Fuglar vart profesjon for bilmekanikaren frå London. No står han på post for norske forskarar.

I fire veker stirer Gary på havet, i vitskapens teneste

Publisert Oppdatert

Den lune britiske humoren ligg alltid på lur, men nokre gonger blir Gary Elton djupt alvorleg.

— Du har dei som trur vitskapen vil løyse alt, det er ganske naivt. Not going to happen, seier Gary og myser mot horisonten.

Vinden har friskna til, sjøen kvitnar. Eit sus kvar gong baugen tar eit jafs av dønningane. Forholda er ikkje dei beste akkurat no. Med tre og ei halv veke igjen av jobben er ikkje det noko problem.

— Havet endrar seg, heile tida endrar havet seg.

Det er på grunn av fuglane han er her, på brua på forskingsskipet «G.O. Sars», ein stad i det austlege Barentshavet. I time etter time, dag etter dag, står han med kikkerten på brua på utkikk etter sjøfuglane. Lunde, alke, havhest, krykkje.

Bortekamp

Han tar eit par minutts pause, må logge seg på det knappe internettet om bord for å spørje sonen heime i England korleis det gjekk på jobbintervjuet. Sonen er ein lovande, profesjonell fotballtrenar. Har jobba i Norwich, Cambridge. Fleire år i Chelsea, der han jobba med dei unge spelarane. No kan han bli ein del av laget til manager Pep Guardiola i Manchester City.

Gary er ikkje sikker på om det er den beste staden å vere.

For fjerde år på rad står ornitolog Gary Elton som fugleobservatør på brua på «G.O. Sars» . Det blir lange dagar.— Men eg kjenner meg heldig som får vere med her, og får lov til å gjere denne jobben, seier han.

Klart, du har pengane. Prestisjen. Men det er noko med rommet du får i dei mindre klubbane. I City blir du meir ein programmert brikke i det store maskineriet. Dessutan vil Gary gjerne ha sonen og barnebarna nær seg, slik dei bur i dag, på andre sida av England.

Gary pratar seg bort.

Den nye fyren

Dette skulle handle om fuglar. Men det er slik det er her oppe på brua, samtalane går litt sikksakk. Fotball. Krig. Vêr. Innimellom sprakar det i VHF’en med meldingar frå Kystradio Nord. P4 er meir permanent. Sjokktilbod på motorsag, avløyst av Pink Floyd. We don’t need no education.

Det er naturlegvis ikkje sant, men det er sant at leia til kunnskapen slett ikkje alltid går gjennom skule og universitet.

Ein dag, då Gary var ni, flytta ein ny fyr inn i nabolaget, i det som den gong var ein landleg del av det nordvestlege London. Fyren var ornitolog. Ikkje lenge etter sprang Gary og dei andre ungane rundt med auga retta mot trea og himmelen. Gary slukte fuglebøker og saug til seg kunnskap om fuglar i den mest lærenæme alderen.

— Du veit, på den tida dreiv vi ungar med alt mogleg rart. Noterte bilnummer. Plutseleg noterte vi fuglenamn i staden.

Han løftar kikkerten. Ser noko der ute i det uendelege. Noterer i eit skjema med gul blyant.

Havhest og folk flest

Det blir mange timar å berre stire på havet.

For nokon finst det ikkje noko betre kjelde til indre ro. Tankar kan få luft under vengene. Men Gary gløymer ikkje at han er på jobb. Frå seks om morgonen til minst seks om kvelden er han på post. Kvart tiande minutt gir mobilen eit signal, og Gary sveiper over horisonten, noterer.

— Det er strengt tatt ikkje så vanskeleg, så lenge du veit kva du ser etter, seier Gary.

Data frå fugleteljinga går til Norsk institutt for naturforsking (NINA) i Tromsø. Under Havforskingsinstituttets årlege tokt i Barentshavtet blir det telt både fugl og kval.

Naturlegvis må du kjenne alle artane i detalj. Du må vere eit hav forbi «ein måse er ein måse»-stadiet. Dessutan må du kunne skilje passerande individ frå det faste følgjet av sildemåsar og havhestar. Dei har for lengst slått seg ned kringom på skipet og sirklar rundt i påvente av sin del av forskingsfangst som med jamne mellomrom blir henta opp frå djupet.

— Eg blir kjent med dei etter kvart, seier Gary.

Etter kvart blir fuglane også kjent med menneska som seglar over fiskebankane. Havhestane glir tett forbi vindauga, kikar inn.

— Dei er smarte, dei kjenner igjen båten, og dei kjem hit fordi dei veit her er noko verd å vente på, seier Gary.

