3 i matte er ikkje stryk

I mine auge har ikkje dei som ikkje har fått karakteren 4 i matematikk, stroke, skriv høgskolelektor Karen Irene Høyland ved Høgskolen Stord/Haugesund.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg les i media at det er mykje merksemd rundt dette med stryk på eksamen etter endt forkurs i matematikk. Eg har nokre betraktningar som gjeld omtalen av desse kandidatane.

Det blir utheva at så og så mange strauk til eksamen. Når det gjeld stryk-karakter på vidaregåande skule er det karakteren 1. Når det gjeld stryk-karakter på høgskule- og universitetsnivå er er det karakteren F

Nytt krav for å koma inn på lærarutdanning frå 2016 er som kjent å ha minium karakteren 4 i matematikk. Desse elevane / kandidatane som har fått «stryk» på eksamen, har som kjent eit nivå som ligg mellom 3 og 4 (som var kriteriet for å få ta forkurset).

Litt forenkla kan me tenka oss at karakteren 4 på vidaregåande skule er om lag på nivå med karakteren C i høgare utdanning. Til orientering er følgande tekst i UHR (Universitets- og høgskolerådet) sin generelle karakterbeskriving av karakteren C slik:

C  -  god  -  Jevnt god prestasjon som er tilfredsstillende på de fleste områder. Kandidaten viser god vurderingsevne og selvstendighet på de viktigste områdene.

Eg er ikkje imponert over dei styrande som har handtert denne situa-sjonen

Karen Irene Høyland

Dette kan kanskje fungera som eit bakteppe i refleksjonen min over korleis ordlyden i media er med og påverkar synet vårt på desse elevane / kandidatane, og kva dei er gode for.

I den samanheng er eg ikkje imponert over dei styrande som har handtert denne situasjonen.

På den andre sida er eg svært imponert over alle de som brukte sommaren til å ta forkurs. Det viser eit engasjement som det står stor respekt av, og som indikerer kvalitetar som talar for seg.

Mange av dykk ligg på eit høgt karaktermessig snitt frå vidaregåande skule, men av ulike grunnar har de ikkje greidd å oppnå karakteren 4 i matematikk.

I mine auge har de ikkje stroke.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS