Ærefullt oppdrag
Klimaforskar skal halde Aarebrotforelesningen
Kikki Flesche Kleiven, klimaforskar ved Universitetet i Bergen, skal halde den tredje minneforelesinga etter avdøde professor Frank Aarebrot i 2021.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det melder Universitetet i Bergen (UiB) i ei pressemelding.
— Slik Frank Aarebrot brukte historia for å få oss til å forstå kva som hender rundt oss i samfunnet i dag, skal eg bruke geologiens historie og store endringar til å prøve å forstå kva planet vi bur på i dag, seier Kleiven i pressemeldinga.
Det er UiB som inviterer til Aarebrotforelesningen 17. januar 2021, saman med familien til Frank Aarebrot og Studentersamfunnet i Bergen. Dette blir tredje gongen maratonforelesinga på 200 minutt blir arrangert. Den er tidlegare blitt halden av professor i statsvitenskap Bernt Hagtvet og professor i rettsvitskap Jørn Øyrehagen Sunde.
Aarebrotforelesningen skal ifølgje UiB heidre den munnlege formidlingstradisjonen som Frank Aarebrot var ein sterk representant for. Den skal i utgangspunktet arrangerast på hans fødselsdag, 19. januar. Forelesinga skal haldast av ein fagperson som har utmerkt seg med særlege kvalitetar som forelesar i ein munnleg forteljarstil.
Frank Aarebrot var professor i samanliknande politikk ved UiB, og gjekk bort i 2017.