Kamp med vindmøller

Det er fjerde året Gary er med «G.O. Sars» på det store økosystemtoktet. Toktet blir gjennomført årleg i felles regi av Havforskingsinstituttet og det russiske søsterinstituttet i Murmansk. Økosystemtoktet legg grunnlaget for den felles forvaltninga av fiskekvotane i Barentshavet. Havforskarane har fått halde fram samarbeidet med russarane, som ein holme i eit hav av sanksjonar.

Gary, og fugleteljarane på to andre skip Havforskingsinstituttet har på tokt, skal levere observasjonane sine til NINA (Norsk institutt for naturforsking). Summen av data skal hjelpe forskarane til å forstå korleis det står til med sjøfuglane. Som igjen har samanheng med korleis det står til med resten av økosystemet i Barentshavet.

Som har samanheng med korleis det står til på kloden.

— Dersom nokon fortalde meg då eg var ung at eg skulle stå her og observere fuglar på eit norsk skip i Barentshavet , hadde eg ikkje kunne tru på det, seier Gary Elton.

Når Gary ikkje her, jobbar han med andre prosjekt. Fuglemerking, observasjon på oppdrag. For nokre år sidan var han med på å kartlegge områda rundt store delar av Storbritannia i forkant av ei massiv utbygging av vindmøller i havet.

Korleis går det med sjøfuglane der no, etter at øyriket vart omringa av digre propellar?

— I eitt perspektiv er ingen inngrep akseptable. På den andre sida, der vil alltid vere eit kompromiss. Vi lever alle i ein stor, kapitalistisk økonomi. Enten held vi fram med det, eller så skrur vi av lyset, ikkje sant? And that’s just not going to happen. Energien må kome frå ein stad. Vi lagar masse elektriske bilar. Det er litt som med fiskeri. Du kan fiske havet tomt, men vil du at det skal vare, må du setje grenser. Det same gjeld fuglane.

Fly for fugl

Garys interesse for fuglar forsvann aldri, men låg brakk ei tid.

Først då han var godt vaksen, kom lidenskapen tilbake, som eit trekk om våren. Som lagnadsbestemt dukka fuglefyren frå barndommens nabolag opp, 30 år etter. Gary fekk tilbod om halv stilling i firmaet hans, eit reisebyrå som spesialiserte seg på turar for fuglegale britar. Rolls Royce var ikkje lenger det det ein gong var.

Shit happens, men kor lenge vil sjøfuglane skite på skipsvindauga i Barentshavet? — Først no, når vi ikkje lenger kan ta naturen for gitt, har vi oppdaga kva vi er i ferd med å miste, seier Gary Elton.

— Til slutt gav eg slepp og satsa hundre prosent.

Store delar av arbeidstida hans går i dag med til guida turar kringom i verda. Til Europa, Afrika, Latin-Amerika. Det er ein veksande marknad – og eit tviegga sverd, tenker Gary. På den eine sida er det at fleire lærer om dyr og natur bra. På den andre sida er ikkje farting med fly kloden rundt akkurat eit bidrag i klimakampen.

— Då eg var barn, var det ikkje så mange som var interessert i naturen. Først no, når vi ikkje lenger kan ta naturen for gitt, har vi oppdaga kva vi er i ferd med å miste. Før var eg ein nerd. No vil alle snakke med meg om dette når eg går på puben, fortel Gary.

Suddenly it’s become cool. Eg tar popstjerner med på fugletur!

Pulsen

I fire veker stirer han på havet, ein vitskapens fotsoldat, eller kanskje snarare matros. Ikkje misforstå, han meiner forskarane og vitskapen er avgjerande for fuglane, ja, naturen. Det som er igjen. Elles hadde han ikkje stått her og telt og notert.

— Eg opplever at eg bidrar på mitt vesle vis. Dessutan har eg barnebarn. Eg bryr meg.

Gary slit med å vere optimist på vegne av fuglane, og oss andre. Interessa og kunnskapen er større hos mange, trur Gary, men naturen er likevel fjernare for fleire enn før.

— Vil vi vakne tidsnok og vere i stand til å handle? Eg veit ikkje.

Gary Elton var mekanikar for Rolls Royce i London. I to år var han testsjåfør for Lamborghini , Bentley, BMW og Rolls Royce. Så tok fuglane over. No bur han i Norfolk i det nordvestlege England og lengtar aldri tilbake til storbyen.

Havet endrar seg. Ting endrar seg, heile tida.

Sonen melder at jobbintervjuet i Manchester gjekk bra. Om nokre dagar får han vite om han får jobben. Gary løftar kikkerten.

Han tenker mykje på dei, barnebarna.

— Dei veit ikkje at då eg var liten, var fuglane tre gonger så mange. Men neste generasjon er håpet. Dét skal vi ikkje miste.

Powered by Labrador CMS