Kan bli utvist frå Noreg frå nyttår
Students at risk. Bhekumusa «Bheki» Dlamini frå Swaziland blei i 2015 invitert til Noreg og Universitetet i Bergen gjennom studentprogrammet Students at risk. Til nyttår står han i fare for å bli kasta ut av landet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Norske styresmakter og Utlendingsnemnda (UNE) trur ikkje på at Bheki Dlaminia kjem frå Swaziland, og vil nekte den tidlegarer masterstudenten ved Universitetet i Bergen asyl.
No blir Dlamini truleg sendt ut av landet fordi han ikkje klarar å bevisa at hans sørafrikanske tilknyting er falsk. Asylsøkjaren har to pass. Han skal ha skaffa seg falske papir då ha flykta frå Swaziland, men maktar ikkje overtyda om at passet er falskt.
Det var NRK Hordaland som først omtalte om saka.
Dei skriv at UNE legg til grunn at han er sørafrikansk statsborgar, og at han dermed er rekna som grunnlaus asylsøkar.
Denne saka har skapa ei viss uro hjå oss.
Dlamini og hans advokat, Brynjulf Risnes, stemna like før jul UNE for retten for å unngå utsending til Sør-Afrika. Saka har enno ikkje vore oppe for retten
Fredag har ikkje advokat Brynjulf Risnes fått tilbakemelding frå domstolen om saka blir tatt opp før årsskifte.
— Denne saka har skapa ei viss uro hjå oss. Det er jo hans situasjon i Swaziland som har brakt han til Noreg, og då er det vel rimeleg at det også blir lagt til grunn når ein ser på eventuell retur, seier universitetsrektor Dag Rune Olsen ved UiB. Dlimani søkte asyl etter å ha fullørt mastergraden ved universitetet i 2017.
Khrono har laurdag vore i kontakt med advokat, Risnes, som stadfester at NRKs framstilling av saka stemmer.
— Både mi gjennomgang av saka og dei opplysingar eg har fått frå Students at risk tyder på at han berre har brukt Sør-Afrika som eit transittland. Det er ein betydeleg fare for at han blir deportert til Swaziland om han blir sendt til Sør-Afrika, for på eit eller anna tidspunkt vil det bli oppdaga at statsborgarskapet der ikkje er korrekt, seier advokat Risnes til NRK.
Avdelingsleiar Georg Magne Rønnevig i UNE skriv dette i ein e-post til NRK:
— Ei samrøystes nemnd har konkludert med at hans forklaring om passet ikkje er truverdig. UNE meiner han ikkje risikerer forfølging ved retur til Sør-Afrika.
Nylige artikler
Trump med enda et slag mot internasjonal forskning
Akademisk frihet er ikke bare et prinsipp — det er et handlingsrom
Vi har skabt et system, der styrer forskere som hjerneløse robotsoldater
Universitet må selge splitter ny milliard-campus for å dekke underskudd
Hva er vårt forsvarsverk for akademisk frihet?
Mest leste artikler
Texas-universitet ville sensurere Platon på pensum
Studenten hadde kun én eksamen igjen da han ble tatt for fusk
Nobelprisvinner ut mot amerikansk akademia: — De har seg selv å takke
«Forskningsdetektiv» får 26 millioner etter å ha avslørt fusk
— Det er ingen grunn til å tro at vi uten videre kan stole på universitetene i krisetider