Seniorforskar og lab-leiar, Bjarne Bergsjø, undersøker ei tarmprøve frå ein av dei obduserte hundane. På dette brettet ligg bakterien <i>Providencia alcalifaciens. </i>Foto: Ketil Blom Haugstulen.
Seniorforskar og lab-leiar, Bjarne Bergsjø, undersøker ei tarmprøve frå ein av dei obduserte hundane. På dette brettet ligg bakterien Providencia alcalifaciens. Foto: Ketil Blom Haugstulen.

Hundekrisa i Noreg: Desse forskarane prøver å løyse gåta

Hundesjukdom. Forskarar ved Veterinærinstituttet, NMBU Veterinærhøgskulen og Mattilsynet jobbar på spreng for å finne årsaka til den mystiske og akutte sjukdommen som har råka over hundre hundar i landet.

Publisert   Sist oppdatert

Korleis skundar ein seg sakte, medan heile Hunde-Noreg sit nervøst, fortvilt og rådvilt og ventar på svar? Fleire forskarar leiter no etter svar under ei pågåande krise, der utsette hundar døyr i løpet av 24 timar. Khrono møter nokre av forskarane mellom slaga.

Kvardagen vart endevend og dette vart brått eit relevant spørsmål å stille til leiar for Seksjon for høgrisikoagens og patologi, Kristian Hoel, og hans kollegaer ved Veterinærinstituttet. Mattilsynet melder at 27 hundar så langt har døydd etter å ha hatt blodig diaré. Det er meldt inn sjukdomstilfelle i 17 av 18 fylke, men flest er varsla inn i Oslo-området. Det viktigaste funnet i dei 12 hundane som Veterinærinstituttet så langt har obdusert er blodig betennelse i tarmen.

Men kva det er hundane eigentleg døyr av er framleis uvisst. Likeins kvar det er den eventuelle smitta kjem frå.

Nye roller som etterforskarar

Tysdag kl. 11.04: Ein hund frå Sogn og Fjordane obdusert. Meldingar om eitt nytt sjukdomstilfelle i Østfold.

Alarmen gjekk for seks dagar sidan denne regntunge dagen vi møter Kristian Hoel i resepsjonen til Veterinærinstituttet i hovudstaden. Han verkar roleg og fatta i ein elles kaotisk situasjon.

— Vi jobbar systematisk med å avdekke moglege årsaker, medan vi leiter etter svar. Vi har brått fått nye roller som etterforskarar, eigentleg inga uvanleg rolle for veterinærar som driv med diagnostikk, men medietrykket er i denne saka annleis og vi opplever det litt som om vi skulle ha jobba i politiet, seier Hoel.

— Det er som å pløye ny mark. Vi har lite kunnskapsgrunnlag å bygge på, seier leiar for Seksjon for høgrisikoagens og patologi, Kristian Hoel. Foto: Ketil Blom Haugstulen.
— Det er som å pløye ny mark. Vi har lite kunnskapsgrunnlag å bygge på, seier leiar for Seksjon for høgrisikoagens og patologi, Kristian Hoel. Foto: Ketil Blom Haugstulen.

Vi blir tekne med til obduksjonssalen. På med kvite frakkar og blå eingongsvern i plastikk som vi trer over skorne. Og streng beskjed om å ikkje røre noko. Den sterke lukta av død møter oss med det same vi opnar døra til salen. På obduksjonsbenkane ligg dyr av ulike slag i rekke og rad med open buk. Ein gris, to kaninar, ein katt og lengst bak, ein hund.

Veterinær og patolog Helene Wisløff står bøygd over den eine kaninen og tek prøver. Det er så hektisk at ho er nøydd å halde fram med arbeidet samstundes som ho pratar med oss.

— Det er jo veldig spennande reint fagleg å prøve å finne ut kva som er årsaka til at alle desse hundane døyr så brått. Diaré er jo ikkje unormalt, men det at dei døyr innan 24 timar er spesielt. Vi håper vi finn svaret snart, seier Wisløff.

Kan utelukke fleire moglege årsaker

Etter fleire undersøkingar har forskarane ved Veterinærinstituttet og NMBU Veterinærhøgskulen, saman med veterinærane frå Mattilsynet, klart å luke ut salmonella, rottegift, algeforgifting, miltbrann, flåttborne sjukdommar og harepest som moglege årsaker til sjukdomstilfella.

Dei søker framleis breitt etter årsakene. Kanskje er det andre virus, bakteriar, sopp, parasittar eller ein ekstrem sesongssjukdom som kan ha ført til den alvorlege tarminfeksjonen som ser ut til å råke fleire hundar dag for dag. Veterinærinstituttet venter svar på fleire prøver som er sendt rundt om i landet og over landegrensene.

Overingeniør Ingunn Ruud (t.v.) og patolog Helene Wisløff obduserer og tek prøver av ulike dyreslag som ligg på rekke og rad på benkane. Foto: Ketil Blom Haugstulen.
Overingeniør Ingunn Ruud (t.v.) og patolog Helene Wisløff obduserer og tek prøver av ulike dyreslag som ligg på rekke og rad på benkane. Foto: Ketil Blom Haugstulen.

Sjølv om denne mystiske hundesjukdommen for samfunnet kan opplevast som ein svært kaotisk situasjon, er denne type diagnostikk av sjukdom hjå dyr ein del av kvardagen og beredskapen ved Veterinærinstituttet. Men forskarane står ovanfor ein ny type sjukdomsutvikling og det vil heilt opplagt føre til ny forsking både ved Veterinærinstituttet, NMBU Veterinærhøgskulen og andre forskingsmiljø i inn- og utland, opplyser kommunikasjonsdirektør Asle Haukaas.

I denne saka har informasjonsbehovet frå publikum og mediatrykket vore enormt, både nasjonalt og internasjonalt, og det er noko nytt, fortel Wisløff og kollega, overingeniør Ingunn Ruud.

— Då eg var ute for å røyste (ved kommune- og fylkestingsvalet red. anm) kom folk som hadde sett meg i media bort for å spørje om eg hadde fleire svar. Men vi har jo ikkje det, seier Ruud.

— Ja, og vi får tilsendt enormt med tips frå folk, både privat og til Veterinærinstituttet sitt sentralbord, seier Wisløff.

Seniorforskar Bjarne Bergsjø viser fram prøvene der ein har påvist stavbakterien <i>Providencia alcalifaciens</i>. Foto: Ketil Blom Haugstulen
Seniorforskar Bjarne Bergsjø viser fram prøvene der ein har påvist stavbakterien Providencia alcalifaciens. Foto: Ketil Blom Haugstulen

To bakteriar skil seg ut

Det er få fellestrekk mellom dei ulike hundane som har blitt sjuke når det kjem til alder, rase, fôring, kontakt med andre hundar, turområde og liknande. Men noko dei fleste har til felles er funn av desse to bakteriane: Providencia alcalifaciens og Clostridium perfringens.

Sjølv om dette er eit spor forskarane ettergår spesielt, så kan dei likevel ikkje stadfeste at desse to bakteriane er årsaka til sjukdomen. For korrelasjon medfører ikkje nødvendigvis kausalitet, som det heiter i statistisk analyse.

Seksjonsleiar Kristian Hoel tek oss med til det bakteriologiske laboratoriet — dit fleire av prøvene frå obduksjonssalen vert sende. Vi må vente fleire minutt på gangen før vi får kome inn. Nye kvite frakkar på. Her møter vi seniorforskar og sjef for laben, Bjarne Bergsjø. Vi får følgje han medan han jobbar, for han har eigentleg ikkje tid til å prate med oss. Men engasjementet og interessa for faget skin gjennom og han tek seg tid til å setje oss inn i biologien.

Her står fleire av prøvene frå dei obduserte hundane over natta i 37,5 grader, slik at bakteriane skal vekse. Foto: Ketil Blom Hausgstulen
Her står fleire av prøvene frå dei obduserte hundane over natta i 37,5 grader, slik at bakteriane skal vekse. Foto: Ketil Blom Hausgstulen

— Providencia er ein stavbakterie som er lite beskriven i litteraturen. Han dukkar opp i prøver frå sjuke dyr om lag kvart tredje år. Det vi har med å gjere no må vere ein av dei meir hissige stammane av bakterien, viss han no er årsaka, seier Bergsjø.

