Smitte i vest

HVL må stenge ned delar av campus i Haugesund

Smittesituasjonen i byen på Haugalandet gjer at kommunen innfører strenge tiltak. — Fatt mot og hald ut, det blir bedre, seier rektor Gunnar Yttri.

Studentane vil berre få tilgang til bibliotek og lesesalar på Høgskulen i Vestlandet sin campus i Haugesund ei stund framover, etter at kommunen har vedteke å stenge ned det meste på campus.
Studentane vil berre få tilgang til bibliotek og lesesalar på Høgskulen i Vestlandet sin campus i Haugesund ei stund framover, etter at kommunen har vedteke å stenge ned det meste på campus.
Publisert

Heile sju kommuner på Haugalandet stenger ned store delar av samfunnet grunna smittesituasjonen i området, skriv NRK.

Det er totalt registrert 15 nye smittetilfelle i Haugesund onsdag kveld, melder Haugesunds avis.

Haugesund kommune har i kveld vedteke å også stenge både høgskular og fagskular, som følgje av situasjonen.

Tiltaket gjeld frå natt til fredag og til og med 26. mars, skriv Haugesunds avis.

Dette råkar Høgskulen på Vestlandet (HVL), som har campus i Haugesund.

Annonse

BLI VARSLET
OM SISTE NYTT

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-

BLI VARSLET OM SISTE NYTTLast ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg-

— Fatt mot og hald ut

Rektor Gunnar Yttri fortel at kvardagen vil sjå annleis ut for både studentar og tilsette frå fredag av.

— Det blir digital undervisning og tilsette må jobbe på heimekontor så langt det er praktisk mogleg, seier Yttri til Khrono.

Men det blir ikkje ei fullstendig nedstenging av campus.

— Kantina må vi stenge ned igjen, men studentane kan med sine nøkkelkort ta i bruk bibliotek og lesesalar. Det er eg veldig glad for. Og etter det vi har fått greie på til no, så vil praksis kunne gå sin gang som planlagt, seier Yttri.

Det blir digital undervisning og heimekontor så l angt det lét seg gjere, varslar rektor Gunnar Yttri.
Det blir digital undervisning og heimekontor så l angt det lét seg gjere, varslar rektor Gunnar Yttri.

HVL-rektoren meiner Haugesund kommune har gjort gode vurderingar og seier høgskulen har ein god dialog med kommunen.

— Kva ønskjer du å seie til studentar og tilsette i Haugesund no?

— I dag hadde styret ved HVL møte og då takka styret studentar og tilsette for innsatsen i 2020 og for det som no skjer i 2021. Vi ser at det dei gjer er å legge ned ein ekstraordinær innsats. Dei skal vite at dei er sett og at vi har forståing for at det er heilt spesielle vilkår, seier Yttri og legg til:

— Fatt mot og hald ut, det blir bedre.

Stenger også kraner og treningssenter

I forskrifta som Haugesund bystyre vedtok i kveld, står det:

«Universiteter, høyskoler, videregående skoler og fagskoler skal holde sine lokaler stengt for elever og studenter slik at undervisningen skjer digitalt...

Institusjonene kan gjøre unntak fra kravet i første ledd dersom tilgang til lokalene er avgjørende for studenter som er avhengig av forsøk eller ferdighetstrening som ikke kan gjennomføres digitalt, og det er nødvendig for å opprettholde progresjonen i studiet. Dette gjelder ikke studieforbund og Kompetanse pluss.»

I tillegg til å stenge høgskular, fagskular og vidaregåande skular, så stenger dei også kranene.

Det blir full sjenkestopp og både treningssenter, svømmehallar, museum og offentlege kulturinstitusjonar stenger dørene.

Dei sju kommunene som no set inn kraftige tiltak er Haugesund, Karmøy, Tysvær, Sveio, Bokn, Utsira og Vindafjord.

Powered by Labrador CMS