mutantsmitte i bergen
Kommunen seier nei til teststasjon i studentby
Både studentsamskipnaden og studentane ønskjer at studentane kan koronatesta seg på Fantoft i Bergen. Kommunen seier nei.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Dei høge studentblokkene på Fantoft i Bergen ligg like ved byggeplassen der det har vorte påvist fleire koronasmitta. Studentsamskipnaden Sammen gjekk måndag ut med ei oppmoding til alle studentar om å testa seg. Problemet er at dei då må reisa til sentrum - ei kollektivreise unna.
NRK har snakka med Nikita Strand, som leier tillitsutvalet på Fantoft. Han seier at studentane ønskjer at det vil verta mogleg å testa seg på Fantoft - slik ein kunne ved Norges Handelshøyskole då det var utbrot i studentmiljøet der i fjor haust.
Også Sammen ønskjer testing på Fantoft.
— Me har bede om at koronapatruljen kjem til Fantoft, men har fått beskjed frå kommunen om at testkapasiteten er god nok på dei vanlege teststasjonane, seier Marita Monsen.
Det same seier helsebyråd Beate Husa til NRK.
Oppmodar framleis usikre til å testa seg
Monsen er kommunikasjonsdirektør i Sammen.
Studentsamskipnaden gjekk måndag ut og ba alle studentar på Fantoft om å testa seg. Måndag kveld sa legevaktsjef Dagrun Linchausen at dette ikkje var naudsynt. I ein sms til Bergens Tidende skreiv ho at dei som burde testa seg var dei som har vore på byggeplassen, dei som er nærkontakt til nokon som har vore på byggeplassen og dei som har symptom eller av andre grunnar mistenkjer sjukdom.
Men TV2 meldte måndag om bergensarar som har testa seg fordi dei har vore på matbutikken som ligg like ved både bybanestoppet og byggeplassen. Her har det truleg òg vore mange studentar innom. Dette er i tråd med det byråd Husa sa til BT søndag.
– Alle som har hatt kontakt med arbeidsplassen, men òg folk som bur i området og har gått på butikkane, særleg om dei kjenner på symptom, bør ha låg terskel for å testa seg.
— Me registrerer at legevaktsjefen modererer den oppmodinga som kom frå kommunen søndag. Det er ikkje eit krav at studentar som bur på Fantoft testar seg, men me vil oppmoda dei som er usikre eller utrygge til å gjera det, seier Monsen.
Stengjer fellesrom - opnar barnehage
Monsen seier at ein god del studentar allereie har testa seg og meldt samskipnaden at dei har fått negativt svar. Det same har allereie mange tilsette i barnehagane på Fantoft. Der vert det ordinær drift frå onsdag, på raudt nivå.
— Det hadde vore kritisk for oss dersom me hadde fått smitte inn i studentbyen. No stengjer me alle fellesrom og sosiale soner, seier Monsen.
Ho seier at det er færre enn vanleg som bur i studentbyen, mellom anna er dei felleskjøkena som vanlegvis har plass til 16 no berre brukt av åtte.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut