Han skal samle fusjons-studentar på Vestlandet

Tidlegare leiar i Norsk studentorganisasjon, Kim Kantardjiev, har fått i oppgåve å samle studentdemokratia på Vestlandet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Han jobbar til dagleg som rådgivar innan utgreiing og analyse i Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen), men var leiar for Norsk studentorganisasjon frå 2011 til 2012.

Kim Kantardjiev er også leiar av utdanningspolitisk forum i Oslo Arbeiderparti, og skal no leie ein komité som skal finne den framtidige strukturen på studentdemokratiet ved Høgskulen på Vestlandet, skriv studentavisa Kontrast1.no, gjengitt i På Høyden.

— Ein er nøydd til å starte arbeidet heilt frå skrætsj. Så langt er alt ope, utover at ein på eit eller anna vis må sikre representasjon frå ulike campusar, seier Kantardjiev  (biletet) til På Høyden.

(Foto: NSO)

Eg reknar med at oppdraget berre blir moro-samt.

Kim Kantardjiev

Han har nett tatt fatt på jobben, og har ikkje oversikt for heile ramma rundt arbeidet enno.

— Vi har som mål å vere ferdig til slutten av februar 2017, fortel Kantardjiev.

I dag finst det eitt studentparlamentet på kva av dei tre høgskulane Stord/Haugesund, Bergen og Sogn og Fjordane, men prosessen Kantardjiev leier vil samle dei tre til eitt.

— Ambisjonen er raskast muleg å få til eit velfungerande studentdemokrati. Mi rolle er berre å vere fasilitator, og eg reknar med at oppdraget berre blir morosamt.

Jobben med studentdemokratiet er noko Kantardjiev vil gjere på fritida, i tillegg til sin vanlege jobb i Nokut.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS