— Styresmakter i fleire europeiske land grip inn i forskinga på kjønn og likestilling, og det heng saman med høgrepopulismens frammarsj, seier redaktør i nyhetsmagasinet Kilden/kjønnsforskning.no.

«Angrepa på kjønnsforsking er eit angrep på heile akademia»

Kjønnsforsking. Ungarske styresmakter forbyr kjønnsforsking. Viktig at norske akademikarar tar avstand, meiner redaktør Linda Rustad, som får støtte frå professor Cathrine Holst.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Dette er del av eit større bilde, der styresmakter i fleire europeiske land grip inn i forskinga på kjønn og likestilling, seier redaktør i nyhetsmagasinet Kilden kjønnsforsking.no, Linda Marie Rustad, til På Høyden.

Rustad er i desse dagar på internasjonal konferanse i Göttingen, Tyskland, der ideologiske baserte angrep på kjønnsforskinga blir tema på fleire arrangement.

I Ungarn har statsminister Victor Orbán og regjeringa hans tatt mål av seg til å «avvikle det liberale demokratiet». Trass protestar frå mellom anna EU, held Orban fram med å demontere demokratiske pilarar, som domstolar og media. No står universiteta – og kjønnsforsking – for tur.

Sist månad erklærte regjeringa at kjønnsforsking, som er tilbod ved to av dei fremste universiteta i landet, ikkje lenger skal eksistere – fordi det skal vere i strid med tradisjonelle familieverdiar.

Det er svært viktig at akade-mikarar i andre land tar avstand frå det som skjer i Ungarn – både i forhold til det som hender med kjønns-forskarane no og det meir generelle angrepet på universiteta.

Cathrine Holst

— Det er svært viktig at akademikarar i andre land tar avstand frå det som skjer i Ungarn – både i forhold til det som hender med kjønnsforskarane no og det meir generelle angrepet på universiteta, seier professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitet i Oslo, Cathrine Holst.

– Legitim fagkritikk

Holst meiner vi kan sjå nokon av dei same ideologiske straumdraga i Noreg – men understrekar samstundes at det her er snakk om ein heilt annan situasjon.

– Framstegspartiet er vel det næraste vi kjem eit høgrepopulistisk parti i Noreg, men i regjering har partiet administrert og ført vidare ein sosialdemokratisk likestillingspolitikk, seier Holst.

Ho har notert seg På Høydens oppslag om den tidlegare studenten Kristian Eik som vurderer å saksøke Senter for kjønnsforsking (SKOK) ved Universitetet i Bergen (UiB) for ikkje å vere vitskapeleg. Dette er uttrykk for noko litt anna enn det som hender i Ungarn, meiner Holst.

– Det er er heilt legitimt med fagkritikk av kjønnsforskinga, det har eg også drive med sjølv. Men det er naturlegvis best om slik kritikk er informert, og også måten det skjer på er viktig. Det må ikkje vere i form av at styresmakter grip inn, og det er heller ikkje noko for rettssalen, seier Holst.

Rustad peikar på at det alltid har vore strid om fag og metodar.

– Dette har i seg sjølv ikkje noko med kjønnsforsking å gjere. Kjønnsforsking er ein tverrfagleg disiplin. Om ein skulle følgje Eiks linje, ville det ikkje vere plass til eit einaste humanistisk eller samfunnsvitskapeleg fag.

Men, meiner Rustad, den meir ideologiske kritikken av kjønnsforskinga finst også her i Noreg.

– Heldigvis står både samfunnsvitskapane og humaniora sterkt i Noreg, seier ho.

«Forsvarar normaliteten»

I samband med den annonserte avviklinga av kjønnsforsking i Ungarn uttalte presidentens talsmann, Istvan Hollik, til den tidlegare uavhengige, men no regjeringsstyrte fjernsynskanalen Hír:

— Det er ikkje hemmeleg at vårt mål er å gjere Ungarn til eit ekte kristeleg-demokratisk land, som forsvarar normaliteten og verdiar basert på kristne verdiar.

Kjønnsstudiar, er i følgje regjeringstalsmannen «ikkje ein vitskap, men ein ideologi nært knytt til liberal ideologi som ikkje passar inn her».

— Dette kan ikkje sjåast isolert, det er eit angrep på akademia, forsking og den akademiske fridomen generelt. Det er ein ideologisk motivert mistillit som har samanheng med høgrepopulismens frammarsj, og den rettar seg blant anna mot immigrasjon, feminisme og spesifikt mot kjønnsforskinga, seier Rustad.

Utviklinga i fleire andre land liknar på det som skjer i Ungarn.

— I Polen, Tsjekkia og Russland, i alle desse landa er både akademia og kjønnsforskinga under press etter liknande mønster. Eg håper norske akademiske institusjonar tar stilling og markerer avstand til dette, seier Rustad.

Ifølgje THE (Times Higher Education) gav Polens minister for vitskap og høgare utdanning, Jaroslaw Gowin, i fjor uttrykk for at visse tidsskrift om kjønnsforsking, og også dei som fokuserte på homofili, burde leggast ned.

Det tyske, høgrepopulistiske partiet, AfD (Alterantiv for Tyskland) har, Ifølgje THE, i sitt manifest at det vil stanse statsstøtte til kjønnsforsking

Kulturkrig

Kjønnsforskinga er eit fag mange høgrepopulistar har eit problem med, meiner journalist og forfattar Øyvind Strømmen.

— Det går inn i ein «kulturkrig» der ein med utgangspunkt i konservative verdiar er fiendtleg innstilt til fleire humaniora-fag, seier han.

Strømmen er ekspert på høgreekstreme miljø og kom nyleg med boka «Ungarn – en fortelling om Europa».

— Kulturkrigen som desse kreftene står for blir knytt saman med opprør mot elitane, det politiske korrekte, innvandringsmotstand og miljøvern. Det ligg ein ide under om at Europa på eit vis er i ferd med å gå tapt. Inn i dette går rørsler frå det ytre høgre til dei meir populistiske. Anti-intellektualisme er typisk for desse rørslene, det er ein del av opprøret mot eliten.

Cathrine Holst peikar også på motstanden mot elitane.

- Feministar er blitt skyteskyve for høgrepopulistar som gjerne framstiller dette som pådytta utanfrå, frå ein elite og frå EU. Dette ser vi både i Polen og Ungarn. Det at kjønnsforskinga blir angripen spesielt er uttrykk for ein generell motstand i desse partia og gruppene, som står for tradisjonelle kjønnsrollemønster og verdiar, som igjen blir kopla til nasjonal kultur. Dei ser radikalfeminisme der vi andre ser alminneleg likestilling og anti-diskriminering, seier Holst.

Protestar frå 48 land

To universitet i Ungarn underviser i kjønnsstudiar, ELT (Eötvös Loránd University) som er landets største og eldste, og CEU(Central European University). CEU er finansiert av den ungarskfødde filantropen George Soros, statsminister Orbans erkefiende. Orban har fleire gonger trua med å stenge ned heile universitetet.

Senter for kjønnsforsking i Bergen (SKOK) samarbeidar med kjønnsforskarar ved CEU.

Den europeiske universitetsforeininga, EUA, som representerer 800 universitet i 48 europeiske land, kom 24. august med ei offisiell fordømming av den ungarske regjeringas planar om å avvikle kjønnsforskinga.

— Det er eit kjenneteikn ved siviliserte samfunn at ein har frie universitet, der styresmaktene held seg på armlengdes avstand, seier Holst.

Denne veka blei det også kjent at ein student vil prøve å saksøke kjønnsstudiar i Bergen på grunn av manglande vitskaplegheit. Han fekk støtte fra professor Jan T. Lifjeld ved Universitetet i Oslo.

Senter for kjønnsforskning ved UiB har ikkje ønskt å uttale seg til På Høyden.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS