Adventskalender

Juleynske: Betre levevilkår for studentane

OsloMet-rektor Christen Krogh meiner studentane får for lite i statsbudsjettet for 2023. Han skulle ynskt at dei fekk nok støtte til å kunna studera meir og jobba mindre.

Utan forskinga vår og utdanningane våre vert samfunnet fattigare, seier rektor ved Oslo Met, Christen Krogh.
Publisert Oppdatert
Fakta

Adventskalender 2022

  • I dagane fram mot jul vil du møta kjende og ukjende personar i og rundt universiteta, høgskulane og institutta våre.
  • Dei skal få oppsummera året som har gått, og dei skal få koma med ynske for 2023.
  • I dag møter du Christen Krogh, som er rektor ved Oslo Met - storbyuniversitetet.

Bak den 7. luka i Khronos adventskalender finn me rektor ved OsloMet, Christen Krogh.

— Christen Krogh, korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?

— 2022 har vore eit år med kontrastar. Ikkje før hadde me trekt eit sukk av lette for at koronapandemien var over, før Russland invaderte Ukraina. Me har hatt straumkrise, Forskingsrådet har mangla pengar, det er dyrtid og budsjetta til universiteta er ikkje lenger kva dei var. Men når me ser tilbake på 2022, er det nok krigen i Ukraina me vil hugsa. Russlands invasjon i Europa har prega heile samfunnet, inkludert universitet og høgskular.

— For OsloMet sin del har me sett inn ekstra tiltak for å utdanna ukrainske tolkar, me har gjort studium tilgjengelege for ukrainske flyktningar, me har prøvd å forsterka dei faglege relasjonane me har til ukrainske samarbeidspartnarar, og me har invitert nokre av dei til å jobba hos oss. Og så har me gjort det som universitet gjer når noko skjer i verda; kome saman for å setja lys på situasjonen frå ulike faglege perspektiv for å forstå det som skjer. Slik eg ser det, har 2022 gjeve universiteta og høgskulane eit breiare perspektiv på kva det vil seia å vera institusjonar som både er regionale, nasjonale og internasjonale.

— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?

— Det er fleire inntrykk som konkurrerer om å vera dei finaste. Eg synest til dømes det var stort å vera med på avslutningsseremonien for årets sjukepleiarstudentar i Oslo Rådhus. I to omgangar vart totalt fleire enn eit halvt tusen nyslegne sjukepleiarar takkar for innsatsen som studentar. Det var dessutan flott å sjå resultata frå det første kullet som har gått femårig lærarutdanning. Eit samla lag med fagtilsette har arbeidd veldig godt for å hjelpa fram dette første kullet.

— Eg synest også doktorkreeringa i vår og utnemninga av æresdoktorar var fint å vera med på. Samfunnet treng fleire forskarar både i og utanfor akademia, og årets doktorar viste ei viktig breidde i dei temaa som dei forska på.

— Størst var det likevel å møta over 5000 nye studentar på St. Hanshaugen ved semesterstart. Med så mange flinke, nye studentar har eg god tru på framtida.

— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?

— Den største utfordringa for OsloMet, som for alle andre universitet og høgskular, er å sjå til at me tilpassar aktiviteten vår til det samfunnet treng og til dei midlane me får. Statsbudsjettet for 2023 gjev oss trongare vilkår enn på lenge, og me har byrja å diskutera korleis me skal justera oss til ein ny røyndom. Det er viktig for oss at dette ikkje går ut over samfunnsoppdraget. OsloMet er ein forskings- og utdanningsinstitusjon som treffer velferdssamfunnet med breisida. Utan forskinga vår og utdanningane våre vert samfunnet fattigare.

— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?

— Eg ynskjer at studentane skal få betre levevilkår. Det er gratis å studera i Noreg, men det er dyrt å leva som student – særskilt i dei store byane. Med forliket om statsbudsjettet ligg det an til ein auke for studentane, men det er ikkje nok, slik eg ser det. Studentane fortener å ha ein reell moglegheit til å ikkje måtta jobba så mykje ved sida av studiane at det går ut over studieprogresjonen. Samtidig skulle eg også ynskt meg at me ikkje innfører skulepengar for internasjonale studentar, eller at fylgjene av det i alle fall vert greidd ut i staden for å innføra dette alt frå 2023.

— Kva skal du gjera i jula?

— Vera saman med familie og vener.

Powered by Labrador CMS