Professor i digital kultur, Jill Walker Rettberg, ønskjer ei tettare samarbeid med informatikk og informasjonsvitenskap på UiB. Foto: Njord V. Svendsen

Ønskjer å samle IKT-faga ved Universitetet i Bergen

IKT-fag. Professor i digital kultur, Jill Walker Rettberg, meiner det er på høg tid at IKT-faga ved Universitetet i Bergen samlar kreftene.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det er heilt opplagt at vi treng meir og betre samarbeid. Det er ein god tone mellom dei ulike miljøa, seier Rettberg til På Høyden.

Ei arbeidsgruppe ved Universitetet i Bergen har tilrådd å samle IKT-miljøa ved Universitetet i Bergen (UiB), og då primært informatikk og informasjonsvitenskap. Det siste er i dag ein del av Institutt for medievitskap, medan informatikk ligg under det matematisk-naturvitenskapelege fakultetet. «Men også andre miljøer bør vurderes», heiter det i rapporten.

Digital kultur

Eitt av desse er faget digital kultur, som ligg under Det humanistiske fakultet, og ser særleg på kulturelle, estetiske og etiske sider ved teknologien. Faget har rundt hundre studentar og seks vitskapeleg tilsette.

UiB har ein heilt fantastisk pakke IKT-fag, men vi bruker han ikkje. Til saman representerer digital kultur, informasjonsvitenskap og informatikk ein formidabel ekspertise.

Jill Walker Rettberg

— UiB har ein heilt fantastisk pakke IKT-fag, men vi bruker han ikkje. Til saman representerer digital kultur, informasjonsvitenskap og informatikk ein formidabel ekspertise. Studentane bevegar seg mellom faga, medan forskarane held seg meir til sine båsar. Ei samla lokalisering av IKT-faga kan vere ein spennande måte å utnytte ressursane betre på, seier professor i digital kultur, Jill Walker Rettberg.

Utvikling av tverrfaglege studieprogram er ei hovudmålsetjing med samordning av IKT-faga.

Inn i humaniora

Rettberg er ikkje i tvil om at hennar fagfelt høyrer med i eit framtidig tettare samarbeid, blant anna fordi faga overlappar og grip inn i kvarandre i stadig større grad.

— Kulturelle og etiske dimensjonar blir stadig viktigare, både i dei ulike IKT-faga og i samfunnet generelt. Digitaliseringa femnar om stadig fleire samfunnsområde. Dette må derfor med i ei IKT-utdanning. I regjeringa si humanioramelding frå i fjor er digitale satsingar høgt prioritert. UiB jobbar no med ein eigen humaniorastrategi, og der håper eg digital humaniora kjem med på ein grundig måte, seier ho.

Vil ikkje miste HF

Rettberg ønskjer i utgangspunktet å gå i hus med dei andre IKT-faga, men for henne er det viktig at avstanden til det humanistiske fakultetet (HF) ikkje blir for stor.

— Eg tenker at vi ikkje bør hamne for langt unna HF-fakultetet. Men eg har stor tru på klyngemodellen. Media City ville vere ideell lokalisering for vår del.

Rapporten frå arbeidsgruppa ved UiB, som har vore leia av viserektor Oddrun Samdal, har framheva nettopp Media City som ein ønskeleg stad å samle IKT-faga.

Ingen frist

Rapporten frå «Arbeidsgruppe for sterkere satsing på IKT og digitalisering» var klar alt i 1. oktober 2017, men det er fortsatt høgst usikkert når det kan bli tatt avgjersler om tettare samarbeid og eventuell samling av IKT-faga under same tak. Ei samling av IKT-faga ved UiB har vore debattert i mange år.

— Det er ikkje sett noko frist for når prosessen skal kome i mål, og ingenting er bestemt. Heller ikkje om det i det heile blir ei sams lokalisering. Dette er eit forslag frå arbeidsgruppa. No skal vi få til ein dialog og brei prosess med institutt, fakultet og dei involverte, seier Oddrun Samdal til På Høyden.

-- Det altså lite truleg at det blir tatt nokon avgjersler dette året?

— Det er det vanskeleg å seie noko om, svarar Samdal.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS