Vil krevje meir av studentane

Regjeringa foreslår å skjerpe opptakskrava til ei rekke studium.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Skjerpa karakterkrav til realfag og intervju før opptak til lærarstudiet. Slik er dei nye opptakskrava som er ute på høyring, skriv På Høyden.

— Det er viktig at ungdommar som begynner å realfagstudium på universitetet har dei nødvendige forkunnskapane. Vi tar sikte på å fastsette endringane før jul, slik at rådgjevarar og elevar i den vidaregåande skulen kan bli kjent med nye krav som får innverknad på deira val av programfag, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Dei skjerpa krava vil gjelde frå 2018.

Minstekrav i norsk

Regjeringa foreslår også å innføre særskilte opptakskrav til enkelte studium. Søkarar til sjukepleiarutdanninga må ifølge forslaget ha karakteren tre i norsk for å komme inn. Journaliststudiet ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) vil etter endringa krevje at studentane har minst karakteren fire i norsk.

Sjå her: Høyringsnotatet

Universiteter og høgskular som sjølv ønskjer det, kan kalle inn kvalifiserte søkarar til intervju.

Dei nye opptakskrava seier også at søkarar må ha realfagsmatematikk (R1 og R2) frå vidaregåande skule dersom dei vil studere realfag ved Universitetet i Bergen (UiB), UiT- Norges arktiske universitet og Universitetet i Oslo (UiO).

Universiteta i Bergen, Oslo og Tromsø har sjølve spelt inn forslaget om å stille fagspesifikke minstekrav til studentane.

Dei skjerpa krava vil vere ei forsøksordning, som skal evaluerast etter tre-fire år, melder Kunnskapsdepartementet.

Høyringsfristen er sett til 16. november.  

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS