Målet er at ingen skal måtte sitte igjen ved UiB
«Ansvar for eiga læring» skal ikkje vera ei kvilepute for oss som utdanningsinstitusjon, skriv viserektor for utdanning ved universitetet, Oddrun Samdal.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Innlegget er tidligere publisert i Studvest).
I eit innlegg i Studvest kunne ein lesa om «Da jentene på sampol måtte sitte igjen». Først av alt vil eg takka forfattaren for eit innlegg som løftar fram ei viktig problemstilling, som eg som viserektor ikkje tar lett på. Eg vil også takka førelesaren på samanliknande politikk som syner at vi har undervisarar her ved Universitetet i Bergen (UiB) som tek tak i desse utfordringane. Eg oppmodar alle våre førelesarar til å ta tak i dette dersom det er eit problem på deira emne.
I innlegget får vi høyre om at jenter, i mindre grad enn gutar, tek ordet under førelesningar og seminarundervisning. Dette til tross for at vi veit at jenter jamt over har betre resultat med seg inn i høgare utdanning frå vidaregåande opplæring og dermed burde ha dei beste føresetnadane for å engasjere seg.
Som viserektor for utdanning er eg opptatt av at alle studentar ved UiB skal få best mogleg utbytte av studiane sine. Deltaking i diskusjonar er ein viktig del av dette, og vi må jobbe systematisk for å leggje til rette for og stimulera til deltaking i desse.
Ved UiB jobbar vi aktivt for å bruke fleire digitale verktøy i undervisninga. Ein video der førelesaren løftar fram sentrale problemstillingar i faget vil kunne hjelpe studentane til å førebu seg på å ta del i diskusjonar med medstudentar og undervisar.
Eg trur at nettopp meir studentaktive læringsformer og diskusjonar i mindre grupper vil vera bra, også for å sikre at jenter i større grad deltek i dei faglege
diskusjonane.
Oddrun Samdal
På den nye læringsplattforma «Mitt UiB» er målet at studentane skal kunne delta i diskusjonar gjennom diskusjonsforum (chat-rom) og der undervisar kan komme med viktige innspel til diskusjonen. Vidare vil studentane kunne få tilbakemelding på individuelle tekstar både frå medstudentar og undervisar.
Denne type tilbakemelding på tekstar og diskusjonsinnspel vil kunne vere med å auke kunnskapen om og dermed trua på eigen kompetanse slik at ein også vel og tør å ta del i større plenumsdiskusjonar i dei fysiske undervisningsromma og auditoria.
Eg trur at nettopp meir studentaktive læringsformer og diskusjonar i mindre grupper vil vera bra, også for å sikre at jenter i større grad deltek i dei faglege diskusjonane. Gjennom diskusjonar i små grupper, i forkant av plenumsdiskusjonar, vil vi også kunne legga til rette for meir fokuserte diskusjonar.
Som forfattaren skriv er det studentane sjølve som til sjuande og siste er ansvarlege for si eiga deltaking – og omgrepet «ansvar for eiga læring» er velkjent frå skuleverket og utdanningssektoren. Det skal likevel ikkje vera ei kvilepute og ei ansvarsfråskriving frå oss som utdanningsinstitusjon. Vi skal legge til rette, gjennom å skape trygge rammer og gjennom å ha fokus på undervisnings- og læringsformer som stimulera alle til deltaking, for at ingen skal måtte sitte igjen her ved UiB.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!