For dei trur at Providencia-bakterien finst naturleg i også friske hundar. Spørsmålet er i kor store mengder, for det vert jo sjeldan sjekka. Dei ser også på samspelet mellom Provdencia-bakterien og Clostridium perfringens. Providencia kan vere den som byrjar å skape endringar i tarmen hjå hundane, medan Clostridium kan forverre situasjonen då den kan vekse raskt i blodet i tarmen og utvikle giftstoff, opplyser Bergsjø.

Ei avgjerande bacheloroppgåve

Etterkvart er Bergsjø nøydd å kome seg tilbake til arbeidet. Ein kollega må ha hjelp til noko som hasta. Men han rakk å seie dette:

— Det var eit liknande tilfelle i 2005, men heller ikkje den gongen vart det klart kvar Providencia-bakterien kom i frå.

Ei bacheloroppgåve frå 2006 skriven av to studentar ved NMBU Veterinærhøgskulen viser seg no å bli sentral i søket etter svar, skriv Aftenposten. Bergsjø var sensor og hadde ho framleis liggande på hylla. I 2005 og 2006 vart det oppdaga 12 tilfelle i Noreg der hundar vart sjuke med blodig diaré. To døydde over dei to åra. Alle tilfella vart registrerte på hausten, slik som no. Og det viste seg at også den gongen var alle smitta av Providencia alcalifaciens. Forfattarane konkluderte med at bakterien kunne vere årsaka til hundediareen.

Leiar for bakteriologisk laboratorium, Bjarne Bergsjø, undersøker korleis bakteriane oppfører seg gjennom mikroskopet. Foto: Ketil Blom Haugstulen
Leiar for bakteriologisk laboratorium, Bjarne Bergsjø, undersøker korleis bakteriane oppfører seg gjennom mikroskopet. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Onsdag og torsdag: Ein hund registrert død. Meldingar om totalt 13 nye sjukdomstilfelle i Oslo, Telemark, Vest-Agder, Nordland og Finnmark, Troms, Trøndelag, Buskerud og Vestfold.

Det er ikkje berre tids-, media- og informasjonspress som har gjort denne unike forskingssituasjonen utfordrande. Mangel på helsedata på hund og manglande forsking på kjæledyr kompliserer det heile ytterlegare. For korleis ser bakteriefloraen ut i ein frisk hund i forhold til ein sjuk ein?

— Det er som å pløye ny mark. Vi har lite kunnskapsgrunnlag å bygge på, seier seksjonsleiar Kristian Hoel.

Det vert bevilga lite pengar til forsking på kjæledyr, fortel Hoel. Dei største summane ligg i forsking på produksjonsdyr som oppdrettsfisk, gris, kyr og sauer.

— Men heile denne situasjonen viser jo at det er allmenn interesse for dette. Kanskje det bør forskast meir på? spør Hoel.

Han meiner ein kunne ha prioritert å lyse ut forskingsmidlar for å forske meir sports- og familiedyr og då til dømes hundar.

Det vesle ein veit om både friske og sjuke hundar vert heller ikkje samla på ei felles plattform. Hoel meiner det har med å gjere at ingen ynskjer å betale for det.

Men denne veka kom det fram at DyreID, eit selskap under Den norske veterinærforeininga, i 12 år har jobba med å få på plass eit helseregister, ifølgje NRK. Frå 1. oktober skal om lag 300 dyresjukehus vere meldt inn registeret. Noreg vil med det vere det første landet i verda til å få eit slikt register for kjæledyr.

Kanskje kan eit slikt register avhjelpe forskarane ved neste krise?

Fredag kl. 11.26: Melding om ein hund som har liknande symptom på sjukdom. Tilfellet er frå Vestfold.

Til info: Fleire hundar skal obduserast dei komande dagane, i tillegg skal meir av prøvemateriale frå sjuke hundar bli analysert, opplyser Mattilsynet. Norsk kennel klub har innstilt alle arrangement til og med måndag den 16. september.