Styring, ikkje ledelse

Valgt eller tilsett rektor handlar om mykje meir enn å finne ein dyktig leiar. Det dreier seg ikkje om god eller dårleg ledelse, men om akademias sjel, skriv Erik Døving i dette innlegget.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den snart utbrente debatten om valgt eller tilsett rektor gir inntrykk av at saka dreier seg om ledelse og om to alternative metodar for å finne den «best kvalifiserte» til rektorstillinga. Dette er snevert og misvisande. Valget står mellom normalordninga der rektor blir valgt av og står ansvarleg overfor veljarane (medan direktøren står til rette overfor styret), og ei alternativ styringsordning der rektor står ansvarleg overfor styret.

Ved tilsett rektor vil styreleiar vere ein ekstern person som i praksis har fritt mandat, i kontrast til ein valgt rektor som har mandat frå organisasjonen. Delt vs enhetlig ledelse og rekrutteringsprosess følgjer som ein konsekvens og er eit underordna poeng.

Modellen med ein dagleg leiar som står til rette overfor styret som i sin tur representerer eigaren gir meining i næringslivet der oppgåva er å forvalte aksjeeigarane sine interesser. Men som Åge Garnes skriv i eit innlegg ser dette annleis for universitet og høgskular: «Eierne er oss alle.» For å forstå den akademiske styringsordning må vi ta utgangspunkt i akademisk autonomi på to nivå: Akademisk fridom for forskaren, og akademisk sjølvstyre for institusjonen.

Det er fleire grunnar til at vi har akademisk autonomi, særleg viktig er det at akademia skal vere fri for politisk innblanding i faglege spørsmål. Akademia skal også vere fri for bindingar til den rike makteliten. Akademias styringsordningar er med andre ord laga for at det skal vere ein fristad. I tillegg til å svekke dette sjølvstyret legg ei ordning med tilsett rektor opp til ein uakademisk maktkonsentrasjon.

HiOA er i utgangspunkt ein altfor topptung organisasjon, overgang til tilsett rektor vil gjere organisasjonen endå meir topptung: Rektor vil då samle alle trådande hos seg, og rektor vil stå til rette berre overfor styret (og ikkje for organisasjonen samla som i dag). I teorien skulle ein tru at med ein ekstern styreleiar vil styret vere meir uavhengig og vil lettare kunne utføre sin kontrollfunksjon, men dette krev at styret i tillegg til å vere kompetent også er godt informert.

Dersom det er snobberi å forsvare akademisk demokrati, akademisk fridom og tradisjonelle akademiske dyder, ja då er eg ein snobb utan å skamme meg. 

Erik Døving

Ein ekstern styreleiar er prisgitt den informasjon som rektor legg fram, til forskjell frå ein valgt rektor som er arbeidande styreleiar. Nettoresultatet kan då bli at styret faktisk får ei svekke stilling overfor rektor.

Dersom det er snobberi å forsvare akademisk demokrati, akademisk fridom og tradisjonelle akademiske dyder, ja då er eg ein snobb utan å skamme meg. Dersom nokon vil invitere til «tea party» for å forsvare akademia mot bedriftifisering, ja, då kan eg godt vere med i teselskapet.

Akademias grunnverdiar er langt viktigare å forsvare i dag når professorane er proletariserte og akademia trinn for trinn blir omskapt i Orklas bilde. «Vi må fastholde at universitetet ikke er en bedrift. (…) Da gjelder det å motvirke tendensen til at ledelse på alle nivåer handler om strategisk og teknokratisk tilpasning,» seier Fredrik Thue til Morgenbladet (7. november). I same avis skriv Kristian Gundersen: «Universitetene skal være korrektiver til så vel stat som marked, og ikke underbruk av dem.»

Når det bli ropt på ein sterk leiar, når det blir klaga over akademisk fridom og når det er slik motvilje mot demokratiske ordningar, ja då er det på tide å ta ein tenkepause. HiOA har ambisjon om å bli universitet og då lovar det ikkje godt at organisasjonen trinn for trinn blir mindre akademisk. HiOA oppnår ikkje legitimitet ved å lage ein dårleg kopi av Aker eller Orkla. Akademia har legitimitet ved å vere noko anna enn stat og marknad. Vi må våge å stole på oss sjølve.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS