Rektor Johann Roppen fotograferer høgskuledirektør Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen, (t.v.), statsråd Iselin Nybø og styremedlem Inger Østensjø., som alle var tilstades på Høgskulen i Volda sitt sytemøte i Fosnavåg fredag. Foto: Hilde Kristin Strand
Rektor Johann Roppen fotograferer høgskuledirektør Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen, (t.v.), statsråd Iselin Nybø og styremedlem Inger Østensjø., som alle var tilstades på Høgskulen i Volda sitt sytemøte i Fosnavåg fredag. Foto: Hilde Kristin Strand

Nybø oppmoda Volda-styret til å halde fram med strukturdebatten

Struktur. Styra må ta strukturdebatten, sa statsråd Iselin Nybø då ho besøkte høgskulestyret i Volda. Men Nybø medgir at debatten ikkje nødvendigvis er enkel.

Publisert

Forsnavåg (Khrono): — Stormen rundt strukturendringar kjenner eg kvar dag. Det rører seg.

Det sa forskings-og høgare utdanningsminister Iselin Nybø då ho hadde møte med Høgskulen i Volda sitt styre torsdag. Ho viste mellom anna til at det skjer endringar i instituttsektoren.

Betre veg, fleire studentar

Fakta

Strukturreformen

Stortingsmelding 18 (2014-2015) «Konsentrasjon for kvalitet – Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren» la grunnlaget for en omfattende reform i UH-sektoren.

Bakgrunnen var små, sårbare fagmiljøer, spredte og små utdanningstilbud, samlet lav deltakelse på internasjonale arenaer for konkurransebasert finansiering og lite internasjonal publisering.

Regjeringen ønsket å samle ressursene på færre, men sterkere institusjoner, med tydelige faglige profiler, men beholde mangfoldet i sektoren.

Regjeringen satte følgende mål for reformen: - utdanning og forskning av høy kvalitet - robuste fagmiljøer - god tilgang til utdanning og kompetanse over hele landet - regional utvikling - verdensledende fagmiljøer - effektiv ressursbruk

Universiteter og høgskoler som er fusjonert som følge av reformen:

  • Nord universitet
  • NTNU
  • Universitetet i Bergen
  • UiT Norges arktiske uiversitet
  • Høgskolen i Innlandet
  • Universitetet i Sørøst-Norge
  • Høgskulen på Vestlandet
  • VID vitenskapelige høgskole

Kilde: Kunnskapsdepartementet

Styremøtet var i Fosnavåg. Å koma seg dit er nesten som i songen frå MGP Junior «Over eit fjell, gjennom ein tunnel» - og dessutan med eit lite, grønt og kvitt fly, noko statsråden medgir at ho ikkje er så glad i.

Frå Fosnavåg til Volda er det ein knapp times køyretur, og rektor Johann Roppen nemnde samferdsel og nye vegsamband som noko av årsaka til at høgskulen har det høgaste studenttalet nokon gong. Men samstundes er ein av dei aller minste utdanningsinstitusjonane.

Det er berre Østfold som i tillegg til Volda, Molde og Samisk høgskole som som framleis er åleine, utan å ha fusjonert med nokon.

Høgskilen i Innlandet og Høgskulen på Vestlandet har begge ambisjonar om å verta universitet. Høgskolen i Innlandet har allereie levert akkrediteringssøknad.

Nybø peika på kor viktig utdanningsinstitujonane er for regionen.

— Utdanning er noko av det viktigaste me som samfunn kan driva med. Men dette gjeld ikkje berre i Volda, ein kan til dømes sjå til Stavanger-regionen og kor viktig Universitetet i Stavanger er der, sa Nybø.

Dei vanskelege debattane

Nybø var invitert på besøk til det nye høgskulestyret.

— Den fremste oppgåva til styret er å tenkja på korleis ein kan utvikla institusjonen. Korleis vil det sjå ut om ti år? Femten? Femti? Det som skjer no har ringverknader fram i tid, sa Nybø.

Det var i denne samanheng ho trekte fram strukturdebatten. Den bør og må styra ta, meiner statsråden.

Det er litt som å gjeta kattar.
Iselin Nybø
Statsråd

— De må sjå på landskapet rundt dykk og finna dykkar plass. Det er styret sitt ansvar å syta føre at denne regionen har tilgang på kompetanse. Eg seier ikkje at det er eitt rett svar, eller ein enkel debatt, sa Nybø.

Ho la vekt på at eit styre må ha rom for å ta dei debattane som kan vera krevjande.

— Ein må ha eit samarbeidsklima som gjer at ein vågar å ta tøffe diskusjonar, sa ho.

Ein fusjon er heller ikkje nødvendigvis berre enkel. Nybø viste til ulike døme.

— Eg har inntrykk av at ein i Finnmark er nøgd etter samanslåinga med Universitetet i Tromsø, og me ser at det er fleire studentar enn før i Finnmark. Like nøgd er ein ikkje i Nesna, så ærlege må ein vera. Og så har ein Høgskulen på Vestlandet, som har lang reiseveg mellom studiestadane. Dei kan til dømes ikkje ha uformelle møte på gangen.

Vil halda saka varm

Rektor Johann Roppen har vore tydeleg på at han meiner at åleinegang er det beste for Høgskulen i Volda.

— Eg opplever at me vert oppmoda til å halda struktursaka varm, seier Roppen til Khrono.

Når det nye styret skal i gang med strategidebatt til våren, tenkjer eg at struktur er eit naturleg tema.
Johann Roppen
Rektor, Høgskulen i Volda

— Det har me gjort så langt. Det førre styret ba om å få ei munnleg orientering i kvart møte. Når det nye styret skal i gang med strategidebatt til våren, tenkjer eg at struktur er eit naturleg tema.

Ei av sakene som stod på styret sin dagsorden var ein status på tilbakemeldinga frå etatstyringsmøtet. Der vart det, som Khrono har skrive, mellom anna peika på at Høgskulen i Volda publiserer lite. I tillegg er det fleire av dei tilsette i førstestilling som er på veg over i pensjonistane sine rekkjer.

Dette var òg noko Nybø trekte fram.

— De har eit potensiale når det gjeld publisering, sa ho.

— Korleis kan ein rekruttera dei flinkaste til ein høgskule som ligg utanfor dei største byane?

— Det er ei av utfordringane høgskulen har, og det er noko høgskulen må legga ein plan for. Ein må rekruttera nokre frå eigne rekkjer, og så må ein visa fram kva ein kan tilby, seier Nybø til Khrono.

Iselin Nybø understreka at ho ikkje hadde invitert seg sjølv til Høgskulen i Volda sitt styremøte, slik ho gjorde då Nord univerisitet hadde møte i vinter. Foto: Hilde Kristin Strand
Iselin Nybø understreka at ho ikkje hadde invitert seg sjølv til Høgskulen i Volda sitt styremøte, slik ho gjorde då Nord univerisitet hadde møte i vinter. Foto: Hilde Kristin Strand

Vera noko anna enn ein er?

Nybø nemnde at arbeidet med ei eiga styringsmelding er i gang. Førebels er det ikkje bestemt om dette vert ei eiga stortingsmelding, eller om det vert ein meldingsdel i proposisjonen om ny universitets- og høgskulelov.

—Det er litt som å gjeta kattar. Institusjonane er autonome. Men samstundes er dei organiserte rett under den til ei kvar ansvarlege statstråden, sa Nybø.

— Når du seier at me må finna vår plass, ser eg det som ei erkjenning av at me ikkje nødvendigvis skal vera noko anna enn me er. Me skal ikkje vera best på forsking, me er ikkje eit universitete. Men me vert målt etter dei same parametra. Kan meir differensiert måling av ulike institusjonar vera noko å ta med seg til arbeidet med styringsmeldinga, spurte høgskuledirektør Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen.

— Eg er open for å sjå på justeringar, sa Nybø i møtet.

Ho utdjupar til Khrono:

— Ein vert finansiert på same måte, og det har eg opplevd at er viktig. Men ein kan òg målretta tiltak.