Dekan Karl Harald Søvig og fakultetsdirektør Øystein Iversen ser fram til å få skatterett inn igjen som eit forskingsfelt. Foto. Tor Farstad

Skatteetaten går tungt inn i skatteforsking

Forsking. Staten har rundt 1300 milliardar kroner i inntekter kvart år, det meste frå skatt og avgifter. Men juridisk forsking på skatt er i ferd med å døy ut.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Skatteetaten går inn med 16 millionar kroner over ti år for å vere med på å finansiere ei satsing på skatterett ved Universitetet i Bergen (UiB). Her kan du lese avtalen.

Ole Vincent Jebsen er seksjonssjef i juridisk stab i divisjon brukerdialog i Skatteetaten.

Fakta

Skatterett

Skatterett er sett som eit viktig felt innan jussen, men det har blitt færre tilsette på området.

Transocean-saka, der staten tapte er ei av sakene som har prega det offentlege ordskiftet dei siste åra.

I kjølvatnet av saka er det òg tatt til orde for meir skatteretsleg forsking.

— Vi har registrert at dei sentrale professorane i skatterett har blitt pensjonistar, og det er ikkje så mange som står klare til å ta over den skatterettsforskinga som har vore. Og slik vi forstår det står det heller ingen underskog av postdoktorar og førsteamanuensisar klare til å ta over, seier Jebsen.

Ved Universitetet i Oslo har dei framleis ein professor i skatterett, med vedkommande blir pensjonist om få år.

Vi treng akademia som vaktarar av den objektive skatteretten.

Ole Vincent Jebsen

— Vi treng akademia som vaktarar av den objektive skatteretten. Ofte har du Skatteetaten på den eine sida med en oppfatning av reglene, og skatteadvokatar på den andre med en annen rettsoppfatning. Då er det veldig bra at vi har akademia som vaktarar av skatteretten, med objektive akademikarar som kan bruke årevis på verkeleg å djupneanalysere problemstillingar, seier Jebsen.

Ikkje som i femtiåra

Universitetet i Bergen går sjølv inn med 25,5 millionar kroner på fagfeltet, og pengane skal mellom anna brukast til eit professorat, postdoktor- og stipendiatstillingar.

Karl Harald Søvig er dekan ved Det juridiske fakultetet på UiB.

— Fakultetet har lenge jobba opp mot Skatteetaten med tanke på å få til ein avtale. Ved dei tre juridiske fakulteta finst no berre éin professor i skatterett, sier Søvig.

Han legg til:

— Og alle er einige om at skatterett er viktig. Det finst sterke aktørar på begge sider, og då er det òg behov for eit sterkt akademisk miljø. Advokater arbeider med skatterett. Det same gjer skattemyndighetene. Nokre gongar har dei motstridande interessar. Då er det viktig å ha akademia som ein upartisk og uavhengig ekspert i midten.

Fakultetsdirektør Øystein Iversen har sjølv jobba som inkassosjef hos kemnaren, og sett utfordringa med manglande akademisk satsing på skatterett frå begge sider.

— Ein nasjon som Norge, som byggjer på den nordiske modellen for fellesskapsløysingar, er heilt avhengig av ei effektiv modell for skatteinnkreving, tilpassa ei ny tid, seier Iversen, uavhengig av kva skattenivå som blir vedtatt, seier Iversen.

Og kunnskapen må heile tida oppdaterast:

— Det er mykje som har endra seg sidan dei gode femtiåra, då Gerhardsen & co sat og gjorde sine skattevedtak, seier han.

Vil ha skattesamarbeid mellom NHH og UiB

— Men er de ikkje redde for at folk skal sjå forskinga som mindre uavhengig når de får pengar frå ein stor aktør som Skatteetaten?

— Det er eit stort og betimeleg spørsmål, startar dekan Søvig.

— Men vi må innrette oss etter dei rammevilkåra vi har. Dei har endra seg ved at delar av finansieringa ikkje skal gå direkte via staten. Ein søkjer òg Forskingsrådet og EU. Og så lenge vi er opne om desse avtalane, og vi på universitetet har styringa, meiner eg at vi er innanfor. Det er to grøfter ein må unngå: Den eine er å seie nei til alt, og berre ta imot pengar frå staten. Den andre er å by seg vekk til kven det skulle vere, og ta imot alt av pengar, meiner Søvig.

For Skatteetaten er det òg ein føresetnad at forskinga skal vere ubunden og fri.

— Forskinga skal sjølvsagt vere heilt uavhengig, men vi kan komme med framlegg om kva vi meiner kan vere verd å sjå på, seier Jebsen.

Skatteetaten har allereie eit samarbeid med Skattesenteret ved Norges Handelshøgskole (NHH), som dei òg støttar økonomisk. Sia starten i 2007 har dette senteret fått inn over 80 millionar kroner i eksterne midlar.

— Vi håper på å utvikle eit godt samarbeid mellom NHH, UiB og Skatteetaten, seier Jebsen.

Ein million til Oslo

Ved Universitetet i Oslo har dekan Dag Michalsen ved Det juridiske fakultetet merka seg samarbeidsprosjektet mellom Skatteetaten og Universitetet i Bergen.

— Eg er veldig glad for at Bergen har fått desse pengane. Problemet er dramatisk, fordi det nesten ikkje finst akademisk skatterettsforsking i Norge for tida. Ettersom skatt er så viktig for inntektsgrunnlaget til den norske staten er det overraskande. Men det er desto meir gledeleg at ein har funnet ei god løysing i Bergen, seier Michalsen.

Sjølv har han fått ein lovnad om éin million kroner frå Finansdepartementet til «styrking av det skattejuridiske miljøet ved Universitetet i Oslo» i revidert nasjonalbudsjett, men det er uklart korleis løyvinga kan brukast.

— Vi er i prosessar for å finne ut kva det inneber, seier Michalsen.

Alt for lite rettsvitskapleg forsking

Fakultetet i Oslo har allereie samarbeid med ekstern finansiering innan arbeidsrett, og Michalsen meiner at desse prosjekta er uproblematiske.

— Dei viktigaste eksterne bidraga til universiteta kjem frå Forskingsrådet og EU. Men på same tid er universiteta organiserte gjennom fagdisiplinar. Der oppstår det eit asymmetrisk forhold, der Forskingsrådet og EU ikkje har ansvar for disiplinutviklinga, men det har universiteta. Vi blir heile tida vridd i andre retningar enn den innretninga disiplinen har. Det kan sjølvsagt gjere liva våre rikare at vi får prosjekt som speglar samfunnsutfordringane, men på same tid er det viktig at løyvande styresmakter forstår at det er veldig kostbart å halde disiplinane vedlike.

Men hovudutfordringa for dei juridiske fakulteta ligg ein heilt annan stad, meiner Michalsen:

— Det store problemet er at det er for lite rettsvitskapleg forsking overhovudet, og at dei juridiske fakulteta etter mitt skjønn er generelt underfinansierte. Gitt at det er slik, vil eg ikkje seie at ei slik ekstern finansiering fører til noko skeiv utvikling av nokon som helst art.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS