Frå utdanninga for yrkesfaglærarar på OsloMet. Foto: HiOA/OsloMet
Frå utdanninga for yrkesfaglærarar på OsloMet. Foto: HiOA/OsloMet

Glad for det nye valfaget Praktisk handverksfag

Yrkesfag. Det er gledeleg og på sin plass at praktiske fag får ein større plass i obligatorisk grunnskule, skriv ansatte ved Høgskulen på Vestlandet i høyringsinnspel til det nye valfaget Praktisk handverksfag .

Publisert   Sist oppdatert

Det blir stadig varsla, mellom anna frå Regjeringa (Regjeringen, 2018), Statistisk sentralbyrå (SSB, 2013) og næringslivets hovudorganisasjon (NHO, 2015) at Noreg treng fleire fagarbeidarar. Dessutan viser store mengder forsking at kombinasjonen av praktiske og teoretiske tilnærmingar motiverer, perspektiverer, genererer forståing og innsikt, ansvarleggjer, aktiverer innovasjonsprosessar, demokratiserer og byggjer identitet, med meir (mellom anna Säljö, 2001, Schön 1987, Dewey 1997, Hestholm 2008 og 2017). I ljos av dette og formålsparagrafen (Opplæringslova) er det gledeleg og på sin plass at praktiske fag får ein større plass i obligatorisk grunnskule.

Elevane må få praktisk meistringstru gjennom konkrete arbeidsoppgåver.
Tilsette på Høgskulen på Vestlandet

Vi les i skissa til læreplanen at det å kunne lese, å kunne uttrykke seg munnleg og å kunne rekne skal vere grunnleggande dugleikar i faget. For oss er det imperativt at eit nytt praktisk fag i grunnskulen må nyttast til praksis. Elevane må få praktisk meistringstru gjennom konkrete arbeidsoppgåver.

Fakta

Kjelder

Bakken, Anders, Marianne Dæhlen og Ingrid Smette (2013). Forsøk med arbeidslivsfag på

Ungdomstrinnet. Sluttrapport fra en følgeevaluering. Rapport 11/2013. Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring, NOVA

Dewey, John (1916). Democracy and Education: An Introduction to the Philosophy of

Education. New York: Macmillan.

Dewey, John (1997). Demokrati och utbildning. Göteborg: Bokförlaget Daidalos AB

Hestholm, Grethe Nina (2008): ”Jeg holder vel ut.” Kritikk av grunnskulens teoretiske

kunnskapsideal. I: Norsk Pedagogisk Tidsskrift nr. 1/2008.

Hestholm, Grethe Nina (2016): ”Arbeidslivsfaget – til gagn eller skade for yrkesfaga?”, i

Utdanning, 29. jan. 2016, s. 52 - 55

Hestholm, Grethe Nina. Kritiske refleksjonar om praksiskunnskapens stilling i det

obligatoriske grunnskuleløpet – Ein fenomenologisk analyse av møtet mellom pensum og elev. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, [S.l.], v. 3, n. 1, dec. 2017. ISSN 2387-5739. Available at: <https://pedagogikkogkritikk.no/index.php/ntpk/article/view/503>. Date accessed: 30 oct. 2018. doi: https://doi.org/10.23865/ntpk.v3.503.

Kunnskapsdepartementet (2014). Lærerløftet. På lag for kunnskapsskolen. Henta

26.06.2018. https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kd/vedlegg/planer/kd_strategiskole_web.pdf

NHO (2015). Tilgjengeleg pr. 30.09.15 på: https://www.nho.no/Politikk-og-analyse/kompetansebarometer/stort-behov-for-fagarbeidere/

Opplæringslova. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Tilgjengeleg pr. 25.10.2015 på: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61#KAPITTEL_1

Regjeringen (2018). Yrkesfag. Henta 30.10.2018.

(https://www.regjeringen.no/no/tema/utdanning/grunnopplaring/innsiktsartikler/yrkesfagloftet/id2466567/

Schön, Donald (1987). Educating the reflective practitioner. San Francisco: Jossey Bass

Publishers.

Säljö, Roger (2001). Læring i praksis. Et sosiokulturelt perspektiv. Oslo: J. W. Cappelens

forlag a.s

SSB (2013): Tilgjengeleg pr. 30.09.15 på: http://ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/forecasting-demand-and-supply-of-labour-by-educationStortinget (2015). Tilgjengeleg pr. 30.09.15 på http://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2014-2015/inns-201415-271/#a1

Utdanningsnytt.no. 2017. „Lærere i praktisk-estetiske fag får ekstra midler til

Videreutdanning“. Henta 26. June 2018. https://www.utdanningsnytt.no/nyheter/2017/januar/larere-i-praktisk-estiske-fag-far-ekstra-midler-til-videreutdanning/

Vidare meiner vi at dette er noko som må kome alle elevar til gode; det nye praktiske handverksfaget må ikkje bli eit valfag, men eit obligatorisk fag for alle elevar. Oppfatninga byggjer bl.a. på evalueringsrapportane frå det samanliknbare valfaget Arbeidslivsfaget som viste at elevar med relativt svake skulefaglige prestasjonar klart var overrepresenterte- og at nokre var plasserte i faget utan å ha valt det sjølv (Bakken, Dæhlen og Smette, 2013, s. 9 og 12). I tillegg får elevar som tar Arbeidslivsfaget mindre valfridom dersom dei seinare ynskjer å gå studiespesialiserande. Dette har gjort at Arbeidslivsfaget blir eit uaktuelt fag for mange kvalifiseringsorienterte ungdomar og deira foreldre (Hestholm, 2016). Blir det nye Praktiske handverksfaget eit valfag er det fare for at det på same måte vil stå som ein markør på det kunnskapskulturelle skillet mellom utdanningsambisiøs- versus teoritrøytt ungdom. Dette vil verken gagne statusen eller rekrutteringa til yrkesfaga.

Det er høgt fråfall i vidaregåande skule, og gjennomføringsgraden har nesten vore uendra sidan reform 94 vart innført. Det har vore brukt mange midlar på reperasjon, men mange av tiltaka kjem seint. Grunnane til fråfallet i vidaregåande skule er samansett, men noko handlar om at elevane ikkje er godt nok førebudde. At dei har låg kompetanse i faga norsk, matematikk, engelsk og naturfag er kjent, men at dei også har også låg kompetanse i dei praktiske faga får mindre merksemd. Utviklinga frå bondesamfunn via industrisamfunn til informasjons- og servicesamfunn har bl.a. ført til at skulen står med hovudansvaret for kunnskapsformidlinga. Men den obligatoriske 10-årige grunnskulen har manifestert seg som ein formidlar av den proposisjonale, deklarative kunnskapen, dvs. den eine sida av den epistemologiske dualismen praksis - teori. Elevane får ikkje trent seg i særleg stor grad på praktisk arbeid og bruk av ulike typar verkty.

Vi meiner at ein einskapsskule som inkluderer eit meir representativt utval av dei kunnskapane og metodane som finst samfunnet, og som byggjer på innsiktene om vår heilskapelege måte å orientere og integrere oss i verda på (Dewey, 1916) vil gjere behovet for differensiert opplæring mindre, fordi elevane vil finne fleire knytepunkt til sine potensial. Som obligatorisk fag kan Praktisk handverksfag synleggjere og løfte yrkesfaga for nye elevkulturar. For det er avgjerande å sikre at alle elevar, også dei som meistrar dei tradisjonelle skulekrava, får møte eit rikare felt av kunnskapsformar, for å bli kyndig, orientert og kreativ, for å utvikle eit tolerant og demokratisk sinnelag og for kunne å ta eit meir kvalifisert utdanningsval. For praksis er ikkje berre ein ny bit av eit allereie etablert forståingssystem. Med praktiske erfaringar åpnar det seg ein grunnleggande annan kunnskapsrasjonalitet – ein kunnskapsrasjonalitet som er avgjerande for individet for å forstå seg sjølv som medskapar av verda (jf. bl.a. Dewey, 1916).

Rapportane frå Arbeidslivsfaget viser også at dei fleste ungdomsskulelærarar ikkje er kvalifiserte til å undervise i faget. Dette er ikkje særleg overraskande, for med Arbeidslivsfaget vart det introdusert kunnskapstradisjonar som hittil hadde vore svakt representerte i obligatorisk skule. Dei såkalla praktisk-estetiske faga utgjer ca. 25 %, av timetalet, men den reelle prosenten brukt til praktiske arbeidsmåtar er langt lågare, fordi dei praktiske faga har blitt meir teoretiske. 54 % av lærarane i mat og helse, og 44 % av lærarane i kunst og handverk har dessutan null studiepoeng i desse faga, og det er heller ikkje krav om det (Kunnskapsdepartementet 2014; Utdanningsnytt.no, 2017). Skal Praktisk handverksfag implementerast i obligatorisk grunnutdanning, må det forvaltast av lærarar som er kvalifiserte til å formidle kunnskapen som den faktisk er. I denne samanhengen bør det opnast opp for meir samarbeid og ulike samarbeidsformer mellom lærarar i ungdomsskulen og særleg yrkesfaglærarar i vidaregåande skule.

Eit Praktisk handverksfag vil også krevje andre fasilitetar enn det ein finn i eit standard klasserom. I den nemnde evalueringsrapporten står det at undervisninga i Arbeidslivsfaget hovudsakelig hadde føregått i skulebygningane. Nesten halvparten av lærarane vurderte at tilgangen til- og kvaliteten på lokala ikkje var tilfredsstillande, og at dette utgjorde ein utfordring for kvaliteten på undervisninga (Bakken, Dæhlen og Smette 2013, s.13).

Våre innspel oppsummerte: Skal praktiske fag implementerast i obligatorisk skule må det skje ein kunnskapskulturell reorientering og reorganisering i ein institusjon kor abstrakte tilnærmingar hittil har hatt den dominerande plassen; 1) eigna lokale må skaffast, innreiast, eller leigast, 2) kvalifisert lærarpersonale må sikrast, samarbeid med yrkesfaglærarar og eventuelt kompetanse frå lokalt næringsliv må etablerast og 3) faget må gjerast obligatorisk for alle elevar.

Venleg helsing

Grethe Nina Hestholm, Gisle Heimly, Valborg Kløve-Graue, Janne Halvorsen Kleppe, Helge Atle Harkestad, Kjersti Hovland, Øyvind Glosvik, Ann Karin Sandal, Åse Norunn Nedrebø Bruvik, Elisabeth Bakke, Dorthea Sekkingstad, Anne Kristin Rønsen, Linda Sophie Skugstad, Egil Eide og Njål Vidar Traavik,

- tilsette ved praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarar (PPU-Y) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).