20110816 Semesterstart ved Universitetet i Tromsø. bilder fra åpningen og inne på Helsefak. Foto: Jon Terje Hellgren Hansen Foto: Jon Terje Hellgren Hansen
20110816 Semesterstart ved Universitetet i Tromsø. bilder fra åpningen og inne på Helsefak. Foto: Jon Terje Hellgren Hansen Foto: Jon Terje Hellgren Hansen

Språkfag og kost/nytte-analysar

Mange viktige og gode moment om nedlegging av studieprogram ved UiT Noregs arktiske universitet har vore løfta fram, men enno finst det fleire, skriv professor, Øystein A. Vangsnes.

Publisert   Sist oppdatert

Den siste veka har det vore ein straum av kristiske ytringar om rapporten frå Strategisk utdanningsutval om nedleggjing av studieprogram ved UiT Noregs arktiske universitet. Mange viktige og gode moment har vore løfta fram, men enno finst det fleire. At Noreg og Nord-Noreg har større behov for framandspråkskompetanse enn ein er klar over, er eitt. At Strategisk utdanningsutval har unnlatt å gjennomføra ein god heilskapleg analyse, er eit anna.

Se også: Få med deg alle saker og innlegg om studiekuttene i Tromsø

I Storbritannia har fleire rapportar dei siste åra peikt på at manglande språkkunnskapar kostar den britiske økonomien enorme summar. Estimata varierer, men ein rapport frå 2014, utarbeidd for den britiske regjeringa, kjem fram til at kostnaden er 48 milliardar GPBårleg, altså drygt 480 milliardar NOK. Det tilsvarar 3,5 prosent av britanes BNP

Tilsvarande djuptpløyande analysar er ikkje gjort i Noreg, men det er ingen grunn til å tru at ikkje manglande framandspråkskompetanse (ut over engelsk) også kostar norsk næringsliv betydelege summar. Og sjølv om medvitet om dette er lågt i den norske offentlegheita, vert den medvitne etterspurnaden etter språkkompetanse stundom undersøkt: NHOs kompetansebarometer frå 2014 slår t.d. fast at meir språkkompetanse er ønskt blant medlemsbedriftene deira.

UiT kan velja å setja seg fullstendig utanfor ein slik diskurs. Ved å leggja ned studieprogram i ulike språkfag kan UiT signalisera at institusjonen ikkje ønskjer å ta noko ansvar for å gi borgarane kompetanse på eit område som det norske – og nordnorske – samfunnet treng. Kost/nytte-tankegangen til Strategisk utdanningsutval ser på dette området ikkje ut over dei instrumentalistiske rammene som gjeld institusjonens eigne finansar – med påstandar om studiekvalitet som alibi. 

Det inngår i eit større bilete der lærarutdanning og pedagogikk utøver eit enormt press på dei små humanistiske faga.

Øystein A. Vangsnes
Professor nordisk språkvitskap, Institutt for språk og kultur, UiT

Eit av fleire problem i denne saka er følgjande: Svak rekruttering til språkfag blir ikkje møtt med ei satsing på språkfag slik vi det siste tiåret har sett ei satsing på realfag når rekrutteringa til realfag har svikta. Der ein på visse område går inn for å styra ungdommars studieval ut frå kompetanse ein meiner samfunnet treng, unnlet ein altså å gjera det på andre og let i staden ungdommars studieval styra rigginga av den faglege verksemda i høgare utdanning. Kvifor er det slik? Kvifor ser ein aldri ei språksatsing når det heilt klart trengst?

Strategisk utdanningsutval har for øvrig gjort det lett for seg ved å fullstendig sjå bort frå dei studieprogramma som statistisk sett har god studentrekruttering. Ein god heilskapleg analyse av studieporteføljen burde ha teke føre seg alle studia. Ved HSL-fak er til dømes pedagogikk det faget som har desidert flest studentar på sitt BA-program. Det er ei utdanning som ikkje gir kompetanse til å undervisa i skulen, og sjølv om eit slikt program nok gir klingande mynt i UiT-kassa, kan ein spørja seg om det har stor samfunnsnyttig verdi å uteksaminera store mengder kandidatar med nett den kompetansen. Kva gjer det med (nord-)norsk arbeidsliv? 

Eksempelet er ikkje tilfeldig valt. Det inngår i eit større bilete der lærarutdanning og pedagogikk utøver eit enormt press på dei små humanistiske faga. Det er no på tide at vi får ein grundig diskusjon om det presset sidan det heilt openbert rører ved grunnleggjande sider ved kva for slags institusjon UiT ønskjer å vera.