rettssak

Juridisk fakultet frikjent i diskrimineringssak

Det var ikkje usakleg eller diskriminerande at Amrei Müller ikkje var tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, seier Oslo tingrett.

Oslo tingrett har frikjent Universitetet i Oslo.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Når den best kvalifiserte etter en helhetsvurdering har blitt ansatt i stillingen, kan det, som anført av statens prosessfullmektig, ikke foreligge noe brudd likestillings- og diskrimineringsloven. Retten kan da heller ikke se at det foreligger noen omstendigheter i saken som gir grunn til å tro at diskriminering har skjedd».

Det heiter det i dommen frå Oslo tingrett i saka mellom Amrei Müller og Universitetet i Oslo (UiO). Müller meinte seg urettvist handsama i ei tilsettingssak, og tok saka til retten. 30. juni kom dommen frå Oslo tingrett: UiO er frikjent. Müller må betala sakskostnadane deira.

Det var Rett24 som først skreiv om dommen.

Tre vart til ein

Som Khrono har skrive, handlar saka om ei tilsetjingssak ved Norsk senter for menneskerettar (SMR) ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo. Müller vart innstilt på førsteplass av den sakkunnige komiteen, men jobben gjekk til Marius Emberland. Han kom frå ei stilling ved regjeringsadvokaten sitt kontor. Emberland var innstilt på tredjeplass av den sakkunnige komiteen, men etter at instillings- og tilsettingsutvalet hadde sagt sitt, bytta dei om plasseringa av nummer ein og tre.

Amrei Muller gjekk til sak, og tapte. Biletet er frå den digitale rettssaka.

Professor Erling Hjelmeng sa i retten at bakgrunnen for dette i hovudsak var Müller sine norskkunnskapar. Ho hadde ei god prøveførelesing, men klarte ikkje å svara på alle spørsmåla som vart stilt etterpå. Hjelmeng var studiedekan og ein del av intervju- og prøveførelesingskomiteen.

Før rettssaka starta, sa Müller til Khrono at ho opplevde at det var ein motvilje mot å tilsetja utlendingar ved fakultetet.

— Sjølv i dei tilfella der dei har lært seg godt norsk, har skrive akademiske artiklar på norsk og har forska på norske rettslege tema og folkeretten sin verknad på det norske rettssystemet.

La vekt på pedagogikk og norskkunnskapar

I retten peika Müller sin advokat, Mari Vindedal, på at Muller, som er kvinne med utanlandsk opphav, forbigått av ein norsk mann som ikkje hadde like god vitskapeleg kompetanse. Ho la òg vekt på at det er skeiv kjønnsbalanse ved SMR. Müller krevde erstatning fordi ho meinte at ho hadde hatt eit økonomisk tap på grunn av det ho meinte var ei feil tilsetjing.

I dommen heiter det at tingretten er samd med det Staten, representert ved UiO, har sagt. UiO sin advokat Marco Vidar Lilli sa i retten av vedtaket om å tilsetja Emberland ikkje var noko brot på kvalifikasjonsprinsippet: Ja, Müller var best vitskapeleg kvalifisert, men instillings- og tilsettingsutvalet kan, etter ei heilskapsvurdering, sjå vekk frå det bedømmingskomiteen tilrår. Det vart lagt vekt på Emberland sine pedagogiske kvalifikasjonar, undervisningskompetanse og menneskerettskompetanse, som han har fått i stillinga hos regjeringsadvokaten. Det vart òg lagt vekt på at han har betre norskkunnskapar, og kan undervisa på norsk frå dag ein.

Staten vert difor frikjent.

«Retten har etter dette kommet til at det ikke foreligger noe brudd på kvalifikasjonsprinsippet i statsansatteloven § 3, brudd på likestillings- og diskrimineringsloven eller ugyldighet på grunn av feil faktum eller saksbehandlingsfeil. Det foreligger dermed ikke noe grunnlag for Amrei Müllers krav på erstatning».

Vurderer anke

— UiO har fått medhald fullt ut, seier advokat Marco Vidar Lilli til Khrono, og viser til UiO for fleire kommentarar.

Juss-dekan Ragnhild Hennum ønskjer ikkje å kommentera dommen.

— Me er tilfreds med resultatet. Vårt syn vart høyrt i retten, seier Hennum.

Mari Vindedal skriv i ein epost til Khrono at ho og Müller naturleg nok er skuffa over resultatet.

— Samstundes visste me at det ville vera vanskeleg for ein arbeidssøkjar å nå fram overfor staten, og me difor ikkje spesielt overraska, skriv Vindedal.

Ho meiner at dommen inneber at den som tilset har så stor fridom i sine vurderingar at kvalifikasjonsprinsippet i realiteten ikkje kan verta handheva,

— Det betyr òg at tilsetjingar i akademia misser mykje av den vitskapelege forankringa, sjølv når det er presisert i utlysinga skal vega tyngst, seier Vindedal.

Ho seier ho registrerer at retten ikkje går inn på det som handlar om motvilje mot å tilsetja utanlandske søkjarar.

— No vil me gå grundig gjennom grunngivinga i dommen og vurdera om det er grunnlag for å anka.

Mindre føreseieleg

— Å gi så mykje fridom til universiteta til å avvika frå teksten i stillingsannonsen, hjelper ikkje dei som søkjer jobb. Det gjer prosessen endå mindre føreseieleg for dei, ein kan ikkje vita korleis dei som skal tilsetja brukar den store fridommen sin.

Det skriv Amrei Müller sjølv i ein epost til Khrono.

Ho meiner at dommen betyr at kvalifikasjonsprinsippet er dødt.

— Frå ein jobbsøkjar sitt perspektiv vil eg gjerne oppmoda det juridiske fakultetet om å vera meir presise i stillingsutlysingar i framtida. Dersom ein meiner at røynsle frå arbeidslivet er like viktig eller viktigare enn vitskapelege kvalifikasjonar, er det å ønska at dei ikkje skriv i utlysinga at «vitenskapelige kvalifikasjoner tillegges vekt foran øvrige faglige og andre kvalifikasjoner». Og dersom ein ønskjer at søkjaren har norsk, juridisk mastergrad, er det å ønska at det i utlysinga vert sagt at det er eit absolutt krav, skriv ho.

(Saka er oppdatert kl 15.21 med kommentar frå Ragnhild Hennum og kl 16.01 med kommentar frå Mari Vindedal. Deretter oppdatert 1.7 kl 9.59 med kommentarar frå Müller)

Powered by Labrador CMS