Det er klart at dei sit på fantastisk mykje viktig kunnskap som må kome arbeidslivet til gode gjennom det livslange læringsløpet.
Skule gler seg til å ta til i arbeidet med å setje i verk den komande kompetansereforma som regjeringa skal legge fram tidleg neste år.
— Markussen-utvalet har kome med mange spennande, men også omstridde forslag. Men eg trur det skal vere mogleg å bli samde om måtar universiteta og høgskulane kan bidra i denne reforma, som både er positivt for universiteta og høgskulane og for arbeidslivet.
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner er glad for å få Skule med på laget.
— Kompetansepolitikken er høgt prioritert og eg er difor veldig glad for at Kompetanse Norge får ein direktør med stor fagleg tyngde og innsikt i kompetansepolitikken, seier Sanner.
(Saka er oppdatert den 8. november kl. 15.53 med sitat frå Sveinung Skule)
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!